{"id":102866,"date":"2025-12-03T06:17:12","date_gmt":"2025-12-03T06:17:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/102866\/"},"modified":"2025-12-03T06:17:12","modified_gmt":"2025-12-03T06:17:12","slug":"absurd-a-straffa-oss-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/102866\/","title":{"rendered":"\u2013 Absurd \u00e5 straffa oss \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Kvart \u00e5r fraktar vogntog enorme mengder norsk laks ut av landet. Men n\u00e5r isen smeltar i lasterommet, renn blodig vatn og fiskeslim rett ut gjennom hola i kassane og ned p\u00e5 norske vegar.<\/p>\n<p>\u2013 Det er eit kjempestort problem. Det er meir regelen enn unntaket at det renn fiskevatn n\u00e5r me stansar lastebilar med fisk, seier utekontroll\u00f8r Knut Namtvedt Sylta i Statens vegvesen.<\/p>\n<p>Denne helga gav han fleire bruksforbod i bergensomr\u00e5det.<\/p>\n<p>\u2013 Sj\u00e5f\u00f8rane veit ofte at dei k\u00f8yrer ulovleg. D\u00e5 f\u00e5r dei beskjed om \u00e5 venta hos oss til det ikkje lenger renn slimvatn. Dei sp\u00f8r: \u00abMe parking?\u00bb, og f\u00e5r svaret: \u00abYes, you parking\u00bb, seier Sylta.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En lastebil som lekker fiskevann p\u00e5 en ferjekai p\u00e5 Vestlandet. \" title=\"Foto: Statens Vegvesen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">RENN: Dette biletet tok Sylta under ein kontroll p\u00e5 Krokeide ferjekai i Bergen. <\/p>\n<p>Foto: Statens Vegvesen<\/p>\n<p>80 prosent f\u00e5r k\u00f8yreforbod<\/p>\n<p>N\u00e6r 80 prosent av alle fisketransportar som blir kontrollerte, f\u00e5r ikkje k\u00f8yra vidare. Det viser tal NRK har f\u00e5tt fr\u00e5 Statens vegvesen.<\/p>\n<p>Det nedsl\u00e5ande talet har lege stabilt h\u00f8gt over fleire \u00e5r. St\u00f8rst er problemet i M\u00f8re og Romsdal og Tr\u00f8ndelag, opplyser Statens vegvesen.<\/p>\n<p>\u2013 Talet er veldig h\u00f8gt, seier seksjonssjef Roy Harald Holm.<\/p>\n<p>Difor vil Vegvesenet no gi b\u00e5de sj\u00e5f\u00f8r og firma 25.000 kroner i gebyr dersom fiskevatn renn fr\u00e5 vogntoga.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i skjorte og blazer st\u00e5r foran et stort vogntog som transporterer norsk oppdrettslaks til utlandet. \" title=\"Foto: Privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">VETERAN: Stein Inge Larsen framfor ein av sine fire vogntog som fraktar fersk fisk. Han meiner det er p\u00e5 tide \u00e5 stilla krav til oppdrettsbransjen om \u00e5 nytta lukka emballasje. <\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<p>\u2013 Rammar heilt feil<\/p>\n<p>Det skjer ikkje utan reaksjonar.<\/p>\n<p>Stein Inge Larsen har k\u00f8yrt fisketransport i mange ti\u00e5r. Fr\u00e5 basen sin i Gulen i Vestland bygde han opp Byrknes Auto til \u00e5 bli ein av landets st\u00f8rste termotransport\u00f8rar f\u00f8r han selde bedrifta. No har han ein fl\u00e5te med fire vogntog i sitt nye firma.<\/p>\n<p>Han reagerer kraftig p\u00e5 forslaget.<\/p>\n<p>\u2013 Me kan ikkje f\u00e5 b\u00f8ter for noko me ikkje kan p\u00e5verka. Det er ikkje fisken v\u00e5r, ikkje emballasjen v\u00e5r og me r\u00e5r ikkje over m\u00e5ten kassane blir produserte p\u00e5. Likevel blir me straffa. Det er absurd \u00e5 retta straffa mot oss, meiner Larsen.<\/p>\n<p>\u2013 Stort problem<\/p>\n<p>Eitt vogntog kan ha opp mot 900 laksekassar om bord. Er kjernetemperaturen i fisken for h\u00f8g n\u00e5r han blir pakka, smeltar isen raskt. Og kombinerer du det med eit for lite nedkj\u00f8lt kj\u00f8lelager, smeltar isen raskt og blodig fiskevatn renn ut gjennom hola i kassane.<\/p>\n<p>If\u00f8lge <a href=\"https:\/\/www.vegvesen.no\/om-oss\/presse\/aktuelt\/nasjonalt\/livsfarlig-svineri\/\" ec-id=\"https:\/\/www.vegvesen.no\/om-oss\/presse\/aktuelt\/nasjonalt\/livsfarlig-svineri\/\" ec-name=\"estimat\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">estimat<\/a> fr\u00e5 Statens vegvesen kan det dreia seg om s\u00e5 mykje som 3.600 liter smeltevatn per transport.