Hausten 2023 stilte kommunalsjefen til eit orienteringsmøte om Dalsfjord skule der han freda skulen. Dalsfjord skule vart løfta fram som ein viktig del av kommunens beredskap, som særleg kom til syne i ei tid da kommunen tok i mot eit stort antal flyktningar. Knappe to år seinare er situasjonen snudd på hovudet, og kommunalsjefen meiner nå det vil gå utover færrast barn i kommunen dersom ein legg ned heile Dalsfjord skule: «Dei fleste vil få plass på Øyra skule».
Som forelder er det vanskeleg å ikkje reagere emosjonelt. Vi snakkar om å rykkje opp barn med rota, pålegge dei godt over ein times reiseveg til skulen med både buss og ferje, splitte kull og klasser og skape ein enda meir krevjande situasjon for oss som av ulike grunnar har valt å busetja oss utanfor kommunesenteret. Mot slutten av dette året vil vi ha nær 40 barn under skulealder i Dalsfjorden, og fleire er på veg. Vi er eit lokalsamfunn i vekst, og fleire unge ønsker å etablere seg her. Dette er ikkje tida for å gje opp Dalsfjorden.
Det er ingen tvil om at norske kommunar har store utfordringar knytt til økonomien i åra som kjem, og i både distrikt og by vil ein måtte gjera grep i skulestrukturen. Såleis er det naturleg at Volda kommune vil diskutere om det er mogleg å legge ned Dalsfjord skule, eller andre skular i kommunen, for den saks skuld. Volda kommune har spreidd busetnad, med lange fjordar, ferjer og tuneller mellom bygdene. Det er klart at det legg press på ein trong kommuneøkonomi. Spørsmålet er om innsparinga vil svare seg økonomisk, og om det vil vera verd prisen barna, familiane og lokalsamfunna vil måtte betale.
Ved Dalsfjord skule er elevane hovudsakleg delt i tre klasser: 1.–4. klasse, 5.–7. klasse og 8.–10. klasse. Elevane er van med å gå saman med yngre og eldre barn, og har jamleg aktivitetar og prosjekt på tvers av heile skulen. Ein fådelt skule er dyr i drift, men det er også verdiar å hente som ikkje kan reknast i kroner og øre. Ein trygg skulekvardag i eit moderne skulebygg med kompetente og engasjerte lærarar gjev robuste og kunnskapsrike barn som meistrar både skule og liv. Ved ei eventuell nedlegging vil klassene bli splitta og fordelt på fleire skular, for sentrumsskulane har ikkje plass til alle. I Dalsfjorden har vi to barneskular, og sjølv om foreldra ønsker og arbeider for at barna skal leike på tvers av desse, ser ein kor stor rolle barneskulen spelar for barn når det gjeld relasjonar og vennskap. Kva skjer når ungane i Dalsfjorden skal gå på 2–3 ulike skular og korleis vil det påverke deira sosiale liv? For nokre vil det sikkert gå heilt fint, men løftar ein blikket og ser på statistikken knytt til psykisk helse blant barn og unge er det nok til å miste nattesøvnen av. For det kan like gjerne vera dei mest ressurssterke og livsglade barna som utviklar angst og ufrivillig skulefråvær.
Både FNs barnekonvensjon og Opplæringslova slår fast at «ved handlingar og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven, vere eit grunnleggjande omsyn» (§ 10-1). Dette blir ofte omtala som «barnets beste». Barnekonvensjonen og lova sikrar også elevane sin rett til å ytre seg fritt, medverke og bli høyrt (§ 10-2). Saman med barnets beste, er særleg artikkel 31 i FNs barnekonvensjon verd å merke seg for kommuneadministrasjonen og politikarane. Han gir alle barn rett til kvile, fritid og leik og ta del i kunst og kulturliv. Å pålegge grunnskuleelevar ein urimeleg lang reiseveg til skulen vil såleis kunne vera i strid med barnekonvensjonen.
For kor lang kan skulevegen eigentleg bli? Bur du på Aksnes eller i Velsvika snakkar vi om over ein times reiseveg. Gåtid, buss, ventetid, ferje og buss – og ventetid til skulen startar. Det er tidleg nok å starte på skulen i ein alder av 5–6 år om ein ikkje også skal måtte pendle over to timar kvar dag.
Det er fylkeskommunen som er økonomisk ansvarleg for skuleskyssen. Ved ei nedlegging av Dalsfjord skule vil eventuelle barn frå Steinsvik til Velsvika ha rett til både «reisefølgje og tilsyn i ventetida før og etter opplæringa eller skolefritidsordninga» (Opplæringslova, § 4-2). Altså to tilsette som følgjer skuleskyssen frå kvar si retning mot ferjeleiet. Den eine tilsette må vidare følgje elevane fram til skulane dei skal til. Likeins på heimvegen frå skulen, og også på veg heim frå SFO, for elevar som treng skyss på grunn av nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom (§ 4-1).
Den største utfordringa i logistikken er og blir ferja. Ein trygg og føreseieleg skuleveg føreset at ferja går når ho skal og ikkje er ute på ambulanseoppdrag. MS Ørland er beredskapsferje og når ambulansen kallar, blir ferja rekvirert. Ein må òg sikre at bussen får plass på 07.20-ferja. Denne ferja er allereie overfylt av bilar og passasjerar, og det er ofte at køyretøy blir ståande att på kaia både morgon og ettermiddag. Eller har kommuneadministrasjonen tenkt at ein kan flytte på ferjetidene eller skuletidene ved Øyra og Bratteberg skular? Og kven skal hente på SFO (gjeve at ein får plass på SFO) når ingen av foreldra arbeider på den sida av fjorden? Kva med einslege foreldre? Eg håpar de ser utfordringa.
Dersom Volda kommune ønskjer å avfolke Dalsfjorden, er nedlegging av den kommunale skulen eit godt tiltak. Det vil sikre at den positive tilflyttinga stoppar opp, og at barnefamiliane ser seg nøydde til å flytte, ha heimeskule eller nytte seg av den private barneskulen. Det vil også auke mistilliten innbyggjarane langs fjorden har til kommunen.
Når kommuneadministrasjonen har kome med sitt framlegg til budsjett denne veka, oppmodar eg politikarane om å tenkje seg godt og lenge om kva for eit samfunn de ønskjer å legge til rette for. Vi forventar at de gjer ei solid økonomisk analyse som kan stadfeste at ei nedlegging av Dalsfjord skule verkeleg vil gje kommunen ei reell innsparing – også på lang sikt.
Og hugs for all del på at «barnets beste» er lovfesta, ikkje berre eit vakkert ord i ein budsjettdebatt.
Skulesituasjonen i Dalsfjord svekker alle i fjorden