Tysdag 11. november bytte bensinstasjonen i Dimmelsvik namn frå Best til YX. Men sjølv om namn og profilering blir ny, vil ikkje kundane merka noko stor skilnad, skriv det som no heiter YX Dimmelsvik i ei pressemelding.

– Vi fortset drifta akkurat som tidlegare, med same lokale eigarskap og tilsette. Det einaste som endrar seg er namnet på stasjonen, alt anna er som før, seier Bernt Bjørsvik i pressemeldinga.

Namnebytet er siste steg etter at Best Stasjon AS og YX Betjent AS slo seg saman og blei YX Norge AS i august i fjor.

– Vi står sterkare saman som éi kjede under YX-namnet. Dette gjer oss meir synlege og betre rusta til å møta kundane sine behov i åra som kjem, seier Bjørsvik og held fram:

– Vi er stolte av å vera ein del av YX-familien, og av å driva ein stasjon som betyr mykje for lokalsamfunnet her. Vi skal framleis vera den naturlege stoppestaden for våre kundar.