Over halvparten av norske kommunar gjekk i minus i 2024.
Det året blei sett på som eit kriseår for den norske kommuneøkonomien.
Og det ser ikkje ut til at situasjonen er noko betre i 2025: Over heile Noreg kuttast det millionar i reinhald på skular. Skular og sjukeheimar blir foreslått nedlagt, og kommunar slår seg saman for å takle kvardagen.
Bodø kommune er ikkje eit unntak, og då kjem ideen om å selje seg ned i stort og smått.
Samstundes er Bodø ein av rundt 200 norske kommunar som har inntekt frå kraftproduksjon.
90 prosent av den norske kraftforsyninga er eid av det offentlege. Halvparten av kommunane eller fylkeskommune, resten av staten, ifølgje kraftkommune.no.
No vil dei selje 49 prosent av Bodø Energi, der kommunen eig alle aksjane.
– Når vi no skal frigjere verdiar og selje eigedelar, er det for å få pengar til å investere i ny utvikling, både eigenkapital til ny byutvikling og ein ny sjukeheim.
Det seier ordførar Odd Emil Ingebrigtsen (H), og legg til at det er investeringar som både skal bidra til å redusere kostnader, men også auka inntekter.
Bodø-ordførar Odd Emil Ingebrigtsen.
Foto: Jan Langhaug / NTB
Milliard-utbytte
Men kor mykje dei kan få for 49 prosent av energiselskapet, er han usikker på.
– Det er vanskeleg å seie, men det kan variere frå 700 millionar til 1,2 milliardar, kanskje. Det vil vise seg.
Dei siste 25 åra har Bodø kommune fått utbetalt nær ein halv milliard i utbytte frå Bodø Energi.
– Kva trur du dei framtidige bodøværingane vil seie til eit sånt sal?
– Det er alltid ei avveging. Men når ein har dårleg økonomi, så må ein også sjå på om ein kan realisere verdiar for å investere dei klokt i andre ting.
– Det er eit uttrykk som heiter å pisse i buksa for å halde seg varme. Gjer de det her?
– Nei, tvert imot. Dette er noko som alle gjer i privatøkonomien sin òg. Om du skal investere i noko nytt, så ser du på kor mykje du synest du kan låne. Dei fleste ønsker vel kanskje å låne minst mogleg.
Dei stabile inntektene frå Bodø Energi har vore til stor nytte for Bodø kommune. No vil dei selje aksjar for å finansiere byutvikling og sjukeheim.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK
– Vemodig, men riktig
Fleire kommunar vurderer eller har allereie gjort det same, som Alta, Kautokeino, Bø, Ørland, Skaun og Rakkestad.
Sistnemnde selde alle aksjane sine i det lokale energiselskapet. Salet gav 104 millionar kroner rett inn i kommunekassa til Rakkestad.
I likskap med Bodø skal kommunen i Indre Østfold bruke pengane på ny sjukeheim og andre store investeringar.
– Det pressar oss til å vurdere å selje eigedomar. Når det er sagt, meiner eg at tida var inne for sal av Rakkestad Energi, seier varaordførar i Rakkestad, Iselin Bjørnstad (KrF).
– Store omstillingar i energibransjen ville mest sannsynleg ete av utbyttet vårt, meiner ho.
Varaordførar Iselin Bjørnstad (midten), her saman med ordførar Karoline Fjeldstad (Sp) og Knut Ruud i Høgre.
Foto: Rakkestad Senterparti
Bjørnstad seier at det var ei vemodig og vanskeleg avgjersle å ta for Rakkestad.
– Eg trur likevel at det var ei riktig avgjersle å selje no, det er ikkje gitt at selskapet ville halde fram med å gi gode avkastningar i uoverskodeleg framtid.
– Har de gjort dykk erfaringar som kommunar i nord kan lære av?
– Eg vil anbefale dei å ha respekt for prosessane, dei bør absolutt knytte til seg fagfolk med god kompetanse, som kan gjere gode analysar og vurdere verdiane på ein god måte. Vi er veldig fornøgd med Pareto som tok oss gjennom ein ryddig prosess.
Over 100 års historie
Også i Lofoten vil dei selje unna kraftaksjar. Både Moskenes og Vågan kommunar vurderer no om dei skal kvitte seg med sine eigardelar i Lofotkraft AS.
