Onsdag gjekk det som venta, då dei 67 bystyrerepresentantane skulle ta stilling til om dei hadde tillit til om Charlotte Spurkeland (H) skal få halda fram som sosialbyråd i byen.

  • Dei som har forplikta seg til å støtta byrådet har tillit til byråden.
  • Dei som ikkje har forplikta seg til å støtta byrådet har ikkje tillit til byråden.

Dermed har bystyrefleirtalet lagt ei list som nesten er umogleg å riva for Christine Meyer (H) og dei seks utvalde fagbyrådane hennar.

Når bystyret driv med kontroll og tilsyn må me kunna forventa at kvar og ein av representantane i bystyret let partihatten ligga att i garderoben, er prinsipielle, og politisk fargeblinde.

Me må òg kunna forventa at bystyrerepresentantane legg seg på ei konsekvent linje, og at forventingane til ein byråd er dei same uavhengig av parti.

Derfor var det i aller høgaste grad paradoksalt at det nettopp var Linn Engø (Ap) som fremja mistillitsforslaget mot Charlotte Spurkeland.

Om me skrur tida tilbake til nyåret 2020 var det Engø som var byråden som var i trøbbel. Foreldre som aldri skulle hatt tilgang, vart lagt til som brukarar av ein ny app som skulle brukast til kommunikasjon mellom skule og heim i Bergen kommune.

Finansbyråd Jacob Mæhle legger frem bybudsjettet for Bergen Bystyre.

Linn Engø gjekk i 2020 til slutt av som skulebyråd etter at fleirtalet i bystyret varsla at dei ville støtta eit mistillitsforslag. No er det ho som meiner at byråden burde gå av.
Foto: SKJALG EKELAND

Den gong var det partia som no styrer byen som kvessa dei parlamentariske stridsøksene sine, og kravde at byråden tok ansvar og gjekk av.

Byrådspartia på si side, svara med at Engø var for flink til å gå av, og var den som var best eigna til å ordna opp.

Alle var einige om at Linn Engø personleg ikkje kunne lastast for at feilen hadde skjedd, men at ho som sittande byråd var ansvarleg for at det hadde skjedd, og burde ha stoppa implementeringa av feilen endå tidlegare.

Litt over fem år seinare, er det parlamentarisk sett, ei langt meir alvorleg sak som har skapt trøbbel for sosialbyråd Charlotte Spurkeland.

Byrådsavdelinga Spurkeland har ansvar for har nemleg forfalska eit bystyrevedtak. Det fekk konsekvensar for over tusen bergensarar. 

Eli Waagbø Bøe klaget på bostøtte-feilen i henhold til bystyrets vedtak i mai. Vi møtte henne sammen med nabo Irene Fjeldsbø (til venstre).

Eli Waagbø Bøe og Irene Fjeldsbø fekk mindre bustøtte enn det dei hadde krav på. Då dei klaga til kommunen vart dei først neglisjerte, sjølv om dei hadde rett.
Foto: ANDERS KJØLEN

I sommarmånadane då mange av oss svei av litt ekstra pengar, kanskje for å unna seg ein liten ferietur, fekk nemleg over tusen av dei bergensarane med dårlegast økonomi mindre pengar enn dei hadde krav på, på grunn av at byråkratane hadde klussa med det nemnde bystyrevedtaket.

Fleire pensjonistar stod fram i BA og påpeikte at dei hadde fått mindre enn dei hadde krav på, men vart neglisjerte av byrådet.

I tillegg gjorde ein reknefeil at fleire barnefamiliar i byen òg fekk mindre pengar enn dei hadde krav på. Då byrådsavdelinga til Spurkeland vart gjort oppmerksam på dette, vart det bestemt at ein skulle lata som ingenting, og ikkje betala ut det kommunen skulda barnefamiliane.

Charlotte Spurkeland er kjent for å være grundig, analytisk og samvittighetsfull, skriver innsender.

Charlotte Spurkeland har stått rakrygga i stormen. Onsdag fekk ho tilitserklæringa frå bystyrefleirtalet.
Foto: EIRIK HAGESÆTER

Utgangspunktet for den første feilen var at Spurkeland og byrådet ikkje hadde kontroll på innhaldet i eit vedtak dei la fram for bystyret. Vedtaket lova at kommunen skulle greia å henta inn langt meir pengar på bustøttekuttet enn det som var realiteten.

Seinare kunne BT òg melda om at dette ikkje var den einaste saka der byrådet ikkje hadde kontroll over kva dei leverte frå seg. Då ein handlingsplan vart lagt ut på høyring, vart konfidensiell informasjon om samarbeidet mellom skular og krisesenter delt.

