Saka oppsummert:

  • Ukrainas antikorrupsjonsmyndigheiter har ransaka kontoret til Andrij Jermak, stabssjefen til president Zelenskyj.
  • To ministrar har nyleg gått av grunna mistanke om korrupsjon.
  • Totalt er åtte personar sikta for ulike former for økonomisk kriminalitet. Mange av dei sikta er nære allierte av president Zelenskyj.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Det skjer berre ei veke etter at to ministrar måtte gå av etter mistanke om korrupsjon i energisektoren i Ukraina.

Ukrainske Pravda-journalistar har filma korleis omtrent ti tilsette frå det Det nasjonale antikorrupsjonsbyrået Nabu har tatt seg inn på regjeringskvartalets område.

Jermak opplyser at han samarbeider med etterforskarane. På Telegram skriv han at det går føre seg ei ransaking i heimen hans.

Følg utviklinga i Ukraina her:

– Etterforskingsstega er godkjent og blir gjennomført som del av etterforskinga. Det kjem fleire detaljar seinare, skriv Nabu på Telegram.

Stabssjef Andrij Jermak har vore ein av Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj sine nærmaste allierte.

Jermak har leia presidenten sitt kontor sidan 2020.

Tre menn sitter rundt et bord med dokumenter og en blomsterdekorasjon. En av mennene er iført dress og har en flaggpin, mens de to andre er i svarte klær. Det er en flaske vann og et glass på bordet. Omgivelsene er elegante, med mørke gardiner i bakgrunnen.

Jermak og Zelenskyj under eit møte i Roma i Italia 9. juli.

Foto: Remo Casilli / Reuters / NTB

Omfattande korrupsjonssak

For tida går det føre seg ei omfattande etterforsking av korrupsjon i energisektoren.

Totalt er åtte personar sikta for medverking til bestikking, underslag og ulovleg innhentinga av økonomiske godar.

Korrupsjonssaka skal involvere kvitvasking av rundt 1 milliard kroner, og kontraktar hos kjernekraftselskapet Energoatom.

Mange av dei er nære allierte til Zelenskyj.

menn i dress håndhilser

Her møter stabssjef Andrij Jermak statsminister Jonas Gahr Støre i Ukraina i august.

Foto: Heiko Junge / NTB

Interessert i meir frå Urix? Høyr redaksjonen sin podkast:

Publisert

28.11.2025, kl. 08.30

Oppdatert

28.11.2025, kl. 10.27