– Det er ikkje meldt om skader på personar eller anna infrastruktur enn jernbanesporet, opplyser operasjonsleiar Trond Volden.
Raset har gått mellom Hegra og Gudå på Meråkerbanen.
Bane Nor opplyser at geologar er på staden og gjer undersøkingar.
– Banen vil bli stengd i noko tid framover, foreløpig er varigheita uviss, skriv dei på sin eigen nettstad.
Geologar jobbar på staden fredag formiddag.
Foto: Bjarte Johannesen / NRK
Konserndirektør for etterlevelse og sikkerheit i Bane Nor, Gunhild Synnestvedt, seier dei blei varsla om raset.
– Togleiar gav raudt lys til toget, i samsvar med våre sikkerheitsrutinar, slik at toget stoppa der det var.
Ingen personar blei skadd i raset.
Foto: Bjarte Johannesen / NRK
Buss for tog
Meråkerbanen er ei grein av Nordlandsbanen og går frå Hell i Stjørdal kommune over til Sverige.
Henrik Forseth, pressevakt i SJ Noreg, fortel at dei ennå ikkje veit kor omfattande raset er.
– Per nå så avventar vi status frå Bane Nor som skal ut og kontrollere.
Han fortel at togselskapet planlegg for innstilte avgangar på Meråkerbanen ut dagen. Selskapet arbeidar no med å ordne buss for tog for sine reisande.
Toga på Meråkerbanen er innstilt i påvente av undersøkingar og rydding på staden.
Foto: Bjarte Johannesen / NRK
– Toget som var på tur til Storlien er blitt tømt og passasjerane er sendt vidare med buss.
For de reisande som var på veg frå svensk side til Trondheim var det vanskelegare å få tak i buss, fortel Forseth.
– På Storlien var det verre å få tak i buss. Der er det bestilt taxi til de reisande.
Har opplevd mange ras
Dei siste åra har Bane Nor jobba med å elektrifisere banen. Dei fullførte nyleg dette arbeidet og sist helg «skrudde dei på straumen».
Kjell Slungård bur i nærleiken og har opplevd fleire skred i området.
– Å herregud, det er mange ja. I heile området her har det gått skred.
Slumgård står i kanten på E14. Han har opplevd mange ras i området.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
Han meiner dalføret jernbanen og E14 går gjennom ikkje er egna for den viktige infrastrukturen.
– No må både veg og jernbane bli lagt i tunnel. Ikkje noko å diskutere. Punktum, slutt.
Publisert
07.11.2025, kl. 10.08
Oppdatert
07.11.2025, kl. 12.39