Det opplyser Vegvesenet i ei pressemelding.

Ordninga, i samarbeid med Norges Lastebileier-Forbund (NLF) og Mesta, krev strenge føresetnader for å sikra trygg ferdsel når fjellet elles er stengt for all trafikk.

Vegvesenet førebur ein ny type kolonne for tungbilar som skal operera over E 134 Haukelifjell denne vinteren. Denne spesielle kolonnen vil berre køyra når fjellet er stengt for vanleg trafikk på grunn av svært krevjande vêrtilhøve. Målet er å oppretthalda trafikkflyten for næringstransport der ordinær kolonnekøyring ikkje er mogleg.

Ingmar Ulvenes, seksjonssjef for Drift sør i Statens vegvesen, understrekar at dette ikkje er ei standard løysing:

– Dette blir ikkje ein ordinær kolonne. Dette blir ein eigen kolonne under svært krevjande forhold, seier han i pressemeldinga.

Samarbeidet med Norges Lastebileier-Forbund (NLF) og entreprenøren Mesta har vore sentralt i utviklinga av retningslinjene. Tryggleik for både sjåførar og brøytemannskap er prioritert. Det blir stilt strenge krav til køyretøy og sjåførar som ønskjer å delta, inkludert gode dekk, tettlenkja kjettingar, minst halvfull tank, slepekrok, varme vinterklede og tilstrekkeleg mat og drikke. Kolonnevaktene vil framleis vurdera situasjonen og bestemma kven som får vera med.

To ulike fjell

Mange samanliknar Haukelifjell med Hardangervidda, der det har vore eigen tungbilkolonne i fleire år. Seksjonssjefen i Vegvesenet meiner dei to fjella er for ulike til å bli samanlikna.

– Haukelifjell er eit heilt anna fjell enn Hardangervidda. Rv. 7 over Hardangervidda er fire mil med berre fjell. På Hardangervidda er terskelen for å innføra tungbilkolonne mykje lågare, og det same er terskelen for å stengja. Over Haukelifjell har me fleire tunnelar og evakueringsmoglegheiter. Det er nettopp når fjellet stengjer, at denne tungbilkolonnen over Haukeli startar opp. Viss vêret tillèt det, fortel Ulvenes.

Vil ha meir næringstrafikk

NLF ønskjer prøveordninga velkommen, då ho vil bidra til auka næringstrafikk over fjellet mellom aust og vest, spesielt under tøffe forhold. Regionsjef Reidar Retterholt i NLF framhevar fordelane:

– Me er positive til denne prøveordninga, og me set pris på samarbeidet me har hatt med Statens vegvesen og Mesta. No vil me ha meir næringstrafikk over fjellet under tøffe forhold. Alternativet har til no vore å venta når vegen er stengd eller køyra kysten, uttalar Retterholt.

«Statens vegvesen har sett 1. desember som oppstartsdato for den nye tungbilkolonnen. Då skal utstyr, mannskap og retningslinjer for å handtera den nye kolonnen vera på plass», står det i pressemeldinga.