{"id":102478,"date":"2025-12-02T18:43:17","date_gmt":"2025-12-02T18:43:17","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/102478\/"},"modified":"2025-12-02T18:43:17","modified_gmt":"2025-12-02T18:43:17","slug":"reagerer-etter-norsk-storsiger-eit-tap-for-handballen-nrk-sport-sportsnyheter-resultater-og-sendeplan","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/102478\/","title":{"rendered":"Reagerer etter norsk storsiger \u2013 Eit tap for handballen \u2013 NRK Sport \u2013 Sportsnyheter, resultater og sendeplan"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Det er bra at vi tar dei m\u00e5la, men det er eit tap for handballen. Det er mi meining, seier Mats Olsson.<\/p>\n<p>Han reagerer p\u00e5 at dei norske kvinnene fekk putte inn fleire sk\u00e5ringar p\u00e5 opent m\u00e5l i kampen mot Angola i gruppespelkampen i VM.<\/p>\n<p>Den angolanske trenaren valde \u00e5 ta ut m\u00e5lvakta og d\u00e5 blei det sju mot seks.<\/p>\n<p><strong>Det utnytta dei norske kvinnene, som fekk fem sk\u00e5ringar p\u00e5 opent m\u00e5l berre i fyrste omgang.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To h\u00e5ndballspillere feirer p\u00e5 banen med hevede hender under en kamp. De har p\u00e5 seg r\u00f8de drakter med sponsorlogoer. Publikum er synlig i bakgrunnen, og stemningen er intens. Bildet fanger et \u00f8yeblikk av entusiasme og samarbeid blant spillerne.\" title=\"Foto: Beate Oma Dahle \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">OPE M\u00c5L: Maren Aardahl sk\u00e5ra p\u00e5 opent m\u00e5l d\u00e5 Angola var ei kvinne mindre p\u00e5 banen. <\/p>\n<p>Foto: Beate Oma Dahle \/ NTB<\/p>\n<p>Noreg vann 31-19 i den siste gruppespelkampen.<\/p>\n<p>Etter berre fire minutt spelt fekk angolanske Albertina Kassoma ei to minutt lang utvising for \u00e5 vere i andletet til Stine Skogrand. Nokre f\u00e5 minutt etter fekk ho to minutt til.<\/p>\n<p>For \u00e5 unng\u00e5 at stjernespelaren skulle f\u00e5 raudt kort, valde trenaren til Angola \u00e5 putte Kassoma p\u00e5 benken halvvegs i fyrste omgang.<\/p>\n<p>Reagerer<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg er lite glad i sju mot seks. Eg veit ikkje kva som skjer med den regelen, men det blir lite underhaldande. Og i alle fall n\u00e5r det er fleire lag som praktiserer det gjennom kampen, seier NRKs handballekspert Kenneth Gabrielsen.<\/strong><\/p>\n<p>Han held fram:<\/p>\n<p>\u2013 Det kan ende opp med at du sk\u00e5rar ti m\u00e5l p\u00e5 opent m\u00e5l i ein kamp. Eg h\u00e5par det kan bli ein regelendring p\u00e5 det. Det er ikkje sikkert ein skal ta det heilt bort, men at det kan bli ein eller annan vri p\u00e5 det. At ein kan gjere det s\u00e5 mange gonger i l\u00f8pet av ein kamp.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En spiller ligger p\u00e5 gulvet etter \u00e5 ha falt under en h\u00e5ndballkamp. Hun har p\u00e5 seg en r\u00f8d og svart drakt. I bakgrunnen ses en annen spiller i bevegelse. Hallen har en gr\u00f8nn gulvflate med hvite linjer.\" title=\"Foto: ARIS MESSINIS \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">STJERNESPELAR: Albertina Kassoma er 194 cm h\u00f8g og blir sett p\u00e5 som ein viktig spelar for Angola. <\/p>\n<p>Foto: ARIS MESSINIS \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 assistenttrenar Mats Olsson er einig. Han reagerte etter at Angola blei ei kvinne mindre p\u00e5 banen.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er i mot desse tomme m\u00e5la. Eg er veldig stor fan av seks mot seks-spel og m\u00e5lvakt p\u00e5 banen. Det er bra at vi tar dei m\u00e5la, men det er eit tap for handballen. Det er mi meining, seier han.<\/p>\n<p>Katrine Lunde fortel at ho ikkje synest noko om \u00e5 spele p\u00e5 den m\u00e5ten.