Dagsnytt 18 den 20. november kom gruppeleiar for Høgre og leiar for hovudutvalet for utdanning i Innlandet fylkeskommune, Joakim Ekseth, med følgande påstand om Jotunheimen privatistskule i Lom:

«På Jotunheimen så har dei akkurat det same tilbodet i dag som det det var då den var offentleg. Det er éi linje med studiespesialisering og éi linje med tømrar.»

Realiteten er at skulen har følgande tilbod i dag:

  • Studiespesialisering Vg1, Vg2 og Vg3
  • Bygg- og anleggsteknikk Vg1
  • Anleggsteknikk Vg2
  • Tømrar Vg2

Mitt spørsmål er difor: Er ikkje partiet Høgre og hovudutvalet for utdanning kjent med kva for tilbod skulen faktisk har?