OSLO/GJØVIK: Ingeborg Onstad frå Øystre Slidre har allereie på sine 21 år gjett ut tre singlar. Fredag 7. november gjer ho ut sin fjerde låt, men denne gongen med plateselskap i ryggen.
Sommaren 2025 sende Ingeborg ein mail til Sven Andréen, som driv plateselskapet «Klokketru». Etter å ha vist fram delar av idéane til den nye låta vart det laga ei avtale. Låta skulle spelast inn i studioet på Gjøvik.
– Eg hadde noko kjennskap til Klokketru frå før av. Da eg gjekk musikklinja på Gjøvik vidaregåande var vi på besøk i studioet deira, «Klokkereint», fortel Ingeborg, som no studerer ved Noregs musikkhøgskule i Oslo.
Musikaren legg til at ho også song på «Forbi Savn», som artist Vegard Hosarøygard har gjett ut gjennom selskapet. Sven hadde difor høyrt røysta til Ingeborg før.
– Det kjendest rett å spørje om å få spele inn låta mi gjennom Klokketru. Eg fekk positiv tilbakemelding på mailen eg sende til Sven og vi avtalte innspeling i september. Låta skulle spelast inn på éin dag, så då tok eg med meg band frå Oslo med musikarar eg studerer med.
I løpet av ein dag med iherdig innsats var låta «Alt te sin tid» spelt inn.

Les også
Ingeborg (20) vet ikke hvordan framtida blir: – Jeg revurderer valget mitt nesten hver dag
Fargelegg musikken
I tillegg til bandet med studentar frå Noregs musikkhøgskole tok Ingeborg denne gongen med seg syster si, Margit, som både spelar langeleik og syng. Eit tilskot til låta som vart naturleg for Ingeborg.
– Det er stor stas å få med familie på låta og det var ein visjon eg hadde tidleg. Låta plasserer seg innanfor norsk visepop med folkemusikk-inspirasjon. Delane Margit er med på fargelegg musikken, langeleik og kor er med på å setja stemninga eg leiter etter.
Veslesystera går no sjølv musikklinja på Gjøvik vidaregåande skule, på lik linje med Ingeborg. Ho hadde derfor kort veg til innspelinga.
– Da vart det eg som entra hybelen hennar og fekk bu der, fortel musikaren med eit glimt i auga.
EIN TIDLEG VISJON: Ingeborg hadde tidleg sett for seg å ha med syster, Margit, på den nye låta. Her i sofaen under innspelingsdagen.
Foto: Privat
Stor hjelp
Ingeborg legg ikkje skjul på at det følast bra å ha eit plateselskap å gje ut låta gjennom denne gongen. Det betyr mindre administrativt arbeid og hjelp til fleire aspekt ved sjølve utgjevinga.
– Det følast som om eg tek eit skritt opp frå tidlegare. Det er klart det er stas å kunne gje ut musikk med eit selskap i ryggen. Det følast tryggare.
Klokkartru sørgjer for at låta sendast til strøymetenestane og til radiostasjonar, og dei hjelper med promotering av låta. Ting musikaren ikkje har noko i mot å få hjelp til.
– Det er veldig praktisk. Sven, som driv selskapet, er ordentleg hyggeleg i tillegg, så det er berre positivt. Det viktigaste å tenke på som musikar når ein lagar avtale med plateselskap er å sørgje for at dei ikkje køyrer over det ein lagar.
Heldigvis har Ingeborg hatt ei svært positiv oppleving hos Klokketru.
– Der vil dei det beste for meg og musikken min. Det er stas å kjenne på at det er nokon andre som har tru på musikken min og vil gje den ut under sitt namn. Eg føler meg så godt ivaretatt.

TRUPPEN: Ingeborg Onstad (t.v.) har fått med seg syster, Margit Onstad, Vegard Hosarøygard, Henning Lillehaug, Martin Koldem og Anna Sørum Hagebakken for å få ut låta «Alt te sin tid».
Foto: Daniel Holen Berg / Klokkereint
Alt på ein gong
Å lage nye låtar skjer ikkje på kommando for Ingeborg. Ho sett seg ned med opptakar på mobilen og byrjar vampe på langeleiken.
– Eg likar eigentleg ikkje bruke ordet «improvisere», men eg improviserer på ein måte fram både melodi og tekst. Så spelar eg av det eg har take opp og finn fram det som kan brukast vidare.
Låta «Alt te sin tid» handlar om det å skulle finne ut av alt i livet på ein gong. Kjærleik, venskap, veg og karriere. Alt på ein gong.
– Den handlar om det å flytte heimanfrå i ung alder og prøve finne seg sjølv, noko eg trur dei fleste ein eller annan gong har kjent på. Samtidig har eg nokre referansar til det å skulle prøve seg som musikar, som kan vere både utfordrande og skummelt, forklarar Ingeborg.
Etter at låta sleppast 7. november er det endå uvisst om det blir framføring av songen i Oslo, men Valdrisar kan glede seg til desember.
– Eg og Margit skal halde julekonsert i Øystre Slidre 13. desember. Då blir det mange julesongar, men det er også mogleg vi spelar «Alt te sin tid» i duoversjon. Den konserten trur vi blir koseleg, så vi håpar dei heime i Valdres vil komme å høyre, avsluttar ho.

Les også
Mangedobla salget fra i fjor: – Det er ordentlig artig