I tillegg til 315 skuleelevar, skal tolv lærarar også ha vorte bortførte, seier talsperson, Daniel Atori, for Christian Association of Nigeria (CAN).

– Eg har nettopp komme tilbake frå eit besøk på skulen. Der møtte eg foreldra til barna for å få forsikre dei om at vi samarbeider med myndigheitene og sikkerheitsorgana for å sørgje for at barna blir redda og bringa trygt tilbake, seier Atori til nyheitsbyrået AP fredag kveld.

Klasserom - Tomt slitt rom, bortsett fra en haug ødelagte, brune skolemøbler i et hjørne. Tavle på veggen.

Klasserom så slik ut etter bortføringa.

Foto: AFP

CAN er ein paraplyorganisasjon for ei rekkje kristne kyrkjesamfunn i Nigeria.

Tidlegare på dagen melde den lokale TV-stasjonen Arise at 52 skulebarn var bortførte.

Saknar fire barnebarn

Angrepet var retta mot St. Marys skule i byen Agwara i delstaten Niger. Delstatsmyndigheitene har ikkje oppgitt talet på elevar eller lærarar som er bortførte, eller kven dei mistenker for å stå bak.

Delstatsregjeringa har ikkje bekrefta tala.

– Det eksakte talet på elevar er enno ikkje stadfesta, sa Abubakar Usman i delstatsregjeringa i ei fråsegn tidlegare fredag.

Rommet viser metallkoier med madrasser, noe som indikerer et sovesal. Det er klær liggende på gulvet og på hyllene. Veggene er malt blå, og vinduene har gitter. Det er få møbler og lite annen innredning, noe som gir et spartansk inntrykk.

Dette bildet, gitt ut av Christian Association of Nigeria, viser sovesalane ved St. Mary’s katolske grunn- og vidaregåande skole etter at væpna menn bortførte barn og tilsette i Papiri-samfunnet i Nigeria, fredag 21. november 2025

Foto: (Christian Association of Nigeria via AP)NTB

Ifølgje myndigheitene er skulen ein ungdomsskule. Elevane er mellom 12 og 17 år. Satellittbilete viser at skuleområdet er knytt til ein nærliggande barneskule, med meir enn 50 klasserom og sovesalar.

AP har snakka med ein bestefar som seier at fire av barnebarna hans, i alderen sju til ti år, var blant skulebarna som vart bortførte.

– Vi veit ikkje kva som skjer no, for vi har ikkje høyrt noko sidan i dag tidleg, seier bestefaren.

Nigeria - Et gruppebilde av nigerianske lærere og elever. Står i et område med lave hus.

Ei gruppe elevar og lærarar har samla seg etter bortføringa.

Foto: AP

Løysepengar

Hendinga skjer få dagar etter at 25 jenter blei bortførte frå ein kostskule i delstaten Kebbi, nordvest i Nigeria.

Fredag kom det også meldingar om at 38 medlemmer av ei kyrkje er bortført i delstaten Kwara. Ein representant for kyrkja seier til Reuters at væpna menn bortførte dei 38, og at dei krev rundt 69.000 dollar per person før offera blir frigjort.

Kartet viser dei tre stadene der skolen og kyrkja ligg.

Bortføringar er blitt vanleg i delar av det nordlege Nigeria, der titals væpna grupper utnyttar den svake sikkerheita til å gå til angrep i landsbyar og langs hovudvegar.

Dei fleste offera blir sette fri først når løysepengar er betalt. Krava kan vere på fleire tusen dollar.

I 15 år har militante islamistiske og jihadistiske opprørarar herja i regionen, blant dei Boko Haram.

Publisert

22.11.2025, kl. 04.21

Oppdatert

22.11.2025, kl. 09.39