Operasjonssentralen i Vest politidistrikt har iverksett eit redningsoppdrag, etter melding frå ein mann som ikkje fann vegen ned att frå fjellet Vidstøylsegga i Gloppen kommune.
Det er opplyst å vere tåke og lågt skydekke i området, og mannen opplyser å ha skadar i ein fot og å ha tungt for å røre seg.
På grunnlag av dette er det sendt ut frivillige leitemannskap.
Operasjonssentralen melder at mannen sin posisjon skal vere kjent, og at mannskapa skal komme seg til han og vidare hjelpe han ned frå fjellet.
Den skadde mannen er opplyst å vere i 60-åra.
Politet har vidare sendt ein innsatsleiar på veg mot Sandane.
Det siste frå staden er at det vert gjort forsøk på å fly redningsmannskap frå Røde Kors opp så langt i fjellet som mogleg:
Les også
Forsøker å fly opp mannskap eit stykke i fjellet