Torsdag nådde Sportsklubben Brann den sårt etterlengta milepælen.
Etter å ha mista avansementet med minst mogleg margin to år på rad, greidde endeleg herrelaget til Brann å komma seg inn i eit europeisk ligaspel.
For norske klubbar vil den europeiske klubbfotballen på herresida alltid vera ein kamp mot Goliat. Mot klubbar med heilt andre ressursar enn det norske klubbar kan skilta med.
Som Bodø/Glimt dei siste åra har vist, er det likevel mogleg å hevda seg til eit visst nivå. Med suksess kjem òg pengane.
Likevel. Det vil alltid vera veldig mange klubbar der ute som har langt større økonomiske musklar.
Det finst likevel ein fotball der Brann er blant dei store. Både når ein tel ressursar og når ein tel resultat.
Tidlegare i år kom den internasjonale konsulentgiganten Deloitte med ein rapport der det står svart på kvitt.
Når det gjeld inntekter frå sponsorar, inntekter på kampdagar og inntekter frå tv er Brann på Champions League- nivå.
Talknusarane har berre greidd å finna 14 klubbar på kvinnesida i verda (!) som i 2024 hadde større inntekter enn Brann i dei tre kategoriane.
Deloitte si rangering av dei 15 fotballklubbane i verda med dei største inntektene frå sponsorar, kampdag, og tv-rettigheiter.
Rett nok er det to klubbar som ikkje har rapportert inn tal; Lyon, som uansett har større inntekter enn Brann, og Wolfsburg. Det gjer at Brann reelt sett er på 16. eller 17. plass på lista.
Også når det kjem til sportslege prestasjonar, høyrer Brann heime i det ypparste sjiktet i Europa. Ifølge rangeringa til det europeiske fotballforbundet er Brann den 17. beste klubben på kontinentet. Først og fremst grunna at klubben kom seg heilt til kvartfinalen i Champions League i fjor.
I seriespelet i Champions League er det frå i år 18 lag denne sesongen. Både målt mot tidlegare prestasjonar og økonomiske føresetnader høyrer Brann altså heime der.
Til samanlikning er Bodø/Glimt rangert som nummer 40 på herresida. Brann er nummer 203.
Men som alle veit: I fotball kjem ein ikkje langt med å vera god på papiret. Målt mot ressursbruken har ikkje Brann-kvinnene greidd å vera stabile nok dei siste åra. Her ligg lista skyhøgt!
Sidan Brann ikkje greidde å vinna den norske serien i fjor, vert vegen til Champions League tøffare i år.
Først må Brann vinna ei miniturnering i Milano mot italienske Inter, portugisiske Braga og islandske Valur. Sjølv om det kan verta tøft nok, er desse klubbane lågare rangert enn Brann både økonomisk og sportsleg.
Deretter ventar truleg ein verkeleg kanon i den endelege kvalifiseringskampen.
Om Brann ikkje lykkast i å nå Champions League er håpet den nye utslagsturneringa som vert eit andre nivå i den europeiske kvinnefotballen. Der bør Brann ha veldig gode sjansar.
Det aller viktigaste denne sesongen, er likevel å vinna Toppserien. Det vil gje Brann ein enklare veg inn i Champions League neste år.
Laurdag ventar den aller viktigaste seriekampen på Stadion.
Då spelar Signe Gaupset sin første kamp på bergensk jord etter landslagsgjennombrotet i EM i Sveits. Brann møter erkerivalen Vålerenga. Med tre poeng vil Brann skaffa seg ei etterlengta luke i toppen av Toppserien.
Signe Gaupset markerte seg verkeleg i EM i Sveits. No skal ho igjen spela framfor bergenspublikummet.
Foto: Bergensavisen
Fredag ettermiddag kunne Brann melda om at dei hadde selt om lag 6000 billettar til toppkampen.
