Aksel Arvid Hauge kjem frå Bremanger og lagar musikk. Han er produsent og låtskrivar, og har mellom anna samarbeida med den amerikanske rap-artisten Jack Harlow.

Tidlegare i år tok karrieren eit byks framover. Aksel Arvid var sentral i produksjonen av den britiske artisten PinkPantheress sitt nyaste album. I førre veke blei det klart at ein av songane på det albumet er blant dei nominerte i kategorien «Beste dancepop-låt» ved Grammy-utdelinga i Los Angeles i februar neste år.

Songen heiter Illegal. Den kan du høyre på YouTube her:

Aksel Arvid sjølv trivst best utanfor rampelyset, men gjorde eit unntak då han tidlegare i år stilte opp hos NRK P3 for å fortelje litt om samarbeidet med PinkPantheress. Der fortel han at han jobba målretta for å få til eit samarbeid med nettopp ho.

– Eg sat heime i februar 2024 og tenkte: Kva slags artist har eg verkeleg, verkeleg, verkeleg lyst til å gjere eit prosjekt med? Så tenkte eg: PinkPantheress. Det er noko emosjonelt der som eg føler at eg forstår. Dei vala ho tek – det er sånn, det hadde eg gjort sjølv, seier han.

Dermed sa han til managementet sitt at han blei borte den neste månaden. I heile februar stengde hans eg inne og lagde så mange beats han kunne. Alt saman skreddarsydd for PinkPantheress.

– Alt var skreddarsydd til henne. Det var ikkje sånn «viss ho ikkje tek det, kan nokon andre bruke det». Det var: Dette er deg, eller ingen andre.

PinkPantheress må ha likt det ho høyrde, for i starten av året kom ho til Bremanger for å fullføre albumet. Det heiter Fancy That, og kom ut den 9. mai i 2025. Singelen som no er Grammy-nominert kom ut den 9. juni.

Her kan du høyre intervjuet med Aksel Arvid i NRK P3: