– Vi kjem til å gjere det. Vi kjem til å selje dei F-35-fly.
Det sa USAs president Donald Trump i forkant av den saudiske kronprinsens besøk i Det kvite huset tysdag ettermiddag.
Saudi-Arabia har bedt om å få kjøpe 48 av det avanserte kampflyet, og Trump er med.
Dette skjer ikkje ofte. Det er i hovudsak berre USAs formelt allierte som får kjøpe fly av denne typen.
I Midtausten har Israel vore aleine om å ha flya, og alle fordelane som kjem med på kjøpet.
Om Trump no får vilja si, kan det endre den militære balansen i regionen.
Donald Trump og Mohammed bin Salman i Riyadh i mai.
Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP / NTB
Handlar om ein ting
Å sikre Israels militære fortrinn har vore så viktig for begge parti i amerikansk politikk at Kongressen skreiv det inn i lovverket i 2008.
Kva er det USA vil ha frå Saudi-Arabia som gjer Trump villig til å rokke ved dette?
Midtausten-forskar Eirik Kvindesland må le litt på kontoret sitt i Wien før han gir frå seg det korte svaret:
– Pengar.
Trump og den saudiske kronprinsen, kjend som MBS, under Saudi-US investment forum i Riyadh i mai.
Foto: FAYEZ NURELDINE / AFP / NTB
Både Trump og kronprins Mohammed bin Salman (MBS) er glade i ein god «deal». Det går rykte om at kronprinsens reisefølge til Washington D.C. består av ein liten armé av forretningsmenn.
Etter møtet i Det kvite huset, skal eit saudisk-arabisk business forum gå av stabelen i den amerikanske hovudstaden.
Visjonar og investeringar
MBS er tydeleg på at han vil forvandle landet sitt frå eit svært konservativt oljerike til ein meir moderne stat med fleire økonomiske bein å stå på. Han vil gjere Saudi-Arabia til både eit ferieparadis og ein global tungvektar innan kunstig intelligens (KI).
Det heile er oppsummert i Saudi Vision 2030
Men det betyr ikkje naudsynleg mindre autoritært.
– På den eine sida har det vore ein sosial liberalisering, men Mohammed bin Salman har også stramma grepet politisk, seier Midtøsten-forskar Charlotte Lysa ved Universitetet i Oslo til NRK (UiO).
Donald Trump Jr, presidentens son, under den årlege Future Investment Initiative-konferansen i Riyadh i oktober.
Foto: Future Investment Initiative Media Center / Reuters / NTB
Den saudiske ambassadøren til USA, prinsesse Reema bint Bandar, gjorde det klart at dei ønsker USA i ryggen under på eit businessforum i Miami for to veker sidan:
– Der forholdet vårt tidlegare var tufta på forsvar og olje, er det no teknologi, innovasjon og relasjonar som ligg til grunn, sa ho.
Trump ønsker på si side å realisere kronprinsens lovnad om å investere 600 milliardar dollar i USA. Lovnaden blei gitt då presidenten besøkte Golflanda i mai i år, men har framleis ikkje blitt til faktiske investeringar.
– Kampflya er nok eit av mange kort i samtalen om desse, trur Kvindesland.
Eirik Kvindesland er forskar ved Austrian Academy of Sciences.
Foto: Privat
Dyrekjøpt sikkerheit
Kronprinsen er villig til å investere tungt i amerikansk økonomi i bytte mot tilgang på KI-teknologi, amerikansk løyve til å utvikle atomenergi og sikkerheitsgarantiar.
Særleg etter Israels angrep på Qatar tidlegare i år, har Golflanda sett seg om etter sikkerheitsgarantiar.
Qatar fekk ein lovnad om vern i form av ein presidentordre signert Trump, men MBS er ute etter noko meir forpliktande.
– Dei ønskjer seg eigentleg ein militærpakt, eller ein forsvarspakt. Ein sterkare forplikting frå USA, seier Charlotte Lysa ved UiO.
Kvindesland peikar på noko av det same:
– Saudiarane ønsker seg ein slags Nato-aktig allianse med USA. Det er vanskeleg for amerikanarane å gi dei dette, men dei kan gi dei F-35, seier han.
