{"id":102371,"date":"2025-12-02T16:27:19","date_gmt":"2025-12-02T16:27:19","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/102371\/"},"modified":"2025-12-02T16:27:19","modified_gmt":"2025-12-02T16:27:19","slug":"alle-fastlegar-skal-tilby-digitale-konsultasjonar-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/102371\/","title":{"rendered":"Alle fastlegar skal tilby digitale konsultasjonar \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 <strong>Eg kan sj\u00e5 for meg at elevar p\u00e5 vidareg\u00e5ande kan oppleve det som lettare, med tanke p\u00e5 fr\u00e5v\u00e6r. Ein kan f\u00e5 like mykje informasjon via ein videosamtale som fysisk.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier Wiktoria Bujnicka som NRK m\u00f8ter i F\u00f8rde.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Regjeringa skal lovfeste at alle fastlegar skal tilby videokonsultasjon. Folk p\u00e5 gata sine meiningar\" title=\"Foto: Heidrun Sunde Stokke \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Videosamtale med legen gjer det enklare for elevar p\u00e5 vidareg\u00e5ande skole \u00e5 unng\u00e5 fr\u00e5v\u00e6r, meiner Wiktoria Bujnicka. <\/p>\n<p>Foto: Heidrun Sunde Stokke \/ NRK<\/p>\n<p>Ho f\u00e5r st\u00f8tte fr\u00e5 Connie Hamre, som er i ein annan generasjon enn Wiktoria.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Regjeringa skal lovfeste at alle fastlegar skal tilby videokonsultasjon. Folk p\u00e5 gata sine meiningar\" title=\"Foto: Heidrun Sunde Stokke \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Connie Hamre p\u00e5 gata i F\u00f8rde synest det er bra med ny teknologi.<\/p>\n<p>Foto: Heidrun Sunde Stokke \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Eg synest det h\u00f8yrest heilt greitt ut \u00e5 bruke ny teknologi, og da blir det kanskje lettare for oss \u00e5 f\u00e5 legetimar \u00f2g. S\u00e5 reknar eg med at dersom det skulle vere behov for fysisk konsultasjon, at du da f\u00e5r oppf\u00f8lging p\u00e5 det. S\u00e5 eg ser ikkje noko problematisk med det.<\/p>\n<p><strong>Fr\u00e5 april neste \u00e5r p\u00e5legg regjeringa alle fastlegar \u00e5 tilby digitale tenester som blant anna videotimar.<\/strong><\/p>\n<p><strong>Regjeringa har endra fastlegeforskrifta, som viser kva som er oppg\u00e5vene til fastlegane.<\/strong><\/p>\n<p>Dei har dermed vedtatt at alle fastlegar m\u00e5 tilby digitale tenester gjennom video, tekst og telefon.<\/p>\n<p>Det seier helseminister Jan Christian Vestre.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Jan Christian Vestre st\u00e5r inne p\u00e5 marienlyst og ser i kamera. Han har m\u00f8rkebl\u00e5 dress, hvit skjorte, og r\u00f8dt og hvitt slips. \" title=\"Foto: Aurora Ytreberg Mel\u00f8e \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Helseminister Jan Christian Vestre meiner innbyggarane vil ha dette tilbodet.<\/p>\n<p>Foto: Aurora Ytreberg Mel\u00f8e \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Vi har mange innbyggarar som i st\u00f8rre grad \u00f8nsker \u00e5 kunne gjennomf\u00f8re konsultasjonar digitalt, og derfor innf\u00f8rer vi n\u00e5 denne plikta for fastlegane for f\u00f8respurnader som er eigna for det.<\/p>\n<p>Forslaget har vore <a href=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/ny-fastlegeforskrift-pa-horing\/id3092480\/\" ec-id=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/ny-fastlegeforskrift-pa-horing\/id3092480\/\" ec-name=\"ute p\u00e5 h\u00f8yring\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">ute p\u00e5 h\u00f8yring<\/a>. NRK har lese alle h\u00f8yringssvara og ser at pasientorganisasjonar, kommunar og teknologibedrifter er positive.<\/p>\n<p>Ordninga har vore testa ut <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/stor-oslo\/studenter-far-time-med-fastlegen-pa-video-1.14707184\" ec-id=\"pp:article:1.14707184\" ec-name=\"i ei rad kommunar dei siste \u00e5ra.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">i ei rad kommunar dei siste \u00e5ra.<\/a><\/p>\n<p>Men fastlegane, som skal gjennomf\u00f8re videosamtalane, er kritiske.<\/p>\n<p>\u2013 <strong>Fastlegane var kjappe med \u00e5 ta i bruk videokonsultasjonar under pandemien, n\u00e5r det var eit behov for det, men deretter ser ein at bruken har falle. I dag ligg bruken av videosamtalar p\u00e5 1 -2 promille av konsultasjonane.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier leiar av Allmennlegeforeininga, som er fastlegane og allmennleganes interesseorganisasjon, Hans-Christian Myklestul.