{"id":100128,"date":"2025-11-29T17:39:39","date_gmt":"2025-11-29T17:39:39","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/100128\/"},"modified":"2025-11-29T17:39:39","modified_gmt":"2025-11-29T17:39:39","slug":"blir-nok-kasta-i-sopla-nrk-sorlandet-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/100128\/","title":{"rendered":"\u2013 Blir nok kasta i s\u00f8pla \u2013 NRK S\u00f8rlandet \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Eg liker \u00e5 sj\u00e5 kva rytme dei har p\u00e5 spelet og kva r\u00f8rsler dei pleier \u00e5 angripe med, seier Katrine Lunde.<\/strong><\/p>\n<p>Lunde storspelte i VM-opninga mot S\u00f8r-Korea torsdag. Ein redningsprosent p\u00e5 over 60 bidrog til 34-19-siger.<\/p>\n<p>P\u00e5 pressetreffet dagen etter var det igjen mange som ville snakke med m\u00e5lvaktstjerna.<\/p>\n<p>\u2013 Forsvaret var fantastiske i g\u00e5r. Men eg pr\u00f8ver \u00e5 ta til meg det som eg gjer bra, s\u00e5nn at det bygger opp min sj\u00f8lvtillit igjen, seier 45-\u00e5ringen.<\/p>\n<p>\u2013 Medmenneskeleg i kaoset til idretten<\/p>\n<p>\u2013 Ho er einest\u00e5ande. Ho har vore eit anker i laget v\u00e5rt i lang tid, seier Veronica Kristiansen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Posten Cup: Norge- Spania Veronica Kristiansen\" title=\"Foto: Paul S. Amundsen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Veronica Kristiansen har spelt saman med Katrine Lunde i mange \u00e5r.<\/p>\n<p>Foto: Paul S. Amundsen \/ NTB<\/p>\n<p>Bakspelaren seier Lunde er eit fantastisk menneske, som utstr\u00e5lar tryggleik til lagvenninnene sine.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ho er medmenneskeleg i kaoset til idretten. S\u00e5 ho er heilt fantastisk.<\/strong><\/p>\n<p>Lunde har alltid brukt mykje tid p\u00e5 \u00e5 f\u00f8rebu seg til kampar. Og ho skriv researchen ned i eigne notatb\u00f8ker.<\/p>\n<p>Det har ho gjort heilt sidan ho slo gjennom for V\u00e5g heime i Kristiansand tidleg p\u00e5 2000-talet.<\/p>\n<p>\u2013 Det er mange b\u00f8ker, veldig mange, stadfestar ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person sitter foran en glassvegg i et urbant milj\u00f8. Vedkommende har p\u00e5 seg en svart jakke med flere logoer. H\u00e5nden er synlig, og neglelakken er r\u00f8d. Bakgrunnen viser en g\u00e5gate med uklare bygninger i lysere farger.\" title=\"Foto: Paul S. Amundsen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">M\u00e5lvakta har sagt at VM blir hennar siste meisterskap. Men framtida p\u00e5 klubbniv\u00e5 er ikkje avklart enn\u00e5.<\/p>\n<p>Foto: Paul S. Amundsen \/ NTB<\/p>\n<p>45-\u00e5ringen, som spelar i sitt 25. meisterskap, skriv f\u00f8r kvar kamp ned analysen sin av motstandaren. Kor dei skyt og kva r\u00f8rsler dei kjem i angrep med.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ein pr\u00f8ver \u00e5 lage eit lite m\u00f8nster i hovudet og lagre det mentalt. D\u00e5 er ein klar n\u00e5r kampen kjem, og det skjer litt automatisk, seier Lunde.<\/strong><\/p>\n<p>Etter kampen skriv ho ogs\u00e5 ei vurdering av analysen ho har gjort i forkant.<\/p>\n<p>\u2013 Blir nok kasta i s\u00f8pla<\/p>\n<p>Ho er no inne i sitt siste meisterskap, men har ikkje avgjort vidare framtid p\u00e5 klubbniv\u00e5.<\/p>\n<p>Mange m\u00e5lvakter ville truleg gitt mykje for \u00e5 f\u00e5 ta ein titt p\u00e5 notata til ei av dei beste m\u00e5lvaktene i verda.<\/p>\n<p>Men Lunde har ikkje planar om \u00e5 samle dei i bokform.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur nok berre dei blir kasta i s\u00f8pla, seier ho og ler.<\/p>\n<p>\u2013 Du har ikkje tenkt \u00e5 levere vidare til arvtakarane dine og dele med dei?<\/p>\n<p>\u2013 Om dei har lyst, skal dei f\u00e5 lov til det, avsluttar ho.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En ut\u00f8ver holder et skilt med teksten &quot;PLAYER OF THE MATCH&quot; mens hun gratuleres av lagkamerater. Flere spillere st\u00e5r i r\u00f8de drakter og applauderer. I bakgrunnen er en fotograferende person synlig. Arrangementet finner sted i en innend\u00f8rs sportsarena.\" title=\"Foto: Beate Oma Dahle \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Katrine Lunde med symbolet p\u00e5 at ho blei k\u00e5ra til banens beste i VM-opninga mot S\u00f8r-Korea.<\/p>\n<p>Foto: Beate Oma Dahle \/ NTB<\/p>\n<p>Kviler truleg mot Kasakhstan<\/p>\n<p>Truleg vil Lunde f\u00e5 kvile i kampen mot Kasakhstan laurdag.<\/p>\n<p>Landslagssjef Ole Gustav Gjekstad signaliserer at det blir ein kamp der dei kan trene p\u00e5 ting dei kan f\u00e5 bruk for seinare i meisterskapen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi har mange ting vi skal jobbe med, b\u00e5de angrepsmessig og forsvarsmessig. Vi kjem til \u00e5 teste ut alternative formasjonar i den kampen, seier Gjekstad.<\/strong><\/p>\n<p>Trenaren g\u00e5r langt i \u00e5 love norsk siger.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er ganske sikker p\u00e5 at vi kjem til \u00e5 vinne, og vi b\u00f8r vinne ganske komfortabelt.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>28.11.2025, kl. 14.12<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg liker \u00e5 sj\u00e5 kva rytme dei har p\u00e5 spelet og kva r\u00f8rsler dei pleier \u00e5 angripe&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":100129,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-100128","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115634212878630368","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/100128","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=100128"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/100128\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/100129"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=100128"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=100128"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=100128"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}