{"id":102572,"date":"2025-12-02T19:58:07","date_gmt":"2025-12-02T19:58:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/102572\/"},"modified":"2025-12-02T19:58:07","modified_gmt":"2025-12-02T19:58:07","slug":"razzia-mot-eus-eliteskule-mogleg-bedrageri-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/102572\/","title":{"rendered":"Razzia mot EUs eliteskule \u2013 mogleg bedrageri \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<ul>\n<li>College of Europe, ein prestisjeskule for EU, og EUs utanriksteneste er under etterforsking for mogleg korrupsjon og interessekonflikt.<\/li>\n<li>Politiet gjennomf\u00f8rte razziar i Brugge og Brussel, og tre personar er p\u00e5gripne for avh\u00f8yr.<\/li>\n<li>Mistanken gjeld innsideinformasjon knytt til tildelinga av kontrakten for EU Diplomat Academy i 2021\u20132022.<\/li>\n<li>Federica Mogherini, tidlegare EU-utanrikssjef og direkt\u00f8r for diplomatakademiet, er peika ut som ein av dei p\u00e5gripne, men dette er ikkje stadfesta.<\/li>\n<li>EU-kommisjonen vil ikkje kommentere etterforskinga.<\/li>\n<\/ul>\n<p>College of Europe har vore \u00e5restaden for EUs maktelite sidan 1949.<\/p>\n<p>Prestisjeskulen har produsert ei rekke toppolitikarar- og diplomatar, og gitt studentane sine prestisje og nettverk som har opna d\u00f8rene til kremjobbar i Brussel seinare.<\/p>\n<p><strong>No st\u00e5r institusjonen midt i ei mogleg korrupsjonsskandale.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bildet viser navneskiltet til Europacollege plassert p\u00e5 en vegg. Skiltet inneholder teksten &quot;College of Europe&quot; p\u00e5 tre spr\u00e5k: engelsk, fransk og nederlandsk. Det er delt inn i to seksjoner; den \u00f8verste angir navnet, mens den nederste gir en beskrivelse av institusjonen. Omgivelsene er en enkel, lys vegg som gir kontekst til plasseringen av skiltet.\" title=\"Foto: KURT DESPLENTER \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">College of Europe i Brugge.<\/p>\n<p>Foto: KURT DESPLENTER \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Tidleg tysdag morgon tok politimenn kledde i sivilt seg inn p\u00e5 skulens bygg i den belgiske byen Brugge, og gjennomf\u00f8rte ein razzia.<\/p>\n<p>Samstundes gjekk politiet i Brussel til aksjon mot hovudkvarteret til EUs utanriksteneste, EEAS.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"inngangen til EEAS, EUs utanriksteneste\" title=\"Foto: NICOLAS TUCAT \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Inngangen til EUs utanriksteneste i Brussel.<\/p>\n<p>Foto: NICOLAS TUCAT \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Tre personar er p\u00e5gripne og skal i avh\u00f8yr, mistenkte for bedrageri, if\u00f8lge EU-p\u00e5talemakta <a href=\"https:\/\/www.eppo.europa.eu\/en\/media\/news\/belgium-eppo-conducts-searches-college-europe-and-european-external-action-service\" ec-id=\"https:\/\/www.eppo.europa.eu\/en\/media\/news\/belgium-eppo-conducts-searches-college-europe-and-european-external-action-service\" ec-name=\"Eppo\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Eppo<\/a>.<\/p>\n<p>Ingen er sikta.<\/p>\n<p>Vi m\u00e5 tilbake nokre \u00e5r for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 saka som no blir etterforska.<\/p>\n<p>Elitefabrikk under lupa<\/p>\n<p>I 2021 og 2022 konkurrerte nokre av dei beste utdannings- og forskingsinstitusjonane i Europa om \u00e5 f\u00e5 drive pilotprosjektet EU Diplomat Academy.<\/p>\n<p>Her skulle EUs framtidige diplomatar gjennom eit ni m\u00e5nadar langt oppl\u00e6ringsprogram, finansiert av EEAS.<\/p>\n<p>Kontrakten var lukrativ: n\u00e6r ein million euro i EU-middel, i tillegg til h\u00f8g status i Brussel-milj\u00f8et.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person med lyst h\u00e5r st\u00e5r i en romslig innend\u00f8rs setting. Bakgrunnen viser uskarpe lys og detaljer, som skaper en festlig atmosf\u00e6re. Personen er kledd i m\u00f8rke kl\u00e6r og engasjert i en samtale. Belysningen fra omgivelsene gir et varmt preg til scenen.\" title=\"Foto: CHIP SOMODEVILLA \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Federica Mogherini.<\/p>\n<p>Foto: CHIP SOMODEVILLA \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Til slutt gjekk kontrakten til College of Europe, med Federica Mogherini som direkt\u00f8r for diplomatakademiet.<\/p>\n<p><strong>Men allereie f\u00f8r midla blei offisielt tildelte skulen, kj\u00f8pte dei eit bygg i Brugge til \u00e5 huse diplomataspirantane, skriv avisa <a href=\"https:\/\/www.euractiv.com\/news\/exclusive-police-raid-eu-external-action-service-college-of-europe-in-sweeping-fraud-probe\/\" ec-id=\"https:\/\/www.euractiv.com\/news\/exclusive-police-raid-eu-external-action-service-college-of-europe-in-sweeping-fraud-probe\/\" ec-name=\"Euractiv\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Euractiv<\/a>, som har kjelder i EUs diplomatiske teneste.