Hydro har teke endeleg investeringsavgjerd for si største vasskraftutbygging på over 20 år. Bygging av Illvatn pumpekraftverk i Luster kommune startar no i november og driftsstart er forventa i 2030.
Det melder Hydro i ei pressemelding fredag morgon.
Det nye pumpekraftverket i Luster kommune i Vestland fylke vil gje ein ny årleg fornybar kraftproduksjon på 107 GWh og skal gå til Hydros aluminiumproduksjon. Bruttoinvestenga er på 2,5 milliardar kroner. Gjennom kontantstraumskatten for vasskraftinvesteringar er Hydros nettoinvestering etter skattestimert til 1,2 milliardar kroner.
– Fornybar energi har aldri vore viktigare. No gjer me den største investeringa i vasskraftporteføljen vår sida utbygginga av Nye Tyin kraftverk i Årdal i 2004. Illvatn pumpekraftverk vil bidra med auka energiproduksjon, magasinkapasitet og effekt frå anlegga våre i Fortun. Når me no tek dette store løftet, er ambisjonen vår «netto-null»-tap av prioritert natur. Med det set me ein ny standard for vasskraftutbygginga vår, seier Kari Ekelund Thørud, konserndirektør i Hydro Energi, i ei pressemelding.
Sogn Avis kjem attende med meir om den store investeringa.