Eg går i 9. klasse på Dalsfjord skule, og synest det er svært viktig at elevane på skulen får uttale seg om saka. Ikkje berre er eg elev på skulen, men eg er både representant i elevrådet og medlem av Volda ungdomsråd. Derfor kjenner eg eit ansvar i å representere ungdom på vestsida.

Meir enn ein liten skule

Dalsfjord skule er ein liten bygdeskule, men for meg er den så mykje meir. Her har eg gått sidan eg var seks år, med nokre av dei same lærarane og mange av dei same elevane. Det er ikkje rart at eg kjenner ei sterk tilknyting til skulen min. Mange utanfor ser på det vesle elevtalet som noko negativt, men eg er sikker på at dei fleste som har gått her ser på det som mykje positivt. Når ein er færre i klasserommet får ein mykje betre oppfølging, og læraren kan ta seg betre tid til kvar enkelt elev. Eg merkar sjølv at elevane på Dalsfjord skule har ei unik lærevilje, som kanskje kan dette også vere grunna i få elevar. Vi får gjere mykje kjekke ting på skulen. Kvart år har vi til dømes ulike temaveker. Læringa er generelt både aktiv, praktisk, teoretisk og estetisk. Vi lærer oss å sjå samanhengar, og vi gjer det saman. Andre kjekke minner er turdagane som skulen har arrangert. Det å få gå saman, alle på skulen, er kjekt for både store og små. Ein fordel med turdagane er at me vert meir kjende med naturen rundt oss.

Unikt samhald

Her i Dalsfjorden kjenner alle kvarandre. Dei vi gjekk i barnehagen med, er dei same som vi går på barne- eller ungdomsskulen med. Når vi er så få som vi er, vert det sett på som ei sjølvfølge at alle vert inkludert. Det er sjeldent at nokon hamnar utanfor, men om det skjer vert det fort fanga opp og tatt tak i. Etter kva eg veit, har det aldri vore mobbing på skulen, den tida eg har gått her. Den praktiske undervisninga på skulen har ofte ført oss endå nærare kvarandre. Det er stor sorg blant både elevar og lærarar når avgangselevane sluttar, eller når nokon må flytte frå fjorden. Av og til ser eg tilbake på til dømes overnatting med klassa. Eg føler me er ei slags stor familie, der alle vil kvarandre vel. Også på tvers av trinna. Dei eldste elevane går fint saman med dei yngste elevane. Dette samhaldet er noko unikt som ikkje oppstår kor som helst.

Som spelebrikker på eit brett

Den siste tida har det vore fleire saker som gjeld skulen. Det verkar som kommuna gløymer litt at vi faktisk er mennesker. Eg og nokre klassekameratar kom fram til at situasjonen er som spelebrikker på eit brett. Elevane vert flytta på, og kommuna er dei som speler. No har vi fått nok, og synast det er på tide at vi vert tekne på alvor.

Lang reiseveg

Om skulen vert lagt ned, påverkar dette kvardagen til elevane svært mykje. Skulane i Volda er bede om å endre start-og sluttider som er tilpassa våre ferjeruter. Dette er i grunnen positivt, men dagen til elevane vil uansett verte drastisk forandra. Ein ferjetur varer i 25 minutt, som betyr at reising til og frå skule vil vare rundt ein time berre i ferjetid. Fleire born og ungdommar frå bygda har fritidssaktivitetar i Volda/Ørsta. Dagar med fritidsaktivitetar vil derfor verte veldig lange. Dette går i mot FN sin barnekonvensjon, som seier at alle born har rett til kvile, leik og fritid.

Barneskuleelevane må ha med seg ein vaksen til å reise med ferjene og på vegen til skulen. Eg veit ikkje korleis dette vil foregå eller om dette er fastslått, men eg veit godt at det å ta ferje åleine som 6-8 åring er skummelt. Det å gå til og frå ferjekaia er i teorien ikkje så vanskeleg, men små born er ikkje vant til å orientere seg rundt i trafikken i sentrum.

Vi ungdomsskuleelevane kan reise enklare, men ein så lang dag med skule og reising tærer kraftig på energien til ein ungdom.

For lite plass på sentrumsskulane

Det har tidlegare vore snakk om at det allereie er lite plass i klasseromma, både på Øyra og på Volda ungdomsskule. No er dette tydelegvis ikkje tilfellet lenger. Om det likevel viser seg at klasseromma vert fulle, vil dette verte ein veldig stor overgang for oss elevane på Dalsfjord skule. Eg trur det vil påverke konsentrasjonen i klasseromma. Dette kan ein vise til forsking om.

Ei forbisett framtid

Eg synast Volda kommune kan ha ein tendens til å tenke kort fram i tid. Politikarane ser vekk ifrå at elevtalet på Dalsfjord skule stig om nokon år. Lauvstad barnehage er stappfull av born som i framtida kjem til å begynne på Dalsfjord. Om berre nokre få år kan Dalsfjord skule nå rundt 60 elevar. I tillegg er det ikkje umogleg at nye born og ungdommar kjem flyttande til bygda etterkvart.

Synspunktet til ein elev

Mange har uttalt seg om saka tidlegare, men aldri ein ungdomselev. Det var dette som fekk meg til å skrive denne teksta. Mange av ungdommane har gode og viktige meiningar om saka. Eg har vore i kontakt både med klassa mi og tidlegare elevar frå skulen. Alle er samde i at forslaget berre er negativt. Eg har fått mange fine innspel både om reiseveg, lite plass i klasseromma på Volda ungdomsskule, og at Volda kommune burde prioritere vekk andre ting enn skule. Dei finaste innspela eg fekk inn har handla om fine minner frå skulen vår, kva me likar med plassen og kor mykje bygda og skulen betyr for oss. Alt dette er nevnt med mykje følelsar som tydeleggjer kor viktig dette er for oss. Det er fort gjort å tenke at skule er kjedeleg, men når ein står i ein situasjon der ein risikerer å miste alt innser ein kor fint vi faktisk har det her. Fleire har sterkt ønske om å ein gong å danne familie i bygda, men om skulen forsvinn vert ikkje dette lenger mogleg.

Eit nytt og fullkomment skulebygg

I 2012 vart Dalsfjord skule renovert og bygd som ny, og skulen har blitt godt bevart dei siste åra. Både basseng, gymsal, kjøkken, amfi, sløydsal, store klasserom, skulehage og eit flott uteområde har vi her. Ikkje alle skular har fjell, skog og hav rett utanfor vindauget. Det er få skular som har slike gode moglegheiter, og trass i få elevar vert området godt brukt både av elevar og bygdefolket. Det er trist å tenkje på at ein så fin nærskule kan leggast ned. Om det vert slik sparar kanskje kommuna pengar. Men kva er viktigast? Pengar eller framtida vår?

No har eg nevnt ulike problemstillingar som kan oppstå om skulen vert lagt ned. Eg vil avslutte teksta med å minne alle på kor viktig skulen vår er for oss i krinsen. Forslaget har ført til mykje følelsar, bekymringar og sterke meiningar. Om Dalsfjord skule vert lagt ned kjem vestsida vår aldri til å verte det same igjen. No har eg fått sagt det eg ville, og avgjerdsla til politikarane gjenstår. Mitt ønske er då at dei vil gjere det som er best for alle, ikkje berre dei sjølve.