I sum er dette sakskomplekset langt meir parlamentarisk alvorleg, enn det Engø måtte hanskast med i 2020.

Likevel måtte Engø gå, mellom anna fordi opposisjonspartia Høgre og Framstegspartiet meinte det var parlamentarisk riktig, medan dei same partia no meiner at det er parlamentarisk riktig at Spurkeland får sitta.

Det motsette kan ein seia om Arbeidarpartiet. Dei forsvarte sin eigen byråd i 2020, men meinte at Spurkeland burde gå fem år seinare.

Av partia som sat i bystyret i begge periodane, er det faktisk berre SV som fall ned på den same konklusjonen i 2020 og i 2025.

Dei var nemleg som einaste parti konsekvente på at både Engø og Spurkeland burde ta det parlamentariske ansvaret og gå av.

Alle andre parti snudde altså kappen etter kva som gagna den alliansen dei var ein del av.

Sjølv om mistillit er eit vesentleg verktøy i den parlamentariske verktøykassen, finst det andre måtar å ta ansvar på, enn at ein byråd på død og liv skal kastast.

Slik treng det ikkje vera. Det er fullt mogleg å ta ansvar gjennom å rydda opp.

Det skal Charlotte Spurkeland ha. Ho har vore audmjuk, open og vist vilje til å rydda opp. Akkurat slik Linn Engø gjorde for fem år sidan.

Det som er lite tillitvekkande med bergenspolitikken, er at desse to sakene viser total mangel på vilje til å vera prinsipiell og konsekvent.

Om Høgre og Framstegspartiet verkeleg meinte at det var rett og kasta Engø, burde dei ha komme fram til same konklusjon i spørsmålet om Spurkeland.

Det aller mest oppsiktsvekkande er likevel at støttepartia til byrådet heller vel å vera lydige og godt likte blant byrådspartia, enn å markera støtte til alle dei økonomisk vanskelegstilte i byen, som fekk svi for feila som vart gjorde.

Bergenslisten fremmer sterk kritikk mot sosialbyråden: – Var sterke synspunkt om avgang  - 31 i bystyret krever sosialbyråden sin avgang. Mens byrådspartiene har full tillit til henne, fremmer flere samarbeidspartnere sterk kritikk.

Trond Tystad, Frode Hellebø og Fred Risberg

Trond Tystad reiste sterk kritikk mot byråden i bystyret, men ville ikkje fella byråden.
Foto: ANDERS KJØLEN

Bergenslisten og Industri og næringspartiet vart valde inn i bystyret fordi dei skulle snakka vanlege folk si sak mot makta på rådhuset. I denne saka valte dei heller å verna byrådet, enn sørga for at feilen som ramma bustøttemottakarane fekk konsekvensar.

Pensjonistpartiet burde vel ta side med dei råka minstepensjonistane? Neida. Også dei valte å verna makta framfor å ta parti med pensjonistane som lenge varsla om feilen for døve øyre.

Finansbyråd Jacob Mæhle (H) legger frem byens budsjett i dag. finanstalen i bystyresalen, deretter pressekonferanse.

Tom-Ove Koteng Monsen verna byråden i staden for å ta parti med minstepensjonistane som vart ramma av at bystyrevedtaket vart forfalska.
Foto: Skjalg Ekeland

I staden meinte representanten til partiet, Tom-Ove Koteng Monsen at feila hadde sine «naturlege årsaker».

Andre forklarte at det var systemfeil som hadde skjedd.

Nei. Det er ikkje «naturlege årsaker» at byråkratar forfalskar lovleg fatta bystyrevedtak. Det er ikkje systemsvikt at ei byrådsavdeling oppmodar om å endra eit bystyrevedtak eller oppmodar om å ikkje betala ut det kommunen skuldar barnefamiliar. Det er heller ikkje systemsvikt eller naturleg at byrådet sender frå seg saker der dei ikkje er kjende med innhaldet.

I sum gjer alt dette at det er vanskeleg å ha tillit til at bystyret i Bergen ønsker å handtera mistillitssaker på ein tillitvekkande måte.

Nei, det finst andre løysingar enn at byrådar må gå. Men i framtida må ein forventa at bystyret greier å vera meir prinsipielle og meir konsekvente, òg når det vert vanskeleg på det personlege planet.

Om ikkje bergenspolitikarane ønsker det, bør dei ta farvel med byparlamentarismen.