– Éin person er køyrd til legevakt etter å ha blitt skadd av ein annan person på eit busstopp ved Volleberg i Kristiansand, seier operasjonsleiar i Agder-politiet Knut Odde.

– Det blei først meldt om ei trugselhending. Då vi var på veg til denne, kom det ei ny melding om ei valdshending like ved. Vi har pågripe ein person for begge forholda.

Voldshendelse Kristiansand

Den første hendinga skal ha skjedd ved dette busstoppet.

Foto: Håvard Axel Kator / NRK

Funnen skadd på bussen

– Personen som vart skadd vart utsett for vald på busstoppet, men klarte å komme seg unna på ein buss.

Politiet følgde etter bussen, og det viste seg at fornærma om bord på bussen var skadd.

– Vedkommande vart henta av ambulanse og køyrd til legevakt. Den andre personen som vart utsett for trugslar vart ikkje fysisk skadd.

Den pågripne er teken med til politiet for avhøyr.

Politibil på en vei

Dei to hendingane skjedde i same område måndag kveld.

Foto: Håvard Axel Kator

Publisert

24.11.2025, kl. 19.07

Oppdatert

24.11.2025, kl. 22.07