Norske barn har fått nesten to år meir skule sidan 1990, utan at dei lærer meir. Dette kostar og går ut over kvaliteten. Lærarane tener dårlegast i Norden og på barnetrinnet har dei Nordens lengste undervisningstid.

Difor vil KrF korte ned skuledagen på grunnskulen med om lag ein halv time pr. dag og bruke pengane vi sparer på timekuttet til å auke lærarlønningane med kr. 50 000. Vi vil også redusere undervisingstida med to klokketimar pr. veke for lærarar i grunnskulen og kutte lærarar si bundne arbeidstid på skulen med 25% for å gjere læraryrket meir fleksibelt.

OECD seier at det er kvaliteten – ikkje tal timar som avgjer læringa. Kvaliteten er avhengig av at vi klarer å rekruttere, behalde og utvikle dyktige lærarar. Då må lærarane få tid og lønn som gjer det mogleg å gjere ein god jobb.

KrF vil erstatte dagens førsteklasse med ein førskule for seksåringane, med mykje frileik og pedagogikk tilpassa barna sine behov og interesser. I skulen vil KrF behalde lærarnorma og vi seier nei til Arbeiderpartiet sin heildagsskule og Høgre sin iver etter stadig å utvide skuledagen med nye timar.

Dette er KrF-skulen: Færre timar for elevane, høgare lønn og meir tid for lærarane!

Les meir om: artikkelemnene