Eg såg utover Torgalmenningen gjennom dei store glasveggane i lokala til Festspillene. Eg var heilt fersk som kommunikasjonsrådgjevar i kulturen si høgborg i Bergen og det var klart for lunsj.

På den eine sida såg ein rett på den høgreiste veggen til Hotel Norge. Den var pryda av ein gigantisk banner for Vinskvetten sitt show på Rick`s. Praten rundt bordet byrja å gå om strilaorkesteret og showa deira. Til mi store forskrekking, var det ikkje unison hyllest av komikarane og historiefortellarane. Men ei lettvindt avfeiing av Vinskvetten som eit harry bygdefenomen.

Lettare sjokkert sat eg med halvopen munn, fram til blikka retta seg mot meg og det var naturleg at eg sa noko.

Kva skulle eg gjere? Spele med, seie meg einig i oppfattninga eller gå i mot det som var fremja som betre viten.

«Vinskvetten er verdas beste band», sa eg.

Ingen sa noko. Etter eit par sekund med stillheit, gjekk samtala vidare med nytt tema.

Eg forsøker ikkje med denne historia å framheve meg sjølv som forkjempar for strilekulturen i dei høgkulturelle kretsar, for eg sa berre det som var naturleg, alt anna ville vore grenselaust feigt.

Men det er eit bilde på at Vinskvetten, trass årevis med suksess, ikkje har fått anerkjenninga for det som gjer dei tidlause og geniale.

Vinskvetten i 1997 i samband med platelansering.
Foto: Arne Ristesund/BA

Tekstane til Vinskvetten latterleggjer ikkje karakterane dei handlar om, men byr til gjenkjenning, humor og melankoli.

Ofte handlar dei om menn som slit med å forstå og finne sin plass i samfunnet. Om Ingolf Kvamme som gjekk heilt aleina, heilt til den dagen han fekk sykkelen mellom beina.

Om han som ikkje finn par til sokkane og til slutt utbryt: «Eg har slutta og leita, eg leita ikkje lenger, eg berre set her» og om han som er heime frå jobb og «får få kånå te å ringja ner så sjefen veit kor sjuk eg e».

Framleis høyrast Dans på Grasdal i festlege lag. Mykje grunna melodien, men samstundes er det ikkje ei brautande drikkevise, den handlar om ein litt usikker kar som forsøker å finne dei rette orda i møte med jenta han liker.

Nettopp difor lever musikken til Vinskvetten framleis, for sjølv om det meste går føre seg i Salhus og omegn, er den menneskelege tematikken tidlaus.

I eit nasjonalt perspektiv kan Vazelina Bilopphøggers samanliknast med Vinskvetten, sjølv om Vinskvetten (etter mi meining) overgår Innlands-bandet.

Likevel er det Vazelina som har blitt folkekjære rikskjendisar med jamnlege opptredener på TV. Den strilske humoren og historiefortellartradisjonen er kanskje vanskelegare å ta inn. Den krevjer at ein kan sjå forbi det komiske ytre og inn i nyansane og alvoret som gøymer seg bak.

Difor høyrer eg framleis på heltane frå Salhus. Ein vits er berre morosam ein gong, men historier om mennesker varar evig.

Og det er nettopp difor eg framleis med klar røyst kan seie at: Vinskvetten er verdas beste band.