– Eg har opplevd at menn i kulturbransjen ikkje er klar over at seksuell trakassering framleis er eit tema.
Det seier Judit Elena Østern Lien. Ho er filmstudent og på veg inn i eit yrkesliv i kulturbransjen. Men det er særleg éin ting som uroa Lien.
Ein ny rapport frå Fafo viser at seksuell trakassering er utbreidd i nettopp denne bransjen.
Judit Elena Østern Lien (venstre) og Mille Dahl-Folden (høgre) er filmstudentar og er uroa for at unge i bransjen deira er særleg utsett for seksuell trakassering.
Foto: Mari Andersen Lunde / Mari Andersen Lunde
Rapporten viser at 41 prosent av dei som jobbar i kulturbransjen har blitt seksuelt trakasserte i løpet av karrieren sin.
Dette er 9 prosent høgare enn då den same undersøkinga blei gjort i 2018.
Likevel meiner forskarane at problemet er blitt eit mindre problem dei siste åra. Så kva er det som har skjedd?
Milepælen #metoo
#metoo-rørsla starta hausten 2017. Under emneknaggane #stilleforopptak, #visyngerut, #nårdansenstopper og #nårmusikkenstilner blei det ingen tvil om at seksuell trakassering var eit utbreidd problem også i norsk kulturbransje.
Med mål om å sjå korleis #metoo-rørsla hadde endra bransjen, utførte seniorforskar ved Fafo Mona Bråten og kollega Jørgen Svalund undersøkingar både i 2018 og i år.
– Vi tolkar det slik at det ikkje er blitt verre, seier Bråten.
Mona Bråten er seniorforskar i Fafo og er av dei som har forska på korleis #metoo endra kulturbransjen.
Foto: Forskningsstifelsen Fafo
I rapporten diskuterer forskarane korleis det høge talet kan forklarast med at det er blitt vanlegare med varslingsrutinar og merksemd rundt seksuell trakassering i bransjen.
Det kan ha gjort terskelen lågare for å seie ifrå om slike hendingar.
– Det kan også vere at fleire situasjonar blir definerte som seksuell trakassering i dag, enn før, trur Bråten.
Kvar kjem tala frå?
Rapporten byggjer på ei spørjeundersøking sendt til medlemmar i ni fagforeiningar i heile kulturfeltet.
I 2018 svarte 39 prosent av dei som blei spurde. I år var dette lågare, med 8 prosent.
– Er funna i rapporten frå i år då framleis gyldige?
– Med dei metodiske atterhalda vi har gjort, meiner vi at desse konklusjonane står seg greitt, står Bråten fast ved.
Ho seier undersøkinga likevel ikkje er eigna til å gje eit tal på omfanget av seksuell trakassering i bransjen totalt sett.
– Dette er to undersøkingar som viser svar på to ulike tidspunkt. Utvalet er litt ulikt når det gjeld alder og kvar i sektoren dei jobbar i 2018 og 2025, noko som kan bidra til å forklare forskjellar i svara.
Fafo-rapporten oppsummert
Låg svarprosent
- Rapporten byggjer på ei spørjeundersøking sendt til medlemmar i ni fagforeiningar i heile kulturfeltet.
- I 2018 svarte 39 prosent av dei som blei spurde. I 2025 var dette lågare med 8 prosent, som svarar til 1328 svar.
- 46 prosent av dei som svarte var menn. 54 prosent var kvinner. Dette er identisk med undersøkinga i 2018.
- Medianalderen på dei som har svart er høgare i 2025 (46 år) enn i 2018 (41 år).
Kva seier tala?
- 41 prosent av dei som jobbar i film/TV, scenekunst, musikk og spel har opplevd seksuell trakassering i løpet av karriera si.
- I 2018 var dette talet 32 prosent.
- Talet personar som seier dei har opplevd seksuell trakassering dei tre siste åra har gått ned frå 16 til 12 prosent.
- 19 prosent ynskjer å slutte i jobben sin etter ei hending med seksuell trakassering.
- 1 av 10 blir sjukemelde på grunn av hendinga(ne).
Kvar skjer seksuell trakassering i kulturbransjen?
- 42 % i sosiale settingar
- 40 % i jobbsituasjonar
- 11 % i rekruttering
Kulturendring i kulturbransjen
Trass ein nedgang er tala framleis høge.
Det uroar Joakim Aadland, dagleg leiar i Balansekunst, eit ressurssenter og ei medlemsforeining som samlar kulturfeltet i eit felles arbeid for likestilling og mangfald.
– Det er ganske kritisk. Dette er ei utfordring som ligg i heile bransjen. Menneske opplev både fysiske og psykiske plager. Nokre vurderer å slutte. Andre har allereie slutta. Da må vi finne de verkemidla som trengst for å endre dette, seier Aadland.
Unge på veg inn i kulturbransjen set pris på at det er meir rom for å snakke om temaet, men er ikkje i tvil om at det framleis er eit problem.
– Det er sinnssjukt, men heller ikkje overraskande, seier Mille Dahl-Folden.
Ho er filmstudent i Trondheim og sit som styreleiar i den frivillige studentdrivne filmorganisasjon Prosjektor Filmproduksjon.
Mille Dahl-Folden er styreleiar i den frivillige studentdrivne filmorganisasjon Prosjektor Filmproduksjon.
Foto: Kalle Frog Huelssner / Kalle Frog Huelssner
Dahl-Folden trur nokre av kulturbransjen sine særtrekk kan forklare noko av kvifor talet er så høgt.
– Vi jobbar med sensitive tema. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å skilje mellom privatliv og jobb. Det er også mykje festing og drikking i kulturbransjen, peikar ho på.
Det kan bli seine kveldar og tidlege morgonar for filmstudentane i Trondheim. Skilje mellom jobb og privatliv kan vere vanskelege å skilje.
Foto: Kalle Frog Huelssner
Rapporten peikar også på at det er der trakasseringa skjer: 42 prosent oppgav å ha blitt trakasserte i sosiale samanhengar i bransjen. 40 prosent oppgav å ha blitt trakasserte i ein jobbsituasjon – til dømes under ei framsyning eller innspeling.
Verken Dahl-Folden eller Judit Elena Østern Lien har sjølv opplevd seksuell trakassering på jobb, men seier at det er eit tema som opptek mange i bransjen.
Kulturendring i kulturbransjen
Seniorforskar Bråten meiner førebygging og merksemd rundt temaet kan bidra til å få ned tala.
Rapporten viser at mykje allereie går i riktig retning.
Tilbake i 2018 var det berre 30 prosent av dei som hadde opplevd seksuell trakassering, som varsla om alt eller noko av det som hadde skjedd.
I dag er situasjonen snudd på hovudet: Over 80 prosent oppgav å ha meldt ifrå om alt eller noko i 2025.
– Vi står ikkje stille. Det er framleis for mange som ikkje melder frå, men det er tydeleg at det går i riktig retning, seier Aadland i Balansekunst.
Unge studentar seier det er meir toleranse for å snakke om seksuell trakassering.
Foto: August Toven Gautun / August Toven Gautun
Det er filmstudentane Lien og Dahl-Folden einige i, men dei jublar ikkje enno.
– Trass tiltak og openheit, vil det ta tid før kulturen endrar seg, meiner Dahl-Folden.
Publisert
20.11.2025, kl. 21.02