Eg stussar litt over temperaturen og ordbruken i zipline-debatten i Rauma. I ei tid der ordskiftet både nasjonalt og internasjonalt er prega av sterk polarisering og svart-kvitt-argumentasjon er det viktigare enn nokon gong at vi her i Rauma ikkje bidrar til det same.
Når eit initiativ frå reiselivsselskapet Romsdalen AS blir slått ganske hardt i bakken nesten før konseptet har fått presentert seg, så er eg redd det kan skape dårlegare vilkår for framtidige ordskifte og debattar.
Blant dei som har engasjert seg sterkt imot zipline-prosjektet er det mange innsiktsfulle og kloke folk, men i zipline-debatten har dei brukt ganske harde ord om reiselivsselskapet Romsdalens identitet, moral og motiv, slik eg les ordskiftet.
Eg er neppe nokon stor tilhengar av ein zipline frå Nesaksla til Isfjorden. Eller kanskje er eg nettopp det? Poenget mitt er at eg som raumaværing gjerne skulle blitt meir kjent med ideen før den blir slått i bakken.
Vi kan ikkje vere så redde for at eit prosjekt blir realisert at vi ikkje toler ein god og åpen diskusjon i verdige former.
Eg blir litt bekymra når debatten raskt blir så polarisert at nyansane blir borte, og at folk enten kvir seg for å melde seg på i diskusjonen eller føler seg snytt over at prosjektet stoppar opp allereie før ideen har blitt lytta til.
Vi skal tole både engasjement og uenigheit i samfunnsdebatten i Rauma. Det er både sunt og viktig. Men eit verdig ordskifte står seg best over tid. Ikkje minst når ettertanken har senka seg.
Reagerer sterkt: – Elendig politisk håndtering
– For meg handler det om båndleggingen av Isfjorden
Stem her: Gledet du deg til zipline?
Åpen