– Ut frå bileta kan det sjå ut som dette er det vi kallar for flogstein. Det er stein som losnar høgt oppe, treff fjellveggen og blir splintra i fleire, mindre fragment. Desse kan sprette veldig langt. Det er vanskeleg å seie meir før nokon har vært inne i området og sett nærmare på det.

Regionsjefen i NVE region vest, Jostein Mårdalen, seier det er for tidleg å trekke noko konklusjon om steinraset i Sunndal. Søndag ramla fleire steinar ned på Flaggnutvegen som ligg nær Sunndalsøra. Nokre av steinane var store.

Berre nokre meter frå Rv. 70

Ingen personar kom til skade i steinraset, men den kommunale vegen blei stengd. Måndag var teknisk sjef i Sunndal kommune, Jan Erik Holte, på plass på rasstaden.

Då blei det funne endå fleire steinar. Ein av dei låg kring fem meter frå Rv. 70. Dette er ein veg med stor trafikk.

– Det er ikkje mange meter bort til vegen, nei. Vi bur jo i Sunndal og alt her er jo nære fjellsida. Det er jo veldig nære dette her då. Men sånn er det også andre stader i Sunndal.

To personer står på snødekt bakken, nær en nedlagt hekk. Den ene personen har på seg en gul refleksjakke, mens den andre har på en oransje refleksjakke. I bakgrunnen vises en bygning samt en parkert bil. Det ligger en stein på bakken foran dem.

Teknisk sjef i Sunndal kommune, Jan Erik Holte, her til høgre saman med Bjørn Røkkum, ser på stein som har kome ned frå fjellet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dronebilete

Det var opp til kommunen å avgjere om kva som skal skulle skje vidare med området etter at steinane hadde ramla ned. Måndag formiddag blei det send opp ei drone for å få betre oversikt over situasjonen.

Flaggnutvegen går parallelt med Rv. 70. Folk som har tenkt seg på tur opp på Ellefstolen med god utsikt over Sunndalsøra, startar gjerne turen her.

Men det ligg også fleire bedrifter i området, og eit par av dei har fått knust gjerdet på grunn av raset, melde lokalavisa Driva søndag kveld.

Teknisk sjef, Jan Erik Holte, har prøvd å finne spor i fjellveggen etter steinras ved hjelp av dronebilete. Men det har ikkje vore lett.

– Det er lite å sjå oppe i fjellsida. Eg ser mest store og små steinar som ligg her nede på bakken. Men lenger opp er det vanskeleg. Vi får ikkje fly lenger opp enn 120 meter.

En person iført en oransje jakke og grønn lue bruker en kontrollpanel i en parkeringsplass. Snø ligger på bakken, og det er bygninger i bakgrunnen. Kontrollpanelet viser informasjon på skjermen. Omgivelsene ser ut til å være rolige og avsidesliggende.

Ei drone blei send opp for å finne spor etter steinsprang i fjellet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mandag førmiddag hadde Sunndal kommune møte med NVE for å sjå på bileta og for å vurdere om dei skulle sende ein geolog inn i området.

Jostein Mårdalen seier dei er innafor dei vurderingssonene som dei har lagt for dette området.

– Det inneber at det er ein prosent sannsynleg at det kan kome eit steinsprang der i løpet av eitt år.

Opnar vegen

Litt etter klokka 1430 blei det klart at det ikkje blir send inn geolog. Vegen blir opna. Kommunedirektør Bjørn Flemmen Steinland sier dette i ein pressemelding frå Sunndal kommune.

«Basert på analyse av bilete og samtalar med NVE sine fagfolk er det vurdert at ei synfaring med geolog truleg ikkje vil gi vesentleg meir informasjon om fare for nye hendingar. Det har heller ikkje kome ned meir stein sidan hendinga søndag kveld. Sunndal kommune har difor valt å opne Flaggnutvegen igjen for normal trafikk.»

Publisert

24.11.2025, kl. 13.21

Oppdatert

24.11.2025, kl. 15.27