Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder klokka 11.14 om at politiet er på veg til Bremanger, etter å ha blitt varsla om at to vogntog står fast.
Desse skal stå om lag 300 meter sør for Magnhildskartunnelen på fv. 614.
Det er bratt stigning på staden, og det vert opplyst at brøytebil ikkje kjem seg forbi. Vegtrafikksentralen Vest skal vere varsla.
Operasjonsleiar Steinar Hausvik fortel til Firda at politipatruljen er framme på staden, og at dei melder at det er glatt og dårlege køyreforhold på staden.
Hausvik fortel at det eine vogntoget er opplyst å vere utanlandsk. Om dette gjelde dei begge, er han ikkje kjent med.
– Korleis er trafikken påverka? Og vert det jobba på staden med å legge kjettingar, eller er det behov for større bilberging?
– Det veit vi per no ikkje. Patruljen har akkurat komme fram på staden, fortel Hausvik.
Bilbergar må også legge på kjetting
Vegen er stengd for køyretøy større enn 7,5 tonn.
Klokka 11.49 skal bilbergar vere på veg til staden.
Trafikkoperatør Ken Ove Holm ved Vegtrafikksentralen Vest fortel at bilbergar er rekvirert frå Nordfjordeid. Sist melding frå bilbergaren kom klokka 12.10, og då melde sjåføren å vere om lag 20 minutt unna staden.
Men trafikkoperatør Holm nemner noko som ytterlegare skildrar korleis køyreforholda på staden:
– Han må sjølv legge på kjetting først.
Køyreforholda forverra
Trafikkoperatøren er ikkje kjent med om det er begge eller éitt av vogntoga som treng berging.
– Eg har ikkje dei detaljane, anna enn at begge er opplyst å vere dårleg skodd.
Holm fortel vidare at køyreforholda på staden har blitt ytterlegare forverra, ettersom at brøytebil ikkje har kunne passere grunna dei to vogntoga.
Firda oppdaterer saka.