Ein personbil har køyrt av vegen og inn i ein lyktestole på E39 nær Nordfjordeid i Stad kommune.
Bilen skal ha rulla rundt, men står no på alle fire hjula, melder 110 Vest, klokka 15.12.
To personar er involverte, og begge desse skal ha komme seg ut av bilen.
Politiets operasjonssentral skriv seinare at bilen er skildra som knust. I tillegg skal lyktestolpen vere knekt etter kollisjonen.
Dei to personane som var i bilen, hevdar seg uskadd, opplyser politiet.
Firda oppdaterer saka.