– Det vil kome mykje nedbør dei neste dagane, seier meteorolog Emili Carin Rønning, ved Vêrvarslinga på Vestlandet til Firda.
Nedbørsmengda gjer at NVE har sendt ut farevarsel for flaum for heile Vestlandet. Faren vil auke frå torsdag kveld.
Regn og snøsmelting gir auka fare for overvatn langs vegar og i tettbygde strok. Lokale bekker og elver kan også flaume over. Jord- og flaumskred kan også førekome.
Meteorologen ber folk halde seg oppdaterte på situasjonen.
– Ein bør sikre gjenstandar som kan flyte av garde. I tillegg bør ein passe på at stikkrenner og kummar er frie for snø og is, grus, jord og kvist, slik at vatnet kan renne uhindra der det vanlegvis renn.
Faren er venta å vere størst natt til fredag og første del av fredagen.
Les meir om helgevêret:

Les også
Frå blått til raudt – slik blir dagane framover