Saka oppsummert:
Siste oppteljing viser at det er 79 datasenter i Noreg – heilt i tråd med vyane til regjeringa om å skape konkurransedyktige vilkår for ein vekstindustri med lågt karbonavtrykk.
Men når datasenterstrategien støyter mot den 100 år gamle lova om konsesjonskraft, har det dukka opp eit par uventa konsekvensar:
- Den oppmuntrar kraftkommunane til å bruke meir kraft.
- Den forstyrrar fordelinga av kraftinntekter.
I denne saka gjer vi greie for 2008-vedtaket om å definere datasenter som noko anna enn «industri», og eit verkemiddelapparat som strevar med å stokke beina. Prisen betaler gode naboar.
I Sirdal tar dei vare på den gode naboskapen ved å vere rause og sjenerøse i staden for å følge lovteksten slavisk
Det er ein tysdag i november og det surklar og krafsar i bekker, oppdrettsanlegg og turbinar.
Gjennom bilvindauget glir bedehus, Joker-butikkar, grustak, merdar og vindturbinar forbi.
Og eit datasenter i ein gamal gruvesjakt.
Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) er på rundreise i Sogn og Fjordane, og turen har komme til Lefdal Mine Datacenter under fjorden utanfor Måløy.
– Kvar og ein av oss er innom minst 40 datasenter om dagen når vi er på nett. Da er det viktig at vi har trygge datasenter i Noreg, og at datasenternæringa er berekraftig og bidrar til arbeidsplassar, seier Tung. Her på besøk i Lefdal Mine Datacenter.
Foto: Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Dei siste åra har vekslande regjeringar rydda unna praktiske, tekniske og juridiske hinder som står i vegen for utbygginga, og denne månaden blei datasenter nummer 79 registrert.
Heilt i tråd med visjonen om at Noreg skal vere det beste vertskapet i verda for kritisk digital infrastruktur med lågt karbonavtrykk.
Men aldri så godt at det ikkje er vondt for noko.
Dette er historia om kva som skjer når 79 datasenter støyter mot ei hundre år gammal solidaritetsordning som heiter «konsesjonskraft».
Kortversjonen er at kollisjonen fører til ufred og dårleg stemning blant det som var gode naboar.
Den lange versjonen er at det også kan gå bra. Det får du høyre meir om heilt nedst i saka.
Kva er konsesjonskraft?
Konsesjonskraft er ei ordning i Noreg som gir kommunar og fylkeskommunar rett til å få ein del av den krafta som blir produsert innanfor deira geografiske område.
Dette er eit av krava til kraftselskapa når dei får løyve til å utnytte vassressursar til kraftproduksjon.
Ordninga blei etablert som eit verkemiddel for å sikre at lokalsamfunna får direkte nytte av dei naturressursane som dei forvaltar.
Konsesjonskrafta blir typisk levert til ein pris som ligg godt under marknadsprisen, noko som kan bidra til lågare straumprisar for innbyggarar og næringsliv i dei aktuelle kommunane.
Dei same kommunane kan også velje å selje krafta vidare – med forteneste.
Konsesjonskraftprisen for 2025 er fastsett til 12,89 øre per kilowattime (kWh).
For 20 år sidan hadde internett knapt 100 millionar brukarar på verdsbasis. I dag er vi meir enn 4 milliardar menneske som sender, søker og strøymer. Dei neste åra vil kunstig intelligens auke databruken ytterlegare.
Foto: NRK
– Heilt hol i hovudet
Da systemet med konsesjonskraft blei innført på byrjinga av 1900-talet, handla det om å kompensere vertskommunen for tapte naturverdiar og å sikre «elektrisk kraft til smaaindustri, gardsdrift og belysning» i heile landet.
For å sikre regional aksept blei det i tillegg bestemt at fylket skulle få den konsesjonskrafta som var til overs når vertskommunen var forsynt.
Dermed var alle partar vel forlikte.
Vel hundre år seinare har «datasenter-kappløpet» sett balansen mellom regionale og lokale interesser i spel:
- Dei rikaste kommunane får ein større del av kaka.
- Og kakestykket blir større jo meir straum dei bruker.
Paradokset er at begge ting skjer på same tid som myndigheitene oppmuntrar til å spare straum og til å spreie inntektsstraumane i Kommune-Noreg jamnare utover.
Medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Sofie Marhaug (Raudt) seier til NRK at det er «heilt hol i hovudet» korleis systemet spenner bein på seg sjølv.
Ho krev full stans i utbygginga av datasenter innan staten greier å stokke beina.
