I kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett vert det foreslått skulenedlegging som innsparingstiltak. Eine forslaget er Bigset skule. «Førebelse utrekningar viser at kommunen vil spare omlag 6 millionar kroner årleg på dette.», står det på kommunen sine eigne nettsider. Kva i alle dagar er det slags uferdig reknestykke dokker serverer til våre folkevalde? Skal dei verkeleg fatte vedtak basert på desse tala?

Det er provoserande for oss foreldre å måtte bruke store mengder dugnadstimar frå fleirfaldige personar på å gjere research, for så å få bekrefta at mistankane våre er korrekte. Denne posten i budsjettet framstår som dårleg førebudd, ber preg av hastverksarbeid og har i beste fall store manglar i informasjonsinnhenting. Dette forhasta forslaget, som er stikk i strid med dei signala som er sendt ut, også heilt nyleg, er ikkje tillitsvekkande. Det heile har ein eim av brønnpissing.

Er dette ein fordekt måte å sette grupper opp i mot kvarandre for å få flytte fokus? Når krybben er tom bites hestene heiter det. Vi på Bigset nektar å la dette rive sund bygda vår. Det er ikkje vår kultur, vi veit betre enn å gå etter nesten vår. Men administrasjonen i Hareid har her gitt oss ein kort tidsfrist til å svare ut påstandane sine. Dette har auka det psykiske stresset hos oss innbyggarane. Både store og små. Og det har vore vanskeleg å halde utspel fri frå kjensleladda formuleringar.

La oss sjå litt på caset Bigset skule:

Vi ser ikkje vekk i frå at Bigset skule har eit straumforbruk per kvm. som er bort i mot halvparten av det andre skulebygg i kommunen har. Bigset skule er ein grøn skule, det vil seie at den har fokus på lavt forbruk i praksis. Flagget vaiar i flaggstonga som FAU har skaffa skulen. Dei sosiale tilhøva på skulen er gode og det er eit godt heim-skulesamarbeid. Klasseroma på Bigset er store, og høver godt til varierte læringsaktivitetar. Oppsummeringa vår er at dette må vere det beste skulebygget i Hareid. Kommunen har publisert tal som viser at Bigset skule brukar færrast kroner pr. elev. At det kan sparast 6 millionar på å legge ned skulen kan ikkje stemme.

Erfaringar frå andre stadar har vist at det psykiske stresset ved overfylte skular gir fleire sjukmeldingar, såleis auka vikarbruk og tapte innsparingar. Oppfylging av elevar som fell utanfor pga. låg vaksentettleik kostar mykje og blir dyrt. Resultata kjem til å bli dårlegare.

Kva plan har dokker for våre små som skal krysse den høgtrafikkerte ferdselsåra i Hareidsdalen på veg til eit busstopp midt i rushtida? Har dokker rekna inn kostnadane for dei trafikale sikringstiltaka, gangbru og liknande? Hugs at det tok fleire tiår før vi fekk den einaste trygge kryssinga vi har av Hareidsvegen!

Har dokker rekna inn skysskostnadar, og eventuelle utbetringar av fasilitetar på Hareid skule? Tatt høgde for SFO, uteområde og liknande? Ugjennomarbeidde budsjettpostar med slike manglar kan vanskeleg gi ein god rekneskap. Logikken til administrasjonen i skulenedleggingsforslaget blir som å slutte drive vedlikehald av eit hus, for så å kalle det eit langsiktig sparetiltak. Dette er lite tillitsvekkande.

For nokre veker sidan sa leiinga i kommunen at skulenedlegging ikkje er noko dei jobbar med. Korleis kan dokker då legge fram dette no? Kvifor utgreier dokker ikkje kostnadane fyrst og presenterer så reelle gjennomarbeidde tal til dei folkevalde? Dette viser kor prematur prosessen er.

Spør gjerne oss i krinsen om kva vi tenker dokker treng å ta med når det skal utgreiast, for eksempel:

Bigset krins har jamn tilflytting av barnefamiliar, heimattvende så vel som folk frå nabokommunar som tenker at boligprisane i Ulsteinvik er noko hissige. Det har vor stipulert lave elevtal før; femti elevar i år to tusen og ditt og 50 elevar i år to tusen og datt. Skremselstala har aldri før halde seg oppe. Viss vi beheld skule og barnehage på Bigset kjem det ikkje til å skje denne gongen heller. Her er noko flott og unikt her framme; den gode gamle kulturen, dugnad, basar, julegrantenning, pågangsmot, 17. mai, bygdetun og godt naboskap. Slik som vi bygde og framleis bygger landet på. Berre sjå på talet aspirantar i skulekorpset vårt! Det er ein grunn til at mange i Hareid krins ønskjer å sende borna sine framover.

Viss dokker legg ned skulen vil tilflyttinga til kommunen gå ned, forgubbinga gå opp, skatteinntektene frå foreldra utebli og overføringane frå staten gå ned. Det er det dyraste dokker kan gjere. Ikkje kast eit lite stykke kultur-Noreg på kortsiktigheitas bål!

Er denne prosessen dokkar i det heile tatt lovleg? Kan ein legge inn i budsjettinnsparingar postar som i ettertid krev utgreiing, høyring og vedtak for å kunne gjennomføre? Kva med prinsippet om kva som er barnets beste? Kva er best samfunnsmessig, pedagogisk og økonomisk? Har dei tilsette ved skulane fått uttale seg? Vi foreldre har i alle fall ikkje fått det.

Denne budsjettposten om skulenedlegging treng meir arbeid før den bør leggast fram for votering. Om det er med overlegg eller ikkje så har administrasjonen ikkje belyst kostnadane godt nok, og dermed står dei folkevalde i mørket, eller bak lyset.

Budsjettèr heller med sal av overflødige bygg. Og nei, Bigset skule er ikkje eit av dei.

Noko du vil dele di meining om? Send inn dine lesarbrev til redaksjon@vikebladet.no

Send inn dine lesarbrev

Open