Utpå kvelden måtte dei be om hjelp. Klokka 19.25 melder Vest politidistrikt om to utanlandske turistar med trøbbel på veg opp Skåla i Nordfjord.

– Dei har ei øydelagd ski, og har trøbbel med å ta seg vidare på eiga hand. Frivillige mannskap er på veg opp fjellet for å hjelpa dei, skriv nattevakt og operasjonsleiar Dan Erik Johannessen hjå Vest politidistrikt i politiloggen.

Rett før midnatt hadde mannskapet kome seg fram til dei to turistane, og nedturen kunne byrja. Turistane hadde då vore i fjellet i mange timar, og var noko nedkjølte. Dei frivillige hadde med tørre kle til dei.

– Redningshelikopteret prøvde å ta seg inn i fjellet, men måtte snu grunna dårleg flyvêr.

Først i tretida på natta kjem meldinga om at turistane har kome seg ned att ved hjelp av dei frivillige, og redningsaksjonen vart avslutta. Turistane fekk tilsyn av helsepersonell.