Sommarkonsertene i Kulturlåven på Svanøy har blitt eit svært populært innslag i sommarens kulturmeny i Kinn. I fjor sette Kari Bremnes ny tilskodarrekord då ho spelte både fredag og laurdag. Den rekorden håper Ola Teigen dei kan slå i 2026.

Fredag står nemleg innegubben sjølv, Stein Torleif Bjella, på scena.

– Bjella er det mange som har hatt ynskje om å sjå på Kulturlåven, så vi har jobba ei stund med å få han hit. Heldigivis fekk vi det til, seier Teigen.

Tilbake til røtene

Ola Teigen er styreleiar i Svanøystifinga, og han gjer eit poeng av at med Bjella på plakaten har dei teke det heilt tilbake til røtene.

– Bjella kjem frå Ål i Hallingdal, nett som Ole Torjussen som i 1804 vart eigar av Svanøy Hovedgård. Dermed går røtene tilbake til starten av Haugianar-perioden på Svanøy. Det synest eg er litt artig, strålar styreleiaren.

Oslo 20200417. 
Musiker Stein Torleif Bjella har som alle andre kulturarbeidere avlyst alt av konserter på ubestemt tid. Likevel kommer Bjella ut med sitt nye album

NASJONALSKATT: Stein Torleif Bjella har nærast blitt ein nasjonalskatt dei siste åra. No kjem han tilbake til Kinn for å spele på Svanøy til sommaren.
Foto: Heiko Junge

Bremnes sine konsertar representerte noko nytt for Sommarkonserten på Svanøy. I staden for den eine konserten på laurdag med full låve, var det to konsertar med færre folk men sitteplass til alle. Det var ein umiddelbar suksess.

– Vi fekk svært mange gode og eintydige tilbakmeldingar om at dette konseptet måtte vi berre fortsette med. Eg meiner at Bjella er perfekt for det formatet.

To konsertar

Det blir med andre ord to konsertar på Svanøy sommaren 2026 og, men kven som vil stå på scena på laurdagen er ikkje Teigen klar for å fortelje heilt enno.

– Det vert publisert snart. Eg trur nok mange vil gle seg også til den konserten!

Teigen fortel at i 2026 blir det endå meir kultur på Svanøy enn tidlegare år. Konsertane er berre toppen av kransekaka.

– Svanøyveka vert enno meir rikhaldig enn i år. Richard og Adrian, gjestekokkane på Hovedgården, sit og lagar meny for sommaren alt no og det må til, for bookingane har alt byrja å kome inn. Det er fleire som har bestilt både bord og overnatting, så her må vi berre få systema på plass.

– Når blir konsertbillettane lagt ut?

– Dei er allereie tilgjengelege på TicketCo. Den perfekte juelgåva, spør du meg!