I alle åra eg har budd i og arbeidd for Volda kommune har eg aldri opplevd at den økonomiske situasjonen har vore så fortvilande som det no går fram av budsjettutgreiingane og alle dei brutale kuttframlegga. Ein må vere økonom = «ein person som kjenner prisen på alt, men ikkje verdien av noko» for å gjennomføre slikt. Og slike personar er det få av i Volda kommune! For dette blør i hjartet! Slik eg les listene vil dei brutale kutta i skulestruktur og nedlegging av skular, særleg råke barn og barnefamiliar i utkantane. Men ingen sektor går fri. Heller ikkje helse og omsorg og dei eldre. Kommunedirektør Sjurgard seier at alle område må og skal vurderast og at det er høve å kome med kommentarar og eventuelle innspel.
For meg kan det virke som om kommunen no møter følgene av dei mange, dyre og svært flotte utbyggingsprosjekta som er gjennomført, ikkje minst i Volda sentrum. Kan vi i slike tider fortsette slik? Burde kommunen ha vore flinkare når det gjeld investeringar å sette tæring etter næring og meir skjerme drifta? Eg har lenge stussa ved dei dyre og, etter mi meining, noko luftige planane for vidareutbygging i Aasen-kvartalet ved Høgskulen. Planane omfattar oppgradering av samfunnsfunksjonar og til og med eitt nytt stort hotell! Eg må ærleg sei at eg saknar «bakkekontakt» og god nok informasjon om prosjektet og kommunen sin økonomiske medverknad. Eller er dette eit så gunstig prosjekt for kommunen at det skal «skjermast» og bli forbigått i tausheit når alt anna bli råka så hardt? Eg har i alle fall ikkje sett det i budsjettutgreiingane eller teke inn på dei kuttlistene som eg har lese.
Nokre av disse planane vil vere ei standardheving av ein del sentrumsfunksjonar i Volda, Men eg kan ikkje sjå at det er rett og tilrådeleg å ta dette løftet i Volda sentrum no når så mange andre funksjonar må blø og utkantane, særleg barnefamiliane, kan bli pålagt urimeleg tunge byrder?