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Som keeper synest eg det er kjedeleg. Det blir utspel heile tida om ein spelar overtal, seier ho til NRK. <\/strong><\/p>\n<p>Ho fortset:<\/p>\n<p>\u2013 Eg f\u00f8retrekkjer det ikkje, men regelen er der, s\u00e5 eg skj\u00f8nar at folk utnyttar det ogs\u00e5. S\u00e5 f\u00e5r vi pr\u00f8ve \u00e5 straffe dei som spelar det.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En h\u00e5ndballspiller st\u00e5r bak m\u00e5let, hever h\u00e5nden i en seiersgest. Hun har p\u00e5 seg en bl\u00e5 drakt med norske farger. Publikum i bakgrunnen er uskarpt, men mange mennesker er synlige. Stemningen er intens, typisk for en sportsbegivenhet.\" title=\"Foto: Beate Oma Dahle \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">M\u00c5LVAKT: Katrine Lunde<\/p>\n<p>Foto: Beate Oma Dahle \/ NTB<\/p>\n<p>\u00abKjedelegare\u00bb<\/p>\n<p>\u2013 Det er ein del av ein st\u00f8rre debatt. Ein m\u00e5te \u00e5 utlikne eller i alle fall ta fr\u00e5 dei det v\u00e5penet og f\u00e5 dei til \u00e5 slutte \u00e5 spele sju mot seks. B\u00e5de Maren (Aardahl) og Ingvild (Bakkerud) er gode p\u00e5 \u00e5 skyte i ope m\u00e5l, seier landslagsspelar Nora M\u00f8rk til NRK etter kampen.<\/p>\n<p>\u2013 Kva synest du om sju mot seks? <\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er ein del av utviklinga i handballen, og til tider er det sj\u00f8lvsagt litt kjedelegare n\u00e5r ein veldig god motstandar m\u00f8ter ein litt mindre god, men det ogs\u00e5 vere med p\u00e5 \u00e5 snu kampar. Det legg noko ekstra smartness i spelet, som eg likar, legg ho til.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinnelig h\u00e5ndballspiller i r\u00f8d drakt med nummer 9 holder en h\u00e5ndball. Hun st\u00e5r i en indoor idrettsarena med publikum i bakgrunnen. Dette bildet dokumenterer en sportsbegivenhet. Ut\u00f8verens fokus er rettet mot ballen i h\u00e5nden.\" title=\"Foto: Beate Oma Dahle \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">UTVIKLING: Nora M\u00f8rk meiner det er ein del av utviklinga i handballen. <\/p>\n<p>Foto: Beate Oma Dahle \/ NTB<\/p>\n<p>Landslagstrenar Ole Gustav Gjekstad er ikkje like skeptisk til det.<\/p>\n<p>\u2013 Eg likar ikkje viss ein skal spele sju mot seks i 60 minutt eller over lang tid, det er ikkje spennande \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5. Men som eit taktisk grep skj\u00f8nar eg absolutt at Angola gjer det, seier han til NRK.<\/p>\n<p>Noreg vann gruppa si og m\u00f8ter Sverige i fyrste kamp i hovudrunden. Sverige tapa 27\u201331 mot Brasil m\u00e5ndag.<\/p>\n<p>\u2013 Bra av Brasil. Litt overraskande, eg trudde Sverige skulle vinne. N\u00e5 f\u00e5r vi stille om og f\u00f8rebu oss p\u00e5 Sverige. Det er jo naboen og vi har mykje informasjon, s\u00e5 f\u00e5r vi gjere ei god f\u00f8rebuing, seier landslagstrenar Ole Gustav Gjekstad.<\/p>\n<p>I hovudrunden m\u00f8ter Noreg ogs\u00e5 Brasil og Tsjekkia. Dei to beste laga g\u00e5r vidare til kvartfinale.<\/p>\n<p>Kampen mot Sverige blir spelt onsdag, og du kan h\u00f8yre han p\u00e5 NRK Sport i radioappen: <\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>01.12.2025, kl. 21.55<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>01.12.2025, kl. 23.36<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det er bra at vi tar dei m\u00e5la, men det er eit tap for handballen. Det er&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":102479,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-102478","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115651451486706492","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/102478","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=102478"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/102478\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/102479"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=102478"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=102478"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=102478"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}