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Mann med hvit frakk ser i kamera\" title=\"Foto: Hedvig Kolboholen \/ Allmennlegeforeningen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Leiar av Allmennlegeforeningen Hans-Christian Myklestul trur ikkje p\u00e5 behovet for dette.<\/p>\n<p>Foto: Hedvig Kolboholen \/ Allmennlegeforeningen<\/p>\n<p>Men helseministeren har valt \u00e5 lukke \u00f8yra for innvendingane fr\u00e5 allmennlegane.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur ein del innbyggarar synest det er rart at dei videokonsultasjonane som dei hadde gode erfaringar med for eksempel under pandemien, no ikkje lenger er tilgjengelege.<\/p>\n<p>Helsefagleg skepsis<\/p>\n<p>Allmennlegane fekk st\u00f8tte i skepsisen sin hos Helsetilsynet. Der peika dei p\u00e5 ein <a href=\"http:\/\/The%20Impact%20of%20Digital-First%20Consultations%20on%20Workload%20in%20General%20Practice:%20Modeling%20Study%20-%20PubMed\">internasjonal studie gjennomf\u00f8rte ved universitetet i Bristol i 2020.<\/a><\/p>\n<p>\u00abForsking viser at digital tilgang aukar den totale arbeidsmengda til legen. Blant anna er det vist at \u00abdigital-first\u00bb konsultasjonsmodellar aukar arbeidsmengda for legane, og at digitale konsultasjonar kjem i tillegg til og ikkje i staden for fysiske konsultasjonar\u00bb<\/p>\n<p>Datatilsynet av opptatt av sikkerheita for pasientane og skreiv:<\/p>\n<p>\u00abVi har ingen prinsipielle innvendingar til forslaget om digitale fastlegetenester. Vi vil likevel framheve kor viktig det er at fastlegane blir sette i stand til \u00e5 overhalde grunnleggande krav til personvern og personopplysningssikkerheit f\u00f8r dei blir p\u00e5lagde \u00e5 ta slike tenester i bruk\u00bb.<\/p>\n<p>Helseministeren er ikkje bekymra for at legane f\u00e5r det meir travelt enn i dag.<\/p>\n<p>\u2013 Det st\u00e5r att \u00e5 sj\u00e5. Dette vil jo ikkje endre talet p\u00e5 fastlegetimar som er tilgjengelege. S\u00e5 om pasienten da \u00f8nsker ein fysisk konsultasjon eller ein videokonsultasjon, s\u00e5 vil jo den konsultasjonen ta sannsynlegvis like lang tid. Og s\u00e5 f\u00e5r vi jo sj\u00e5 erfaringane etter kvart.<\/p>\n<p>Foreininga for fastlegar under utdanning og Allmennlegeforeningen trur framleis det er det beste for pasientane er \u00e5 komme p\u00e5 legekontoret.<\/p>\n<p>\u2013 Ein m\u00e5 m\u00e5le eit blodtrykk, unders\u00f8ke ei skulder eller eit kne. Da er ein heilt avhengig av \u00e5 ha pasienten til stades. Det er innmari vanskeleg \u00e5 f\u00e5 tatt ei blodpr\u00f8ve via ein videokonsultasjon, seier Hans-Christian Myklestul.<\/p>\n<p>Trass i protestane:<\/p>\n<p><strong>Fr\u00e5 april neste \u00e5r skal alle fastlegar i Noreg tilby legetimar digitalt via video.<\/strong><\/p>\n<p>Alle m\u00e5 ogs\u00e5 tilby moglegheit for digital timebestilling via Helsenorge.no.<\/p>\n<p>Bj\u00f8rn St\u00f8fring som vi m\u00f8ter i F\u00f8rde trur han kjem til \u00e5 pr\u00f8ve ut videokonsultasjon hos legen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Regjeringa skal lovfeste at alle fastlegar skal tilby videokonsultasjon. Folk p\u00e5 gata sine meiningar\" title=\"Foto: Heidrun Sunde Stokke \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bj\u00f8rn St\u00f8fring som vi m\u00f8ter i F\u00f8rde er positive til den nye teknologien.<\/p>\n<p>Foto: Heidrun Sunde Stokke \/ NRK<\/p>\n<p> \u2013 <strong>Eg har ikkje gjort meg store tankar, men eg tenker at det kan vere positivt. Det er fleire ting ein kan f\u00e5 ordna via ein videoprat.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>02.12.2025, kl. 05.16<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Eg kan sj\u00e5 for meg at elevar p\u00e5 vidareg\u00e5ande kan oppleve det som lettare, med tanke p\u00e5&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":102372,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-102371","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115650916880546468","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/102371","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=102371"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/102371\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/102372"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=102371"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=102371"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=102371"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}