Når energiminister Terje Aasland seier i ulike medier at småkraftverk får «ein eksklusiv rett til å utnytte våre naturressursar» og at «fellesskapet skal ha ein del av gevinsten», avslører han ei grunnleggande misforståing. For fallretten, retten til å nytte vassfallet, er ikkje staten sin eigedom. Den høyrer grunneigaren til.
Dette er ikkje noko nytt eller uklart spørsmål. I vannressurslova § 13 står det heilt tydeleg:
«Vassdrag tilhører eieren av den grunn det dekker (…) Grunneieren kan motsette seg at andre uten særskilt rettsgrunnlag utøver rådighet over vassdrag som tilhører ham.»
Med andre ord eig ikkje staten fallretten. Staten forvaltar lovar og rammer, men sjølve rådigheita over vassdraget ligg hos grunneigaren. Det er grunneigaren, ofte saman med profesjonelle partar som tek risikoen, finansierar utbygginga og står ansvarleg for prosjektet.
Å omtala desse som om dei får ein «eksklusiv rett frå staten» er ikkje berre feil. Det er etter mi meining ei språkleg forfalsking av eigedomsretten.
Frå Magnus Lagabøte til moderne vassdragsrett
Prinsippet om at vatnet følgjer jorda går heilt tilbake til Magnus Lagabøtes landslov frå 1274, der det heiter:
«Vatnet høyrer garden til så langt det renn og strøymer gjennom hans jord.»
Denne regelen har stått fast gjennom 750 år med norsk rettshistorie og er vidareført gjennom Christian Vs Norske Lov (1687), vassdragslova av 1887 og fram til Vannressurslova slik me kjenner den i dag. Eigedomsretten til vatnet er derfor ikkje noko som fellesskapet tildeler, men ein grunnleggjande del av grunneigaren sin råderett.
Når staten krev grunnrente fordi småkraftverk «utnyttar naturressursane våre» (Aasland hevdar), trer den inn som part i noko den aldri har eigd. Det er ikkje staten som har investert, teke risiko, finansiert bygging eller tatt miljøansvar. Likevel står staten klar til å henta ut gevinst i fellesskapet sitt namn.
Grunnrenta som straff for initiativ
Aasland meiner at dagens ordning hindrar god ressursutnytting fordi mange småkraftverk held seg under 10 MW for å unngå grunnrente. Dette har Småkraftforeininga tilbakevist, og hevdar i staden at landet har fått over 250 GWh fordi det ikkje er grunnrenteskatt under 10 MVA.
Grunnrenta verkar som ei brems på investeringar, ikkje som ein motor for fornybar utvikling slik regjeringa ser ut til å tru.
Dette handlar ikkje om kven som får for mykje gevinst, men om kven som faktisk skapar verdiane. Småkrafta er distriktsnær, privatfinansiert og bygd på lokale fallrettar som brukar eigen grunn til å produsere rein energi for landet.
Når staten tek store delar av avkastninga, blir småkrafta mindre lønsam, og i mange tilfelle ulønsam. Resultatet blir nedleggingar, konkursar og tapt lokal verdiskaping. Det gjer landet mindre sjølvforsynt med kraft, ikkje meir.
Når regjeringa prøver å hente ut ein del av verdiskapinga frå dei som faktisk bygg, undergrev dei både rettsprinsipp, fornybarpolitikk og distriktsøkonomi.
Ein rettsstat bør kjenna si historie
Magnus Lagabøte fastslo for snart åtte hundre år sidan at vatnet følgjer jorda. Den regelen står framleis, både i lovtekst og i rettspraksis.
Dersom energiministeren ønskjer å omdefinera denne eigedomsretten til eit statleg felleseige, bør han vere ærleg nok til å seie det rett ut, i staden for å kalla det «rett og rimeleg».
I norsk rett er det grunneigaren, ikkje staten, som eig retten til vassfallet. Når staten likevel krev grunnrenta, handlar det ikkje om å fremja fornybar energi, men om å skattleggja initiativ og verdiskaping på feil grunnlag.