Budsjettet for Ørsta kommune er under tilarbeiding og vi ser resultatet ta form, det ser ut til at kursen er sett og målet til ROBEK er brulagt med stein ifrå dei som tidlegare sett i kommunestyret, deriblant meg.
Tida vi no er i har ingen rom for nye investeringar og alt må settast på vent i fleire år, men det ser ut til at det ikkje er aktuelt. Elefanten i rommet er Ørsta kultur og kompetansesenter, ØKKS. Alle ynskjer at den vidaregåande skulen skal fornyast og fortsette sin aktivitet her i kommunen og det har Ørsta lagt til rette for i form av regulering og samarbeid, fylkeskommunen kan begynne arbeidet når som helst. Problemet er vel likt der som her at pengane ikkje finst.
For Ørsta sin del kunne vi rigga oss økonomisk til dette prosjektet i dei to føregåande periodane, men det var ein vill lånefest i kvart møte der nye prosjekt kom inn og låneopptaket var konstant.
Vi kan lure på om det ikkje burde vere eit tak for låneopptak for kommunane slik det er for vanlege folk?
Slik sett er det noko i det som blir sagt av kommunalministeren og regjering at kommunane har moglegheiter for å drive godt, men eg trur det ville vore rett at det kom midlar direkte frå staten til einskilde oppgåver som kommunane får i oppdrag. Nye idear og måtar å gjere ting på kjem stadig utan at det følger pengar med. Staten burde sjå behovet her.
Eit døme er samhandlingsreforma som pålegg kommunane å ta seg av utskrivne pasientar frå sjukehuset som ikkje klarer seg sjølv, her får kommunane dagsbøter for kvar dag dei ikkje tek imot pasientar som høyrer til i heimkommunen sin. Kommunane gjer som dei får beskjed om. Det blir gjort mykje bra for folk i kommunane og vi ynskjer det skal fortsette slik.
Det betyr også at dei bygdene som har igjen skule og barnehage framleis må ha dette tilbodet for at det skal vere bulyst i heile kommunen, stadige strukturendringar og forslag om nedlegging av tilbod er slitande.
Vi kan stramme inn og nedbemanne men det vil framleis vere behov for folk i arbeid, helst nok folk slik at presset ikkje blir for stort og sjukefråværet aukar. Der det er rom for effektivisering og enklare dagdrift bør kommunen sjå på bemanning og flytte ressursar dit det trengst. Kommunestyret fekk god innføring av tidlegare kommunedirektør at dei tilsette i kommunen ikkje trengde stillingsskildring for det var stor fleksibilitet.
Tilbake til ØKKS, eit vedtak om dette prosjektet slik det ligg føre kjem til å velte kommuneøkonomien og det går direkte utover den daglege drifta av kommunen. Dette er ikkje innbyggjarane tente med og eg håper kommunestyret tek dette innover seg.
I lys av tomme symjebasseng og støva ned ventilasjonsanlegg, og målingslause veggar.