– Det er litt bob-bob. Eg vil helst høyre lydbok.
Ludvig-Bjørn Kumlin-Herfjord går i 5. klasse på Voldsdalen skule i Ålesund.
Han les helst på nettbrett, og berre på skulen. No har han auga godt planta i ei stor bok. Kvar dag har dei lesestund på skulen, der alle i klassa skal lese frå ei valfri bok.
Ludvig-Bjørn Kumlin-Herfjord sit djupt investert i boka han har valt for lesestunda.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Dette er eit av tiltaka på skulen for å auke leselysta til femteklassingane.
Norske femteklassingar blir stadig dårlegare til å lese. Over kvar fjerde femteklassing presterer på lågaste nivå, viser ferske resultat frå nasjonale prøver.
Fleire les dårlegare
Leseevnene til norske femteklassingar har gått jamt nedover sidan 2022. Det er like lenge som leseevna har blitt målt på denne måten.
29 prosent av norske femteklassingar presterer på lågaste nivå i lesing – ein auke på seks prosentpoeng sidan 2022.
25 prosent presterer på høgste nivå. Ein nedgang på fire prosentpoeng på tre år.
Norske femteklassingar gjer det også dårlegare i engelsk, medan rekneevna held seg på same nivå frå i fjor.
Elevane i Klasse 5b på Voldsdalen i Ålesund les helst teikneseriar.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
– Det er veldig alvorleg. Etter fleire år med nedgang held det fram, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Ho meiner at årsaka botnar i at lærarane har fått mindre autoritet i klasserommet, og bruken av nettbrett og andre digitale verktøy.
– Det å få fleire bøker inn i skulen er viktig, i staden for skjerm. Ein les betre og fleire komplekse tekstar på papir, seier Nordtun.
Iben Olivia Moholt Hatmosøy les bok kvar kveld. Ho liker best å lese på papir. Det er lettare å halde styr på.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Blir litt betre
Det er nokre lyspunkt i resultatet. Norske åttandeklassingar presterer litt betre i både rekning og i engelsk. Leseevna held seg på same nivå.
Dei siste åra har også evnene til åttandeklassingar gått jamt nedover. Resultatet er framleis dårlegare enn i 2022, men trenden snur.
Nordtun meiner tala likevel jamt over burde bli betre. Ho meiner alle må ta i eit tak for å få lesing inn i kvardagen.
– Om det er foreldre eller besteforeldre: Sett dokker ned å lese med ungane. Skulen må bruke tid til lese kvar einaste dag med elevane.
– Les ein ikkje kvar dag i femte klasse?
– Dei fleste gjer heldigvis det. Men det er framleis fleire som ikkje har sett dette godt nok i system, seier Nordtun.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Foto: Hanna Hiim Sindre / NRK
Les kvar dag
På Voldsdalen skule har dei allereie tatt rådet frå kunnskapsministeren i bruk. Kontaktlærar Kristina Bøe Stølen seier at ho ser forskjell på korleis elevane les no, og då dei starta med å lese kvar dag.
– Eg føler dei les meir no enn dei gjorde då vi starta, og dei kan til å med spørje om vi kan ha lenger lesekvart eller ein lesekvart til, seier Stølen.
Skulen har eit særleg fokus på lesing. Lesekvart er eit av tiltaka. Elevane får velje bok sjølv. Det er ein sjanger som regjerer: Teikneseriar.
Siri Ristesund Svinø elskar å lese, og trur at lesekvart har gjort ho til ein betre lesar.
– Ja, mykje betre. Og det går veldig kjapt, seier Svinø.
Siri Ristesund Svinø les opp til ei halv bok i veka.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Publisert
13.11.2025, kl. 07.57