– Ein vil helst ha betalt det same som alle andre, som i dette tilfellet er menn, seier Gunnhild Riisøen.

Ho jobbar som sjukepleiar. på Kleppestø sjukeheim på Askøy.

Eit kvinnedominert yrke, kor mange fra og med i dag i praksis jobbar gratis resten av året.

– Gratisarbeid er urettferdig. Jobben min som sjukepleiar innebærer eit stort ansvar for andre menneskers liv og helse, seier ho.

En kvinne iført blått arbeidstøy står ved en apotekbenk. Hun strever etter å nå opp til en hylle fylt med medisiner. Det er flere pakker og beholdere synlige, organisert på reolene. Omgivelsene virker ryddige med arbeidsmaterialer og dokumenter på benken.

Sjukepleiar Gunnhild Riisøen seier at «​​​​​​​gratisarbeid» er urettferdig.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

– Eg tenkjer ikkje at lønna gjenspegler jobben eg leggjer ned.

Tener 88 prosent av menn

I år blir likelønsdagen markert 19. november for å rette lys mot forskjellane i løn mellom menn og kvinner i Noreg.

Kvinner tener i gjennomsnitt 88 prosent av det menn gjer, og 19. november er 88 prosent av dette arbeidsåret ferdig, opplyser LO.

Men reknestykket er ikkje så enkelt at lønsgapet berre er mellom kvinner og menn.

Vil ha fleire kvinner i leiarstillingar

Gapet mellom lønsnivået i offentleg og privat sektor spelar inn på forskjellen mellom kvinner og menn.

Dei aller fleste er så godt som likt løna, men samtidig er det flest kvinner i lågtlønte deltidsstillingar i den eine enden, og høgtlønte mannlege direktørar i den andre.

Dette spennet påverkar gjennomsnittstalet.

Men kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) er likevel ikkje nøgd.

– Det går utruleg sakte og det er fleire forskjellar me må ta tak i, seier Jaffery.

Ministeren vil få kvinnene opp på same nivå som mennene.

– Me vil at dei som har leiarstillingar skal få tene den løna dei fortener, men poenget er at me må løfte kvinner inn der, legg ho til.

en person som står i et rom fullt av mennesker

Likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap) vil få kvinnene opp på same nivå som mennene.

Foto: Jonas Fæste Laksekjøn / NTB

Jamnar seg ut

Val av yrke påverkar lønsgapet mellom kvinner og menn. Det stadfester rågjever Knut Håkon Grini i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Ein av dei viktigaste årsakene, er at det er flest menn som har dei aller høgaste lønningane.

70 prosent av dei med høgast løn, er menn.

Likevel hevdar Grini at dette i ferd med å jamne seg ut.

– Det har vore større endringar i løna til kvinner over tid enn hos menn. Likelønsgapet blir mindre fordi det blir fleire høgt lønna kvinner, seier Grini.

Nett som gjennomsnittsløna blir dratt opp av høgt lønna menn, ser vi tilsvarande trekk hos kvinner, noko som bidrar til å trekke gjennomsnitta mot kvarandre, legg han til.

Det går sakte, men hovudtrekket er at kvinner nærmar seg menn når det kjem til løn.

Utakt i lønsutvikling

Statsråden legg til grunn at staten ikkje skal bestemme kva folk tener, men at dette er mellom partane i arbeidslivet.

– Likevel kan me heve statusen til ein del yrke, sidan me ser at status er med på å utvikle løn. Typiske omsorgsyrke har treigare lønsutvikling enn andre, seier Jaffery.

To personer sitter ved et bord. En person i blå arbeidsklær ser mot en eldre dame med grått hår. På bordet er det en stearinlys og en liten fuglefigur. I bakgrunnen er det bilder av personer på veggen.

Det er for lite framgang i lønsutvikling, meiner sjukepleiar Gunnhild Riisøen.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Ho vil også jobbe for å jamne ut dei tradisjonelle kjønnsskilnadane på utdanningsval.

– Me må jobbe aktivt for å få jentene til å velje teknologi, og gutane til å velje omsorgsyrke.

Sjukepleiar Riisøen saknar politisk vilje.

– Det blir halde alt for mange fine festtaler,men når det kjem til forhandlingsbordet, då skjer det ingenting, seier sjukepleiaren på Askøy.

Publisert

19.11.2025, kl. 19.34