Så er me komne dit at Dalsfjord skule er truga av nedlegging. Elevtalet samla i Dalsfjorden er ikkje så høgt. No er me nede i ein dal med lågt elevtal, men denne dalen har me visst om i nokre år, han er forbigåande, og tala svingar opp att herifrå. Me trudde me skulle kome oss gjennom, og signala frå kommunen har vore gode fram til no. Før kommunen tek valet, vil eg at de skal tenkje dykk godt om, for dette handlar ikkje berre om økonomi i samband med drifta av skulen. Kommunen må også ta med andre økonomiske aspekt når de no skal gå gjennom saka. Verdiskapinga i Dalsfjorden er stor, og kommunen har gode inntekter frå bedriftene her. Vil ein framleis ha desse, må det vere mogleg for folk å bu her.
Den lange og ubeleilige ferjereisa med ferje berre 1 gong i timen vil gjere skuledagen svært lang og utmattande for borna. Ikkje alle foreldre arbeider i Volda. Nokre arbeider i Dalsfjorden, andre pendlar til Vanylven. Dagane vert uansett lange for borna som har foreldre som arbeider langt unna heimen, men slik det er no har borna moglegheit til å starte dagen med ei roleg morgonstund på SFO, og avslutte dagen med leik og ro før foreldra kjem og hentar.
Eg har arbeidd i Vanylven i mange år, og det hadde vore umogleg for meg å fylgje borna mine til Volda når eg sjølv reiste heimanfrå 7.20 i ei anna retning. Dersom ein skulle fylgje små skuleborn til Volda måtte ein fyrst rekne ferjereisa på 25 minutt, levere born, og så vente ein time i Volda til neste ferje, og så retur på 25 minutt. Det ville ta 2 timar, og samme opplegget ettermiddag + køyring til og frå arbeid på kanskje 30 minutt. Det seier seg sjølv at det ikkje fungerer, og det er ikkje sjølvsagt at alle småskuleelevar opplever det som trygt å reise med ferja saman med ein heil gjeng andre born, utan foreldra, for så å gå gjennom trafikken i sentrum og opp til Øyra. Korleis skulle de løyst det med SFO? Om noko skulle hende med ferja så me ikkje fekk henta borna? Rett som der er, må ferja gå ut av ruta si for å yte bistand til nødetatar.
Nedlegging av Dalsfjord skule vil garantert hindre tilflytting og føre til fråflytting. Eg har sjølv meir enn ein gong vore nær ved å flytte herifrå som direkte konsekvens av skulesaka. Korleis ser kommunen på moglegheitene for at barnefamiliar og også eldre folk som konsekvens vil flytte frå Dalsfjorden, og då truleg også frå kommunen? Kva er planane for bevaring av bygdene? Eller er det beste at bygdene står til forfall? Kva om deler av, eller heile, Dalsfjorden bryt ut av kommunen? Eg vil oppmode kommunen om å gjere ei grundig utgreiing av økonomiske konsekvensar i ulike retningar. Ta med i reknestykket at Dalsfjorden tilfører kommunen store summar i form av næringsaktivitet som t.d. MOWI, og at fråflytting vil ha konsekvensar for arbeidskrafta i lokale bedrifter. Kommunen har nok også fått nyte godt av kraftverka på Dravlaus og i Steinsvika. Dersom ein framleis vil ha verdiskaping i bygdene, må det vere mogleg og tenleg for folk å bu her, elles fell også inntektene frå desse bort.
I fylgje SSB utgjer lønnskostnader om lag 74-80% av skulebudsjettet. Korleis ser de føre dykk at alle lærarane som er tilsette ved Dalsfjord skule med fast jobb i Volda kommune skal spare kommunen noko særleg med pengar når de legg ned skulen? Det er mogleg å sjå på sparetiltak i høve energibruk. Mine born har sagt at det er ofte veldig varmt på skulen, her er det mogleg å sjå på tiltak. Det same gjeld bassenget. Me er heldige som har basseng i fjorden, men for å behalde skulen er det ein liten pris å betale om basseng-sesongen vert kraftig nedkorta. Dalsfjord skule er ein svært god skule. Det er eit lite miljø, men den faglege og pedagogiske kompetansen er særskilt god. Borna våre opplever trygge og gode læringsmiljø med trygge, dyktige vaksne som har tid til å tilpasse til kvar enkelt elev, og tid til å arbeide med miljøet i elevgruppa.
