Ein mann i starten av 20-åra frå Sunnfjord er meldt sakna i Polen. Det stadfestar etterforskingsleiar Oda Thorstad i politiet i Sunnfjord.
Det er nærmaste pårørande som har meldt vedkomande sakna. Politiet mottok meldinga laurdag kveld.
– Då fekk vi opplyst at han hadde vore sakna sidan laurdag morgon.
Vedkomande har vore på ein venetur til Polen ilag med to andre kompisar frå Sunnfjord. Han skal sist ha blitt sett ved ein utestad i Warszawa, opplyser Thorstad.
Politiet i Sunnfjord samarbeider ilag med polsk politi og Kripos om etterforskinga.
– Dei har starta si etterforsking i Polen, og så har vi vår her ifrå. No jobbar vi med å hente inn fleire detaljar om kva slags undersøkingar politiet i Polen har gjort så langt.
– Har politiet ein mistanke eller ein teori om kva som kan ha skjedd?
– Det er for tidleg å seie, seier Thorstad til Firda.