Staten tapte mot miljøorganisasjonane i ankesaka om utbygging av oljefelta Breidablikk, Tyrving og Yggdrasil. Staten må greia ut på nytt og betala millionbeløp.

Dermed kjem lagmannsretten til den same konklusjonen som Oslo tingrett gjorde i januar 2024.

Greenpeace og Natur og Ungdom fekk i tingretten medhald på alle punkt i søksmålet mot staten om løyve til utbygging av dei tre oljefelta Breidablikk, Tyrving og Yggdrasil i Nordsjøen.

Staten anka dommen til lagmannsretten, men også der vann miljøorganisasjonane fram.

Ikkje tilstrekkeleg greidd ut

Lagmannsretten meiner at «klimavirkningene fra forbrenningsutslipp verken er tilstrekkelig utredet eller vurdert, blant annet opp mot gjenværende karbonbudsjettår», skriv presseavdelinga i lagmannsretten i ei pressemelding.

– Det er heller ikkje sett på dei kumulative forbrenningsutsleppa frå norsk petroleumsverksemd. Godkjenningane oppfyller ikkje krava til saksbehandling som følgjer av EUs prosjektdirektiv og den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8. Konklusjonen i lagmannsretten er at PUD-godkjenningane blir rekna som ugyldige, heiter det vidare.

Forkortinga PUD står for plan for utbygging og drift av oljefelta. Energidepartementet må betala nesten 7 millionar kroner i sakskostnader til organisasjonane for behandlinga av saka i både tingretten og lagmannsretten.

Miljøorganisasjonane jublar

Leiar i Greenpeace Norge Frode Pleym seier at dei er utruleg letta og glade, men at dommen i lagmannsretten ikkje kjem som ei overrasking.

– Stadig fleire domstolar både i Norge og internasjonalt utøvar sitt ansvar for å verna folk mot farlege klimaendringar skapte av oljeindustrien, seier Pleym i ei pressemelding.

Natur og Ungdom-leiar Sigrid Hoddevik Losnegård seier at dommen er «ein siger for både oss og framtida».

– Det viser at det nyttar å stå på, og at kampen for klimaet faktisk blir teken på alvor. No forventar vi at politikarane følgjer opp og set ein endeleg stopp for oljefelta, seier ho.

Mellombels åtgjerd

Lagmannsretten har gitt pålegg om mellombels åtgjerd og at staten må gjennomføra ny saksbehandling før dommen er rettskraftig.

Dette er gjort «med henblikk på at det innen seks måneder, alternativt to måneder etter rettskraftig avgjørelse, treffes nye avgjørelser av om PUD skal godkjennes eller ikke», heiter det i pressemeldinga.

Pleym seier organisasjonane no forventar at staten stansar aktiviteten på felta med ein gong.

– Ingen står over staten, heller ikkje staten, seier han til NRK.

Blir hylla av fleire parti

Dommen i lagmannsretten er eit varsku til styresmaktene, seier nestleiar Sofie Marhaug i Raudt.

– Vi treng langt grundigare og ærlegare konsekvensutgreiingar når vi behandlar nye oljefelt. Dette må politikarane ta lærdom av, seier ho.

Nestleiar i SV Lars Haltbrekken seier dommen viser «endå ein gong at oljepolitikken til regjeringa er ute å køyra».

– Det blir tydelegare og tydelegare at dei ikkje forheld seg til Noregs lover. Det er på overtid at regjeringa respekterer lova, seier han.

Une Bastholm i Miljøpartiet Dei Grøne kallar dommen «historisk» og meiner staten må stansa aktivitetane.

– Dette er akkurat det MDG åtvara mot då Stortinget gav utvinningsløyve, nemleg at desse kunne vera ulovlege fordi miljøkonsekvensane ikkje var godt nok greidde ut. Dette må få konsekvensar. Vi meiner aktiviteten på felta må stansast til vi veit kva dei reelle klimakonsekvensane er, seier Bastholm.

Kan bli anka

Regjeringsadvokaten, som fører saka for Energidepartementet, antydar at dommen vil bli anka til Høgsterett.

– Dommen er omfattande, og vi skal gjera ei grundig ankevurdering. Men det er naturleg at desse spørsmåla får ei behandling og avklaring i Høgsterett, seier Omar Saleem Rathore og Gøran Østerman Thengs hos Regjeringsadvokaten til NTB.

Dei seier at lagmannsretten er heilt klar på at det ikkje er grunnlag for å stansa aktiviteten på desse felta no.

– Men slik vi les dommen, stiller lagmannsretten opp nye og strengare krav til utgreiing og saksbehandling enn det som til no har vore lagt til grunn. Samtidig får styresmaktene ein frist på seks månader til å gjennomføra ei ny behandling av løyva, seier dei to.