– Admiral P er ein av dei mest folkekjære artistane i Norge, kjend for sin unike miks av reggae og norskspråklege tekstar – alltid med bodskap om kjærleik, samhald og god energi, skriv Rockweekend på Facebook.

Han er fødd i Zambia og oppvaksen i Lusaka, og flytte han til Norge som 13-åring.

– Musikk blei tidleg eit viktig anker i livet, spesielt reggaeinfluen­sane frå mor si. I 1999 møtte han Selecta Daniel «Lion», og saman starta dei Jah Ark Manifest – eit av dei mest innflytelsesrike reggae-soundsystema i landet. Sidan har Admiral P vore ein banebrytar for reggae på norsk.

No er han altså klar for Rockweekend igjen etter å ha spelt på festivalen i 2015.