Saka oppsummert
- Fire av ti advokatfullmektigar jobbar ulovleg mykje, viser ei undersøking frå Juristforbundet.
- Undersøkinga vart gjennomført etter at Dagens Næringsliv omtalte problematikken.
- Funna er alvorlege, meiner Juristforbundet og Yngre advokater.
- Jusstudent Solveig Brunvoll er medviten om at ho er på veg inn i ei bransje med høgt arbeidspress.
– Eg forventar ugunstige arbeidstider, seier Solveig Brunvoll.
Ho studerer juss, og skal blant anna jobbe med strafferett når studietida er over. Bransjen ho skal inn i, er kjent for høgt arbeidspress.
– Eg trur ikkje at ein kjem seg unna det med dette saksområdet, og det har eg skikkeleg lyst til å jobbe med.
Solveig Brunvoll studerer rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho trur mange finn ut i løpet av studietida om dei ønsker seg ein livsstil med høgt arbeidspress.
Foto: Benyamin Farnam / NRK
Dei siste månadene har Dagens Næringsliv (DN) avdekt at advokatfullmektigar i dei største advokatfirma i landet jobbar ulovleg mykje.
Ein av fullmektigane jobba heile 100,5 timar i løpet av sju dagar, viser dokument som avisa har fått innsyn i.
I etterkant av DN sine artiklar bestemte Juristforbundet seg for å kartlegge situasjonen blant medlemmene sine som er advokatfullmektigar i privat sektor.
NRK har fått tilgang til undersøkinga. Dette er nokon av hovudfunna:
- Gjennomsnittleg arbeidstid for fullmektigane er 46 timar i veka.
- Rundt tre av ti droppar å føre alle timane dei faktisk jobbar.
- Fire av ti har hatt arbeidsveker på meir enn 69 timar.
– Slik skal det ikkje vere. Fullmektigar er ferske i bransjen. Og sjølv om dei har eit ønske om å jobbe mykje, og har eit ønske om å prestere, så er det klart at det er eit leiingsansvar å legge til rette for at dei ikkje skal jobbe så lange dagar, seier Astrid Rød.
Ho er leiar i Yngre advokater, som er ei undergruppe av Advokatforeningen.
Astrid Rød er leiar i Yngre advokater.
Foto: Sturlason AS Polyfoto
– Urovekkande høgt
Det er ulovleg å jobbe meir enn 69 timar i veka.
Likevel rapporterer 25 prosent av fullmektigane at dei har lengre arbeidsveker i løpet av året. 13 prosent seier at dei ofte eller av og til har arbeidsveker på over 69 timar.
– Eg synest det er urovekkande høgt. Ein blir veldig sliten. Det kan gå utover helsa, og eg er også redd for at det kan gå utover kvaliteten på arbeidet ein gjer, seier Sverre Bromander.
Han er president i Juristforbundet, og omtaler funna i undersøkinga som svært alvorlege.
Sverre Bromander er president i Juristforbundet.
Foto: Tore Linvollen / NRK
Manipulerer timelister
Undersøkinga blei sendt ut til 973 fullmektigar som jobbar i privat sektor. 29 prosent svarte på den.
Rundt éin av fem av dei oppgir at dei har droppa å føre timar på dagar dei faktisk har jobba, og i staden ført timar på andre dagar for unngå ulovleg høg arbeidsmengd.
– Timar skal bli ført når dei er jobba. Det er heilt openbert. Det er ikkje høve til å tilpasse seg regelverket, seier Bromander.
Til DN har Arbeidstilsynet varsla at dei vil undersøke advokatbransjen, i lys av avsløringane til avisa, mens arbeidsminister Kjersti Stenseng har omtalt funna som alvorlege og uakseptable.
Krevjande yrke
For mange advokatar, spesielt i privat sektor, blir jobben ein livsstil.
Solveig Brunvoll trur at dei fleste som studerer juss finn ut i løpet av studietida om det er noko dei ønsker seg.
– Så er det sikkert eit stort sjokk for mange, uansett i arbeidslivet, kor mykje det faktisk krev. Det er nok ingen som signerer hos dei store firmaa og tenker «No skal eg jobbe frå åtte til fire».
Når Solveig Brunvoll er ferdig med studiane skal ho blant anna jobbe med strafferett under tida som fullmektig.
Foto: Benyamin Farnam / NRK
Samtidig håpar ho at offentlegheit rundt dagens praksis kan føre til endring.
– Når firma gjennomgåande har eit så stort behov for å ha folk til å jobbe så mykje overtid, så tilseier det eigentleg at dei treng fleire folk. Og så trur eg kanskje at studentmassen no er litt annleis enn den var før.
Det er ingen hemmelegheit at yrket i periodar kan vere krevjande, ifølge Astrid Rød i Yngre advokater (YA).
– Då er det viktig at arbeidsgivarane legg til rette for at det òg kan vere rolegare periodar for fullmektigane.
– Samtidig viser YA sine undersøkingar at dei unge trivst veldig godt med yrket sitt, og at dei har ei stor glede av å vere på kontoret og jobbe med sakene sine, legg Rød til.
Publisert
24.11.2025, kl. 09.52
Oppdatert
24.11.2025, kl. 10.03