– Med mildvêr vil det koma annleis føreforhold, fare for nedfall av is og glatte vegar. Så det kan bli utfordrande spesielt i overgangen med sludd og regn, seier Tor Andre Snekkevik, trafikkoperatør hjå Vegtrafikksentralen Vest.
Etter mange dagar med kuldegrader er det kaldt i bakken. Då treng ein ikkje vera rakettforskar for å forstå at det kan bli glatt med regn og sludd på toppen. Slik vêr og føre som er meldt fredag skapar problem også for dei som driv vedlikehald.
– Det blir utfordrande for dei som saltar når det regnar. Saltet forsvinn fortare, og dei må køyra fleire gongar.
Nedfall av stein og is
Yr.no melder om lokalt vanskelege køyreforhold.
– Transporttenester kan også bli påverka. Rekn ekstra tid til transport og køyring. Bruk riktige dekk og køyr etter forholda, skriv dei på nettsidene sine der dei har lagt ut gult farevarsel for isete vegar.
– Vegbana kan bli dekka av våt is. Det kan koma både isnedfall og steinnedfall i overgangen mellom frost og mildvêr, seier Snekkevik.
Han seier vinterdekk er det einaste som gjeld no.
– Det seier seg sjølv. Når det gjeld fjellovergangane så har me mannskap som held auge med dei og vurderer fortløpande om det skal haldast ope eller ikkje. Når det er mildt om dagen, og kanskje frys på om natta, så kan det verta ekstra utfordrande.
Han har eit godt råd.
– Rekn ekstra god tid og ha gjerne med varme kle og litt mat på lange turar. Nok drivstoff og oppladd batteri er også viktig.
Broddar eller piggsko
Me har altså skikkeleg hålkeføre i vente. Og ikkje berre for bilane.
– Ver merksam på at isen kan vera vanskeleg å sjå. Bruk broddar eller piggsko, oppmodar meteorologane på yr.no.
Følg med på oppdaterte farevarsel på yr.no/farevarsel. Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no/trafikk.