Ei ung kvinne blei sikta for aktlaus køyring etter ei alvorleg trafikkulykke på fylkesveg 659 i Haram 21. juli i år.
No har ho møtt i Sunnmøre tingrett og tilstått at ho ikkje var nok merksam og kom over i motgåande køyrebane. Dette førte til kollisjon med ein møtande bil.
Kvinna har i retten forklart at ho blei forstyrra av ei fluge og at dette førte til at ho kom over i feil køyrebane.
Begge bilane fekk store skadar i kollisjonen.
Foto: Jan-Erik Finsæther (Arkiv)
Både kvinna sjølv, dei to passasjerane hennar og dei to som sat i den andre bilen fekk skadar. Tre av personane var fastklemde, ifølge det politiet opplyste etter ulykka.
Kvinna er dømd til 15 dagar betinga fengsel, med prøvetid på to år.
Presisering: I ein tidlegare versjon av artikkelen var det ikkje presisert at dommen er betinga. Dette blei lagt inn klokka 12.15.
Ho mister også førarkortet i åtte månader.
Dessutan må ho ta full ny førarprøve for å få igjen førarkortet.
Det er lagt vekt på at den aktlause køyringa skjedde i 80-sone, i ein sving og at det førte til ein frontkollisjon med omfattande personskadar og materielle skadar.
Retten held også fram at kollisjonen hadde betydeleg skadepotensial.
I formildande retning legg retten vekt på at kvinna har erkjent straffskuld.
Fem personar til sjukehus etter ulykke