{"id":101197,"date":"2025-12-01T08:59:23","date_gmt":"2025-12-01T08:59:23","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/101197\/"},"modified":"2025-12-01T08:59:23","modified_gmt":"2025-12-01T08:59:23","slug":"fire-drepne-etter-skyting-i-barnebursdag","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/101197\/","title":{"rendered":"Fire drepne etter skyting i barnebursdag"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert:<\/p>\n<ul>\n<li>15 personar blei skotne i eit familieselskap i Stockton, California.<\/li>\n<li>Fire av dei d\u00f8ydde, medan 11 er skadde.<\/li>\n<li>Tre av dei d\u00f8ydde var barn p\u00e5 8,9 og 14 \u00e5r<\/li>\n<li>Skytinga skjedde under ein barnebursdag, og b\u00e5de barn og vaksne er r\u00e5ka.<\/li>\n<li>Gjerningspersonen er framleis p\u00e5 frifot<\/li>\n<li>Politiet meiner det kan vere ei m\u00e5lretta hending og etterforskar saka.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Fire personar d\u00f8ydde som f\u00f8lge av skadane.<\/p>\n<p><strong>Dei drepne var 8, 9, 14 og 21 \u00e5r gamle opplyste styresmaktene s\u00f8ndag.<br \/>11 personar er skadde.<\/strong><\/p>\n<p>Skytinga skjedde i ein <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/nyheter\/1.17673029\" ec-id=\"pp:article:1.17673029\" ec-name=\"barnebursdag i Stockton\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">barnebursdag i Stockton<\/a> nord i California i USA.<\/p>\n<p>Stockton er ein by med om lag 300.000 innbyggarar nord i California.<\/p>\n<p>Politiet er p\u00e5 staden og etterforskar saka. Det er ikkje meldt om nokon p\u00e5gripne.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er ei p\u00e5g\u00e5ande etterforsking. Informasjonen er framleis avgrensa, opplyser sheriffkontoret p\u00e5 <a href=\"https:\/\/x.com\/SJSheriff\/status\/1994989202615021604\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/SJSheriff\/status\/1994989202615021604\" ec-name=\"X\" rel=\"nofollow\">X<\/a>.<\/p>\n<p>Styresmaktene ber publikum om hjelp medan etterforskarar jobbar med \u00e5 finna gjerningspersonen og motivet for handlinga.<\/p>\n<p>\u2013 Tidlege indikasjonar tyder p\u00e5 at dette kan vere ei m\u00e5lretta hending.<\/p>\n<p>Laurdag kveld blei 14 personar skotne i eit familieselskap i California i USA.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er knust<\/p>\n<p>B\u00e5de barn og vaksne er r\u00e5ka av hendinga.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er knust og sint over \u00e5 h\u00f8yre om masseskytinga p\u00e5 eit barn sin bursdagsfest, skriv viseordf\u00f8rar Jason Lee p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.facebook.com\/iamjasonlee\/\" ec-id=\"https:\/\/www.facebook.com\/iamjasonlee\/\" ec-name=\"Facebook\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Facebook<\/a>.<\/p>\n<p>\u2013 Ein bursdagsfest skal aldri vere ein stad der familiar fryktar for livet sitt, legg han til.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Flere politifolk st\u00e5r p\u00e5 en parkeringsplass under natten, ved flere biler med blinkende lys. Noen av dem ser mot hverandre mens de holder utstyret sitt. Omgivelsene inkluderer neonlys fra n\u00e6rliggende butikker. Politietterforskning p\u00e5g\u00e5r i omr\u00e5det.\" title=\"Foto: Ethan Swope \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">If\u00f8lgje lokalt politi kan det vere snakk om ei m\u00e5lretta hending. <\/p>\n<p>Foto: Ethan Swope \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Eg sender mine tankar, b\u00f8nner og kj\u00e6rleik til familiane som lir, til barna som var vitne til dette traumet og til alle i byen v\u00e5r som kjenner p\u00e5 denne smerta, legg han til.<\/p>\n<p>Lee og sheriffkontoret oppfordrar publikum til \u00e5 varsle dersom nokon har informasjon som kan hjelpe etterforskinga.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne med kr\u00f8llete h\u00e5r st\u00e5r i en m\u00f8rk omgivelse if\u00f8rt en jakke med makersymbol. Jakken har p\u00e5sydd tekst som indikerer at hun er ordf\u00f8rer. Det er uklart hva hennes uttrykk er, ettersom ansiktet hennes er uskarpt. Bakgrunnen er m\u00f8rk med uklare lyspunkter som kan v\u00e6re fra byen.\" title=\"Foto: Ethan Swope \/ AP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Christina Fugazi snakka med pressa like ved \u00e5staden der skytinga fann stad.<\/p>\n<p>Foto: Ethan Swope \/ AP \/ NTB<\/p>\n<p>Ordf\u00f8rar Christina Fugazi omtalar hendinga som \u00abuakseptabel\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er helga for hausttakkefesten. Familiar kjem saman for \u00e5 feire, dele minne og gi kvarandre kj\u00e6rleik. V\u00e5r by, Stockton, er betre enn denne typen vald, seier ho til pressa.<\/p>\n<p>\u2013 Familiar burde vere saman, ikkje p\u00e5 sjukehuset, st\u00e5ande ved sidan av sine kj\u00e6re og be om at dei overlever, seier Fugazi.<\/p>\n<p>S\u00e5 langt i \u00e5r har det vore minst 380 masseskytingar i USA, if\u00f8lgje <a href=\"https:\/\/www.gunviolencearchive.org\/\" ec-id=\"https:\/\/www.gunviolencearchive.org\/\" ec-name=\"Gun Violence Archive.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Gun Violence Archive.<\/a><\/p>\n<p>Interessert i meir utanriksstoff? H\u00f8yr Urix sin podkast:<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>30.11.2025, kl. 07.14<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>01.12.2025, kl. 08.44<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: 15 personar blei skotne i eit familieselskap i Stockton, California. Fire av dei d\u00f8ydde, medan 11&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":100399,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-101197","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115643492844362268","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/101197","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=101197"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/101197\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/100399"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=101197"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=101197"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=101197"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}