– Og godt er det, for no blir det både song, sprell og julestemning for heile bygda, opplyser Helgesenkoret i ei pressemelding.

I år står barna i sentrum, saman med SoulKids/Children med Nanda Maack som korleiar og Line Dybedal som musikalsk leiar.

– Barna skal få dele songglede og boltre seg på scena, og for dei som måtte lure: Ja, vi får også høyre O helga natt med brørne Helgesen. Det blir altså eit variert program! Både lokale og profesjonelle musikarar, som organist Jon Inge Sigerland, skal bidra til at det blir både flott lyd og ekte juleglede. Nye og gamle julesongar, latter og overraskingar – ein konsert som samlar små og store, og minner oss på kva jula handlar om.

Konserten blir 6. desember i Selje kyrkje.

Familekoret Helgesenkoret består av åtte søsken, svigersøsken og næraste vener. Dei har halde julekonsertar kvart år dei siste elleve åra med mål om å spreie glede, julestemning og songglede, særleg til den yngre generasjonen. 

– Vi kjenner på at Helgesenkoret gjennom åra har utvikla seg til ein del av juletradisjonen i Nordfjord. Frå den første kyrkjekonserten med 150 publikummarar har vi dei siste fem åra hatt julekonsertar i lokale kulturhus med 700–1100 selde billettar kvart år, seier Dybedal.

Koret har også vore på «turné» til dei lokale institusjonane, og dei siste åra har også den yngre generasjonen fått bidratt, til stor glede for dei gamle. 

I årets prosjekt står altså barna i sentrum. Ungane frå Helgesenkoret og lokale barnekoristar frå Selje Soul Kids/Children under dirigent Nanda Maria får ansvar for innslaga, med støtte frå vaksne i Helgesenkoret.

Den lokale artisten Line Dybedal vil bidra med barnevenlege julesongar i samarbeid med dei unge koristane.

– Målet er å styrke bandet mellom generasjonar, gi sceneerfaring og dele gleda ved å synge i kor – både for dei som har vore med i Helgesenkoret før, og for lokale songarar som ikkje tidlegare har hatt høve til å delta i større produksjonar, avsluttar dei.