Framleis må salet bli godkjent av Kongressen. Om det går gjennom, vil Israels militære overtak i lufta bli utfordra.
– Dei fryktar nok at Saudi-Arabia vil blande seg inn i deira aktivitetar i regionen. Dei siste åra har vi sett at Israel bruker luftkapasitetane sine ikkje berre til å forsvare seg, men også til å aktivt påverke regionen, seier Kvindesland.
Han viser til nylege luftangrep i både Qatar og Syria.
– Det bekymrar saudiarane, som vil unngå destabilisering i fleire område av regionen.
Vil ha normalisering
Både USA og Israel er allierte av USA, samarbeider i all hemmelegheit på ei rekke felt. Men internt i regionen har dei ulike prioriteringar.
Israelske tenestpersonar seier til Axios at dei ikkje er direkte imot at Saudi-Arabia får kjøpe kampflya. Men dei skal ha bedt Trump om å feste ein føresetnad ved kjøpet: Normalisering av forholdet til Israel.
Ein reklameplakat for Abraham-avtalene i Ramat Gan i Israel i juni.
Foto: Violeta Santos Moura / Reuters / NTB
Trump har sidan sin første periode som president prøvd å få Saudi-Arabia til å gå slutte seg til Abraham-avtalene, som formelt har normalisert forholdet mellom Israel og fleire arabiske nasjonar.
Det er venta at han vil presse på for dette også under dagens besøk. Men Kvindesland trur ikkje det blir noko normalisering med det første.
– På ingen måte. Der har Saudi-Arabia vore klinkande klare sidan 2002: Ingen normalisering utan ein palestinsk stat i Gaza og på Vestbreidda.
Israel håpar at MBS sitt besøk i Det kvite huset resulterer i normalisering med Saudi-Arabia.
Foto: JACK GUEZ / AFP / NTB
Blikk mot Vesten
Saudi-Arabia har vore vestleg orientert sidan dei og USA formaliserte «olje mot sikkerheit»-forholdet i 1945. Forholdet har stort sett vore godt, sett bort frå drapet på den amerikanske journalisten Jamal Khashoggi i 2018.
– Saudi-Arabia har hatt eit godt forhold til USA både under Trumps førre administrasjon og administrasjonen som er nå, seier Midtøsten-forskar Charlotte Lysa.
– Khashoggi-drapet har ikkje vore eit kritisk punkt mellom dei to landa på ei god stund.
Men MBS sine ambisjonar om å gi landet fleire økonomiske bein å stå på, ikkje berre olja, har ført til ein meir ambisiøs utanrikspolitikk, seier seniorforskar Tine Gade ved Nupi.
Kronprinsen har pleia forholda til BRICS-land som Russland og India, og fleire latinamerikanske land.
– Desse relasjonane bruker han så til å presse USA for å oppnå det han vil, seier Gade.
Pakistans statsminister Shehbaz Sharif og MBS etter å ha signert ein forsvarsavtale i september.
Foto: Saudi Press Agency / AP / NTB
Når det gjeld regionen trur Lysa at Saudi-Arabia håper på fred og mindre uro.
– Dei treng stabilitet rundt seg dersom de skal klare å tiltrekke seg investeringar og turisme, seier ho, og peikar på at Saudi-Arabia skal arrangere fotball-VM i 2034.
Trump vil på si side sørge for at saudiarane held seg i den amerikanske sfæren.
– Han vil at dei skal vere knytte til USA heller enn Kina på felt som KI, finans og sikkerheit, seier tidlegare Midtausten-utsending Dennis Ross til The Times of Israel.
Heldigvis for Trump, er USA framleis Saudi-Arabia sitt førsteval, ifølge Kvindesland.
– Det er først når det er uklart kor mykje USA er villig til å gi, at saudiarane ser seg om andre plassar for å få det dei treng.
Interessert i meir utanriksstoff? Lytt til redaksjonens eigen podkast:
Publisert
18.11.2025, kl. 16.37
Oppdatert
18.11.2025, kl. 17.12