– Dette er ein skummel felle. Det er store tek-gigantar som tener godt på dette, ikkje Noreg, seier ho.
Dette svarer regjeringa
Karianne Tung, digitaliserings- og forvaltningsminister
– Datasenter er moderne industribygging som bidrar til lokale arbeidsplassar i distriktet og til lagring, eller prosessering av viktige data om norske innbyggarar.
– I Nordfjordeid er det investert milliardar i eit datasenter i ei nedlagd gruve som sikrar arbeid til fleire lokale bedrifter innan, bygg, elektro og data. Det kjem i tillegg til dei 40 tilsette ved datasenteret. Det er oppsiktsvekkande at Marhaug er ein klar motstandar av lagring av data om norske innbyggarar på norsk jord og viktige arbeidsplassar i distrikt-Noreg, som i Nordfjordeid.
– Noregs fremste superdatamaskin (Olivia) for forsking, offentleg sektor og utvikling står plassert i Lefdal Mine og blir blant anna brukt til kunstig intelligens. Dedikerte KI-datasenter på norsk jord styrker Noregs posisjon i det globale KI-kappløpet. Det er viktig for oppbygging av nasjonale språkmodellar, for forsking på kreft og det bidrar til kompetansebygginga og arbeidsplassar innan kunstig intelligens i Noreg.
– Ber preg av å ha blitt etablert i ei anna tid
NRK har snakka med fleire som tidfestar syndefallet til 2018.
Da bestemte regjeringa at datasenter ikkje er for industri å rekne, etter påtrykk frå Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK).
I staden blei straumbruken i datasenter definert som «alminneleg forbruk».
For kraftkommunar betyr det at dei kan bli vertskap for fleire vanlege straumbrukarar, og dermed får ein større del av konsesjonskrafta.
Prisen betaler naboane, som skulle få restane.
(Meir detaljert forklaring her.)
Abelia-direktør Øystein E. Søreide meiner klassifiseringa av datasenter heng igjen i gamle førestillingar om at «industri» er noko som produserer fysiske varer.
Han seier skiljet mellom tradisjonell og ny kraftforedling (som datasenter) er «utdatert og manglar fagleg grunngiving»:
– Datasenter vidareforedlar energi til tenester med høg verdiskaping på same måte som annan industri, og er ein del av det samla industrielle økosystemet.
Dagleg leiar i Kraftfylka, Olav Hallset, meiner det er på tide å justere systemet på ein måte «som ikkje set kommunar og fylkeskommunar opp mot kvarandre»:
– Det kan vere gode grunnar til å revurdere klassifiseringa. Ho ber preg av å ha blitt etablert i ei anna tid.
Derfor er definisjonen omstridd
Fleire har etterlyst ein meir finmaska definisjon av kva eit datasenter eigentleg er og kva for ein kategori dei tilhøyrer.
Resonnementet går slik: Dersom datasenteret er vert for kommunen si webløysing og e-postar, så er det rimeleg å tenke på det som lokal tenesteproduksjon, og ikkje industri.
Men eit datasenter kan også vere ein del av industrielle økosystemet: Eit datasenter som har ein eksportretta og kraftintensiv operasjon, er for alle praktiske formål for industri å rekne.
Da det regjeringsoppnemnde Inntektssystemutvalet i 2022 foreslo at kraftkommunane burde vere meir solidariske med resten av Kommune-Noreg, blei forslaget «lagt dødt» etter berre éin dag. Også tidlegare forsøk på å omfordele norske kraft-milliardar har stranda. I 2020 snudde Solberg-regjeringa etter at 200 vasskraftkommunar reiste bust.
Foto: Hafslund Eco
– Må bli mykje hardare regulert
NRK har tidlegare skrive om Telemark-kommunen Vinje, som har «meir konsesjonskraft enn dei klarer å bruke», og derfor planlegg to datasenter.
Eit anna eksempel er Sirdal kommune, som i dag bruker rundt ein tredel av det potensielle konsesjonskraftvolumet sitt.
Om dei utnytta heile potensialet, kunne kommunen hatt fleire titals millionar i auka inntekter.
Sjå utrekninga her.
Marhaug karakteriserer «datasenter-kappløpet» som eit slags omvendt kinderegg:
- Fleire datasenter aukar presset på naturen
- Det gir høgare straumprisar
- Det «støvsugar» landet for kraft
I fjor blei det klart at Google ønsker 7,5 terawattimar til eit nytt datasenter i Skien.
