Hydro Aluminium AS Årdal metallverk og Hydro Aluminium AS Høyanger aluminiumsverk får saman med fem andre aluminiumsverk tilsaman 10,4 millionar kroner til forsking og utviklingsprosjekt. Det melder Klima- og miljødepartementet i ei pressemelding.

Pengane går til tiltaksplanar når det gjeld karbonfangst for elektrolyseprosessen, bruk av berekraftige biomateriale i anodar og ny utsleppsfri produksjonsteknologi, utvikling av elektrifiseringsteknologiar for støyperi, energieffektivisering, energigjenvinning og teknologiforbetringar i elektrolyse.


Investering i arbeidsplassar

I fjor vår vart regjeringa og industrien samde om å endra CO2-kompensasjonsordninga. Ordninga gir føreseielegheit for industrien fram mot 2030, og inneber eit årleg tak kor mykje som kan utbetalast til bedriftene. Løyvingstaket er på 7 milliardar kroner, og blir prisjustert årleg.

– Norsk industri må kutta utsleppa sine for å vera konkurransedyktige i framtida. For første gong stiller me krav om at minst 40 prosent av pengane bedriftene får gjennom denne ordninga må gå til å kutta utslepp, redusera kraftbehovet eller vinna tilbake energi. Dette vil bidra til investeringar i norske arbeidsplassar og utvikling av ny teknologi over heile landet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Alle bedrifter som søkjer om CO2-kompensasjon, må levera tiltaksplanar. Her skal dei fortelja om kva tiltak dei planlegg å gjennomføra fram mot 2034.

Her kan du sjå oversikt over kven som har fått pengar.


Må prioritera gjennomføring

– Meir effektive klima- og energiløysingar legg eit viktig grunnlag for omstillinga som industrien og me som samfunn skal gjennom dei komande tiåra. Eg er glad for å sjå så mange planar om tiltak og håpar aktørane no prioriterer ei snarleg gjennomføring, seier energiminister Terje Aasland.

Tiltaksplanane inneheld til saman fleire hundre små og store klima- og energieffektiviseringstiltak. Døme på tiltak er utnytting av spillvarme, elektrifisering av varmekjelar, erstatning av fossilt brensel med biobrensel, prosjekt på karbonfangst og -lagring og oppgradering av utstyr.

I tiltaksplanane ligg det også inne mykje midlar knytt til forsking og utvikling på ny teknologi som tek tid å utvikla, men som potensielt kan gjera delar av industrien nærast utsleppsfri i framtida. Dette er tiltak som kan vera heilt avgjerande for omstillinga, sjølv om dei ikkje har nokon direkte effekt på utslepp eller kraftforbruk fram mot 2034.

Miljødirektoratet ventar at alle tiltaksplanane vil vera ferdig behandla innan utgangen av året, skriv dei i ei pressemelding.