– Trøyene blir meir og meir designa for å kunne brukast utanom fotballbana.

Det blir meir for fansen enn for spelarane.

Det seier modell og style-editor i Costume, Alphons Amuri.

en mann i uniform

Amuri med ein Manchester United-trøye, med Prada-slips under.

Foto: Hanna Hiim Sindre / NRK

Og det er ikkje berre fansen som vil ha trøyene.

For dei siste åra har fotballdraktene blitt ein del av motebiletet.

På årets moteveke i Paris dukka trøyene opp på catwalken.

Balenciaga har laga sine eigne fotballtrøyer.

Artistar som Travis Scott har samarbeidd med fotballklubben FC Barcelona.

– Det eksploderte

Reportasjeleiar i D2 og spaltist for «Stilkoden», Anders Kemp, seier det var etter 2010 at fotballtrøyer verkeleg blei mote.

– Gatemotemerke som Palace byrja å lage sine eigne fotballdrakter.

– Plutseleg hadde du verdas mest kjende skatarar i fotballdrakter. Etter det eksploderte det.

en mann med skjegg

Anders Kemp er sjølv Tottenham-supporter.

Foto: Hanna Hiim Sindre / NRK

– For Nike, Adidas og ambisiøse klubbar er nye drakter pengar i kassa, og eit verktøy for historieforteljing på sosiale medium.

– Vi lever i ei nostalgisk tid, der appetitten på arv er stor, men vi blir litt manipulerte òg.

Han meiner også drakter frå 90-talet passar inn i vintagestilen ungdommen er oppteken av.

– Dei var meir fargerike og leikne på 90-talet.

en mann som holder en skjorte

Kemp samlar også litt, til hans kone si store fortviling.

Foto: Hanna Hiim Sindre / NRK

Han trudde likevel at trøyetrenden ville gå over, men det gjorde ho ikkje.

– I 2016 trudde eg at det var på topp, og at det kom til å gå over. Men det har berre fortsett og fortsett.

Vintage er best

Krister Haraldsen driv ei Facebook-gruppe for sal av vintage fotballdrakter.

Dei har merka ei tydeleg auke i interessa dei siste åra.

– Vi får mellom 100 og 500 nye medlemar i månaden. No er vi over 34 000 i gruppa.

en mann som holder en skjorte

Krister Haraldsen har samla sida han var åtte.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Haraldsen seier at vintage-draktene er dei mest populære.

– Alt retro kjem tilbake på eit tidspunkt. Jo meir gammalt design det er på ei drakt, desto meir populær er ho.

Han begynte sjølv å samle då han var åtte år.

– Då fekk eg mi første drakt av far.

Etter det tok det heilt av for Haraldsen.

I huset hans er det nemleg fullt av drakter. Dei heng overalt.

– Samlinga er verdt godt over ein million.

– Så ikkje sei til nokon kvar eg bur, seier Haraldsen og humrar.

Trøyar er fast fashion

Stylisten Amuri synest ikkje det berre er positivt at trøyene har blitt trendy.

– Fotballtrøyer har blitt litt fast fashion, vil eg våge å innrømme.

– Det handlar meir og meir om pengar. Dei forstår korleis mote påverkar verda.

en mann iført rød skjorte og svart slips

Amuri bruker ikkje trøyene så mykje ute.

Foto: Hanna Hiim Sindre / NRK

Han merkar at det kan vere slitsamt å bruke trøyene ute.

– Eg orkar ikkje å krangle på bussen med nokon fordi eg har på meg ei Manchester United-skjorte, om eg eigentleg er fan eller ikkje.

Men Amuri er sjølv fan, og han spelte fotball lenge.

Han har tru på at dei yngre kan style trøyene sine.

– Men dei eldre har eg ikkje tru på, dei stylar det ikkje bra.

en mann i uniform

Amuri med Kongo si fotballdrakt.

Foto: Hanna Hiim Sindre / NRK

Han trur òg at draktene kan skape tilhøyrsle for mange.

– Dersom eg ser ein nordmann bruke ei Kongo-drakt, ville eg blitt stolt av landet mitt.

– Det vil jo seie at landet mitt på ein eller annan måte påverkar verda.

Publisert

07.11.2025, kl. 21.13

Oppdatert

07.11.2025, kl. 21.18