Så må eg tilbake til elevtalet i Dalsfjorden igjen. Dersom alle elevane i krinsen gjekk på same skule, ville det framleis vore ein veldig liten skule. Dette er saka si kjerne. Det er ikkje fleire born her enn som trengst, og at dei få som er her skal verte rivne frå sine gode vener for å gå på ulike skular, det kan ikkje forsvarast i eit så lite samfunn. Me har tre born. To av dei er ferdige med grunnskulen, og me har sett på nært hald kva det har kosta for borna. I beste fall vil eg sjå på dette som eit sosialt eksperiment, og forsøkspersonane er born i utvikling.
Til sjuande og sist er det borna som har betalt den høgaste prisen. Dette sosiale eksperimentet har gjort mykje med det sosiale miljøet i Dalsfjorden, både for born og vaksne, og i eit utviklingsmessig perspektiv er det grunn til å undre på kva det har gjort med mental helse og sosial og emosjonell utvikling. Når ein går gjennom heile barnetrinnet med så få medelevar å vere saman med, medan bestevenen går på ein annan skule fordi vaksne har bestemt det, vert det utrygt. Det gjer også noko med elevane si læring. Å trivast er ein føresetnad for læring. Etablering av gode venskap i tidleg alder er viktig for utvikling av identitet, sosiale evner, resiliens, oppleving av meistring og læring. Den menneskelege kostnaden av å ha ein friskule som konkurrerer med den offentlege skulen i eit så lite samfunn er altfor høg. No må borna kome fyrst.
Dalsfjorden har gått glipp av MANGE tilflyttarar og unge nyetablerte familiar, fordi skulesituasjonen med to konkurrerande skular har skremt folk frå å kome. Situasjonen har også gjort at folk flytta bort. Når me no endeleg har kjent at situasjonen har roa seg noko, har det også kome fleire tilflyttande, og vi ser positive tal framover. Så skal kommunen altså rive heile grunnlaget for barnefamiliar unna føtene på oss? Det er ikkje mogleg å leve i Dalsfjorden utan å ha skule og barnehage her. Legg kommunen ned Dalsfjord skule, legg de også ned Dalsfjorden, med alt det inneber. Realiteten er at støttar ikkje foreldra den offentlege skulen, mistar me han for alltid. Då er det ikkje lenge me har barnehage heller. Argumentet med at det er ubeleilig å køyre til Dravlaus held ikkje. Det er gratis skuleskyss, og det går an å få til løysingar. No må foreldra i Dalsfjorden stå saman for borna sitt beste, og for å skape gode veksttilhøve for bygdene våre.
Skulesituasjonen i Dalsfjord svekker alle i fjorden
Eg vil på det sterkaste oppmode Volda kommune og oppvekstkontoret om å snu kvar ein stein for å ta vare på bygdeskulane våre. I den utrygge tida me lever i no, globalt sett, vil det også vere samfunnsteneleg å ha kommunale skular i dei bygdene som er avhengige av ferje. Me må ta høgde for at uventa ting kan skje og kriser kan oppstå. Ei fullstendig utgreiing av dei samfunnskritiske og beredskapsmessige konsekvensane ved å legge ned bygdeskulane bør vere gjort før det i det heile vert vurdert å legge ned Dalsfjord og Folkestad skule. Dalsfjord skule er til dømes den einaste staden i fjorden der det framleis er bomberom. Verdien av desse bør ikkje undervurderast. Ein bør ta høgde for at det kan oppstå situasjonar der infrastrukturen kan verte ramma av kriser, naturkatastrofar eller åtak, og det er ein stor fordel at bygdene har moglegheit for å halde i gang ein normal kvardag for borna også dersom det skulle oppstå ekstraordinære situasjonar. Dalsfjord skule har også Vestsida sitt lager og distribusjon av jod, samt kontor for helsesjukepleiar og lækjar, noko som også er viktig i ei eventuell framtidig krise. Og – om ein kikar i arkiverte dokument frå Volda og Dalsfjord kommunar på 1940-talet, vil der vere dokumentasjon på kor viktige bøndene på Vestsida var for regionen under okkupasjonen. Å avfolke bygdene i ei usikker tid vil vere uklokt.