<\/strong><\/p>\n<p>Mistenker innsideinformasjon<\/p>\n<p>Eppo opplyser at det er mistanke om at innsideinformasjon blei delt med \u00e9in av kandidatane som deltok i anbodsrunden.<\/p>\n<p>Dei mistenker brot p\u00e5 artikkel 169 i EUs finansforordning, som skal sikre open og rettferdig konkurranse.<\/p>\n<p>Etterforskinga har skaka EUs diplomatiske milj\u00f8, og fleire stiller sp\u00f8rsm\u00e5l ved EUs elitesystem og bruken av offentlege middel.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Inngangen til College of Europe viser skilt med navnene &quot;Brugge&quot; og &quot;Natolin&quot;. I bakgrunnen er en skjerm som viser v\u00e6rmeldingen. Omgivelsene inkluderer stakkato flagg hangende fra taket. Bildet gir et inntrykk av en akademisk setting.\" title=\"Foto: KURT DESPLENTER \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p>Foto: KURT DESPLENTER \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Fleire medium peikar p\u00e5 nettopp Federica Mogherini som ei av dei som blei p\u00e5gripne i Brugge i dag, men dette er ikkje offisielt stadfesta.<\/p>\n<p>Mogherini er blant dei mest profilerte skikkelsane i EU det siste ti\u00e5ret.<\/p>\n<p>Tidlegare har ho vore b\u00e5de utanrikssjef i EU og visepresident i EU-kommisjonen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To personer i formelle kl\u00e6r h\u00e5ndhilser i et m\u00f8terom. Den ene personen er en mann med gr\u00e5tt h\u00e5r, den andre er en kvinne med kort, blondt h\u00e5r. Begge ser ut til \u00e5 ha en positiv og formell interaksjon. I bakgrunnen er det en del personer som deltar i m\u00f8tet.\" title=\"Foto: STEPHANIE LECOCQ \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Mogherini saman med Jens Stoltenberg i 2019.<\/p>\n<p>Foto: STEPHANIE LECOCQ \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Dei belgiske avisene <a href=\"https:\/\/www.lesoir.be\/714418\/article\/2025-12-02\/soupcons-de-fraude-au-college-deurope-la-rectrice-federica-mogherini-en-garde\" ec-id=\"https:\/\/www.lesoir.be\/714418\/article\/2025-12-02\/soupcons-de-fraude-au-college-deurope-la-rectrice-federica-mogherini-en-garde\" ec-name=\"Le Soir\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Le Soir<\/a> og<a href=\"https:\/\/www.lecho.be\/economie-politique\/europe\/general\/arrestations-au-college-d-europe-pour-des-soupcons-de-fraude-federica-mogherini-en-garde-a-vue\/10638590.html\" ec-id=\"https:\/\/www.lecho.be\/economie-politique\/europe\/general\/arrestations-au-college-d-europe-pour-des-soupcons-de-fraude-federica-mogherini-en-garde-a-vue\/10638590.html\" ec-name=\"L&#039;Echo\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> L&#8217;Echo<\/a> siterer anonyme kjelder p\u00e5 at Mogherini er sett i varetekt.<\/p>\n<p>Fjerna immunitet<\/p>\n<p>Eppo, som etterforskar \u00f8konomisk kriminalitet mot EU-middel, fekk f\u00f8rst oppheva immuniteten til fleire av dei mistenkte.<\/p>\n<p>Immunitet skal beskytte EU-tenestepersonar mot politisk motivert forf\u00f8lging, men kan bli fjerna n\u00e5r det er mistanke om straffbare handlingar.<\/p>\n<p>Antikorrupsjonsbyr\u00e5et Olaf hjelper ogs\u00e5 i etterforskinga.<\/p>\n<p>EU-kommisjonen stadfestar at det er gjort s\u00f8k mot utanrikstenesta, men avst\u00e5r fr\u00e5 \u00e5 kommentere etterforskinga eller kven som er p\u00e5gripne.<\/p>\n<p>Interessert i meir utanriksstoff? Lytt til redaksjonens podkast:<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>02.12.2025, kl. 20.09<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert College of Europe, ein prestisjeskule for EU, og EUs utanriksteneste er under etterforsking for mogleg korrupsjon&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":102573,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-102572","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories","23":"tag-verden","24":"tag-world","25":"tag-world-news","26":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115651746460564582","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/102572","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=102572"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/102572\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/102573"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=102572"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=102572"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=102572"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}