Det er ikkje noko å skamma seg over. Heller ikkje i eit internasjonalt perspektiv. Halvparten av klubbane i den engelske toppdivisjonen, den desidert mest populære ligaen i Europa, greidde ikkje å dra så mange på ein enkeltkamp i fjor.
Likevel er det ingen tvil om at Brann hadde håpa på eit større drag på publikum, og aller helst greidd å slå publikumsrekorden i Toppserien.
Den er på 11636 og tilhøyrer Rosenborg. Brann sin rekord er på 10582.
Ein må tilbake til 2022 for å finna begge bestenoteringane.
Sidan har det slettes ikkje vorte enklare å lokka folk på kamp. Tvert i mot.
Akkurat no er ikkje interessa stor nok, rett og slett. Det må Brann greia å gjera noko med om dei skal halda på posisjonen sin blant dei største klubbane i Europa. Publikumsinntekter er viktige.
Det vert krevjande denne hausten. Med europafotball for herrelaget heilt fram til jul, med minst fire utanlandsturar for supporterane, vert det fort vanskeleg å få til full mobilisering på borte- og heimebane for kvinnene.
Til og med for dei aller ivrigaste finst det grenser for kor mykje tid og pengar som kan brukast på Brann.
I sesongopninga mot Rosenborg var det over 6000 på stadion.
Foto: Emil Weatherhead Breistein
Det er lov å håpa at engasjerte grupperingar som «Jenter med bøttehatt» og «Rakkadis» kan lokka nye grupper og fleire jenter til Stadion.
Den beste garantien for at publikum skal møta opp, er uansett at laget leverer varene på bana. Det er òg det som må til for at Brann skal få inn meir sponsorpengar.
Både publikumsvekst og sponsorvekst er nemleg det som skal til for at Brann skal greia å henga med i det europeiske selskapet.
Utviklinga skjer nemleg fort. Inntektene som i fjor var nok til å plassera Brann på 15. plass i den internasjonale rangeringa ville året før ha plassert klubben på 11. plass og ein 6. plass året før.
Likevel er det på ein heilt annan planet enn i herrefotballen. I sommar gjekk Hulken frå Fana, Aune Heggebø, til nivå to i engelsk fotball. Overgangssummen på 65 millionar kroner er ganske illustrerande for skilnaden på pengane i herre- og kvinnefotballen.
Kjøpesummen middelhavsfararen i Championship kunne betala for ein bergensk spiss utan a-landskampar, tilsvarar inntektene som trengst for å driva ein heil topp ti-klubb på kvinnesida. Som Liverpool eller Paris Saint-Germain.
Det viser at det i motsetning til på herresida, faktisk er realistisk at Brann faktisk kan henga med blant dei 15–20 største klubbane.
I eit debattinnlegg i BA ber musikkmanager Mikal Telle ei rekke aktørar i Bergen om å skjerpa seg, og få opp auga for potensialet i jentesatsinga i Brann. Han ber både oss i media, publikum og næringslivet om å vakna.
Telle har rett. Etter ein veldig lovande start, skjer ikkje utviklinga rundt kvinnene i Brann fort nok.
Ei slik satsing bør ikkje skje gjennom at kvinnelaget skal subsidierast av engasjementet rundt herrelaget, men eit ektefølt løft for å sikra at jentene er konkurransedyktige.
Det er kvinnesatsinga som må generera inntektene. Det vil bety mykje for jenter i Bergen. Mykje for norsk idrett.
Det vil krevja at både Brann, sponsorane og bergensarane tar sats og satsar på jentene. Det hadde verkeleg kledd Bergen.
Ute i Europa skjer utviklinga no. Der er det ingen som har tenkt seg å venta på Brann.
Signe Gaupset og Alexia Putellas i aksjon i Champions League i fjor. Begge spelar for klubbar som Deloitte rangerer blant dei 15 største i verda (!).
Foto: Skjalg Ekeland
Les også
Gaupsets gladmelding før gullkampen
Les også
Drømmestarten fortsetter
Les også
Hyller nyansettelsen: – Den beste treneren jeg har hatt