Det svarer til 5 prosent av den norske straumbruken og er meir enn dobbelt så mykje som elektrifiseringa av Melkøya vil koste (3,6 TWh).
– Denne næringa må bli mykje hardare regulert, seier Marhaug.
– Vår eiga sikkerheit og infrastruktur må vere førande, ikkje smotthol i tildelinga av konsesjonskraft mellom kommune og fylkeskommune.
Prinsippet bak det norske kraftmirakelet blei første gong formulert av kong Salomo for 3000 år sidan: Alle elvar renn ut i havet, men havet blir ikkje fullt; dit elvane før har runne, fortset dei å renne.
Foto: Statkraft
Ordførar: – Må kome heile regionen til gode
I Agder har vasstraumen frå Sirdalheiene til havet sørgt for kraftinntekter, vekst og levande bygdesamfunn i meir enn femti år.
Sirdal-ordførar Jonny Liland (Ap) ser inga motsetning mellom lokale og regionale interesser.
Kommunen gjer det godt når fylket har det godt – og vice versa.
Om fordelinga av konsesjonskraft endrar seg som følge av eit datasenter, har derfor kommunen og fylkeskommunane blitt einige om ei anna fordeling enn det lova legg opp til.
Av same grunn har kommunen sponsa rassikringar og oppgraderingar på fylkesvegane, forklarar Liland:
– Vi vil bidra på ein måte som kjem heile regionen til gode.
Jonny Liland, ordførar Sirdal kommune og nestleiar i LVK
Det er rimeleg at delar av verdiskapinga blir igjen der verdiane blir utnytta. Så inneber etablering av datasenter nær produksjonen ein stor naturmessig gevinst. Da unngår ein å bygge milevis med linjer i urørt natur.
Hallgeir Braastad / NRK
Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet
Utan ein heilskapleg plan, er utbygginga katastrofalt for andre kraftbrukarar, for energiomstillinga og for naturen. Noreg treng ein seriøs diskusjon om kor mange datasenter vi skal vere vertskap for, kor mykje kraft dei kan bruke, kor dei skal ligge og om det er greitt at enorme mengder overskotsvarme ikkje blir utnytta. Inntil da: Pause!
(frå debattinnlegg hos Altinget.)
privat
Rikard Spets (Frp), medlem i energi- og miljøkomiteen
Datasenter er ein naturleg del av den digitale utviklinga og bidrar til effektivisering og verdiskaping. Det er også eit poeng at når data blir lagra i Noreg, styrkar vi både beredskap og nasjonal sikkerheit. Problemet er ikkje datasentera – problemet er at regjeringa har svekt kraftoverskotet gjennom ukritisk elektrifisering av samfunnet, som ved elektrifisering av sokkelen.
Øystein E. Søreide, administrerande direktør i Abelia
Kraftsystemet bør bygge på prinsipp om næringsnøytralitet og teknologinøytralitet. For å støtte Noregs omstillingsevne bør klassifisering og prissetting av kraft vere teknologi- og næringsnøytral, og baserast på objektive kriterium. Dette vil bidra til eit meir føreseieleg kraftregime og gi like rammevilkår for både tradisjonell industri og moderne datasenter- og teknologiverksemd.
Olav Hallset, dagleg leiar i Kraftfylka
Det kan vere gode grunnar til å revurdere klassifiseringa om kraftforedlande industri. Det naturlege ville vere å legge faktisk energiforbruk til grunn for å vurdere om det er å rekne som kraftkrevjande eller ikkje. Hovudanliggandet vårt er å bidra til at det blir etablert auka produksjon av fornybar energi, meir effekt og auka nettkapasitet, i samarbeid med kommunane.
Norsk datasenterindustri
Reynir Jóhannesson, Dagleg leiar i Norsk datasenterindustri
Dei fleste av oss bruker fleire titals datasenter kvar einaste dag utan å tenke over at det er slik det fungerer. Når vi digitaliserer transport, helsevesen, undervisning og industri, aukar behovet for datakraft. Å framstille dette som «luksusforbruk» eller «nice to have» er å undervurdere den digitale grunnmuren som heile samfunnet nå står på.
(frå debattinnlegg hos Altinget.)
Ole Berg-Rusten / NTB
Sofie Marhaug, andre nestleiar i Raudt
Noreg har allereie datasenter med langt større kapasitet enn det folket i Noreg lagrar og prosesserer av data i dag. Store tek-gigantar tener godt på dette, men det gjer ikkje Noreg i stort. Raudt vil ha ein full stopp i utbygginga av datasenter til vi får eit nasjonalt konsesjonssystem på plass.