Kommunedirektøren i Vågan argumenterer med at det kan bidra til å oppretthalde tenestetilbodet til innbyggarane, og føre til lågare nettleige i området.
Om dei ikkje sel, må dei kutte i årsverk og redusere tenestetilbodet.
Samtidig har både Bodø Energi og Lofotkraft eksistert i over 115 år – og vore sjølve arvesølvet til kommunane.
Bodø Energi har vore ein viktig aktør i Bodø i over 100 år. Denne gjengen frå Bodø Energi har nettopp fiksa elektrisitet i Bodø i 1909.
Foto: Arkiv / Bodø Energi
Ei oversikt NRK har fått, viser at alle lofotkommunane har fått 413 millionar kroner i utbytte frå Lofotkraft dei siste 25 åra.
Vågan har fått utbetalt 169 millionar. Likevel er dei på den berykta ROBEK-lista.
– Utfordringa er at vi er i ein ekstremt pressa økonomisk situasjon, seier ordførar Vidar-Thom Benjaminsen (H).
Vanskeleg val
No føler dei seg nesten tvinga til å selje kraftaksjane sine, eller legge ned skular og sjukeheim.
– Men er dette økonomisk lurt? Vi har hatt 10 prosent avkastning på aksjane kvart år. Det er svært gunstig, påpeiker Benjaminsen.
– Vi står i ein ekstremt pressa økonomisk situasjon, seier ordførar Vidar-Thom Benjaminsen (H).
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK
Politikarane har enno ikkje tatt stilling til kva dei skal gjere. Kor mykje pengar dei kan få for aksjane vil han ikkje sei. Men at det er eit vanskeleg val er han tydeleg på.
– Kommunane står i ein ekstremt vanskeleg økonomisk situasjon. Og det blir berre verre for kvart år. Dermed blir dette eit slags svar på desperasjonen. For noko må vi gjere. Det er eit siste forsøk på å redde oss sjølve.
Konsernsjefen i Lofotkraft vil naturlegvis ikkje miste eigarane sine.
– Kommunane i Lofoten, som eig Lofotkraft, har gitt oss stabile og føreseielege rammer gjennom aksjonæravtalen, seier konsernsjef i Lofotkraft, Arnt M. Winther til NRK.
Han viser til eit eksempel på det gode samarbeidet dei har hatt med kommunane:
– Da det var behov for store oppgraderingar i det regionale straumnettet i Lofoten, viste eigarane stor ansvarskjensle ved å avgrense utbyttet til oppgraderingane var gjennomført.
Ekspert åtvarar
Seniorrådgivar Håvard Moe i KS-konsulent seier at kommunar over heile landet vurderer å selje unna eigedelar for å redde økonomien.
– Kommunane står ovanfor dei same problemstillingane over heile landet. Dette handlar om at kommuneøkonomien er tøff overalt.
– Har kommunane som står i dette dilemmaet noko til felles?
– Det er dårleg kommuneøkonomi som er hovudårsaka for dei fleste. Kraftselskapa har høg verdi og mange kommunar har høg gjeld.
– Då er det nærliggjande at kommunen vurderer om det er fornuftig å veksle desse verdiane inn i ei redusert gjeldsbyrde, legg han til.
Seniorrådgivar Håvard Moe i KS-konsulent åtvarar kommunane mot å selje seg ut.
Foto: Olav Røli / NRK
Han kallar det å selje arvesølvet, men seier samtidig at det er fleire kommunar som ikkje har noko anna val. Som Vågan i Lofoten.
– Når ein først har hamna der, så har ein ikkje andre alternativ. Men om dei no berre endar opp med å selje eit stort energiverk, utan å gjere noko med skulestrukturen, så blir ikkje hòlet tetta.
Men det kan også vere ei fornuftig løysing, om kommunane har ein plan om større avkastning.
– Då handlar det om å veksle ein verdi inn i noko anna du meiner har ein varig verdi. Som å setje pengane på børs, om ein meiner ein kan få større avkastning på pengane der.
– Men om det gjer at ein ikkje omstiller, så er det jo som å pisse i buksa for å halde seg varm.
Publisert
24.11.2025, kl. 18.25