<\/p>\n<p>Denne videoen viser eit av vogntoga til Larsen der smeltevatnet blir samla opp i tank.<\/p>\n<p>\u2013 Ofte er temperaturen p\u00e5 fisken s\u00e5 h\u00f8g at smeltinga er i gang f\u00f8r me forl\u00e8t lastehallen. Her gjekk tanken full og me hadde ingen stad \u00e5 t\u00f8mma det, fortel den mange\u00e5rige transport\u00f8ren.<\/p>\n<p>I dag f\u00e5r lastebilane bruksforbod heilt fram til avrenninga stansar. For \u00e5 hindra at smeltevatn renn ut, m\u00e5 lasten frysast ned ned til mellom minus ti og minus tjue grader.<\/p>\n<p>Men d\u00e5 er dei p\u00e5 dei kollisjonskurs med Mattilsynet sine krav. Fersk fisk skal transporterast mellom null og fire grader. Sj\u00f8maten m\u00e5 ikkje utsettast for temperatursvingningar eller andre forhold som reduserer kvaliteten p\u00e5 fisken.<\/p>\n<p>\u2013 Situasjonen er ute av kontroll. Konsekvensen er at me bryt lovverket den eine eller den andre vegen, konstaterer Larsen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Blod, slim og fiskevatn har frose til is p\u00e5 fisketransport og ligg som ei blodig kake bak i vogntoget. Dette kan bli resultatet dersom eit vogntog f\u00e5r bruksforbod p\u00e5 grunn av avrenning, og m\u00e5 setta i gang frysaren for \u00e5 hindra lekkasje. \" title=\"Foto: Byrknes Servicesenter\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Blod, slim og fiskevatn har frose til is og ligg som ei blodig kake p\u00e5 golvet i vogntoget. Dette kan bli resultatet dersom eit vogntog f\u00e5r bruksforbod p\u00e5 grunn av avrenning, og m\u00e5 sette aggretat fr\u00e5 0-2 til -10-20 grader \u00e5 hindra lekkasje, fortel Larsen. <\/p>\n<p>Foto: Byrknes Servicesenter<\/p>\n<p>Kallar forslaget urimeleg<\/p>\n<p>Norges Lastebileier-Forbund (NLF) er ogs\u00e5 sv\u00e6rt kritiske til lovforslaget. Dei meiner lovverket rammar feil bransje.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er urimeleg og uakseptabelt. Transport\u00f8rane skal ikkje betala for problem dei ikkje kan styra, seier Knut Gravr\u00e5k, administrerande direkt\u00f8r i NLF i ei pressemelding.<\/p>\n<p>\u2013 Skal ein handheve lastesikring p\u00e5 denne m\u00e5ten, er det berre ei l\u00f8ysing som fungerer: krav om tette kassar for all fisketransport fr\u00e5 ein fast dato. D\u00e5 blir det likt for alle, meiner Larsen i Gulen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Fuktig golv inne p\u00e5 laksepakkeri, fisketransport\u00f8r meiner det viser at fisken har smelta f\u00f8r kj\u00f8returen startar\" title=\"Foto: Byrknes servicesenter\"\/><\/p>\n<p class=\"\">SMELTAR F\u00d8R AVREISE: Larsen har tatt dette biletet inne i ein pakkehall der lastebilane lastar laks. Han meiner det v\u00e5te golvet synleggjer at fisken er for varm n\u00e5r han blir levert, og at smeltinga startar f\u00f8r transporten startar. \u2013 Me har tatt stikkpr\u00f8ver av fisk som har vore langt over grensene. <\/p>\n<p>Foto: Byrknes servicesenter<\/p>\n<p>Sj\u00f8matbedriftene: \u2013 \u00c5rsaka ligg begge stader<\/p>\n<p>Direkt\u00f8r i Sj\u00f8matbedriftene, Robert Eriksson, meiner ansvaret er delt:<\/p>\n<p>\u2013 Det er to hovud\u00e5rsaker til avrenning. Den eine er for h\u00f8g kjernetemperatur n\u00e5r fisken forl\u00e8t slakteriet. Det er n\u00e6ringa sitt ansvar. Den andre er at transport\u00f8rar sl\u00e5r av kj\u00f8leaggregatet for \u00e5 spare diesel. D\u00e5 smeltar isen, og du f\u00e5r avrenning, seier Eriksson.<\/p>\n<p>Han meiner b\u00e5de slakteri og transport\u00f8rar m\u00e5 skjerpe seg:<\/p>\n<p>\u2013 Det blir for enkelt \u00e5 ropa p\u00e5 tette kassar. Om isen smeltar i tette kassar, blir fisken liggande i vatn, og det toler ikkje mattryggleiksreglane. N\u00e5r avrenninga skuldast transport\u00f8ren, m\u00e5 transport\u00f8ren ogs\u00e5 ta det \u00f8konomiske tapet, seier han.<\/p>\n<p>Stein Inge Larsen lar seg forbausa over kritikken fr\u00e5 Eriksson.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har aldri i mine 30 \u00e5rs fartstid verken sett eller h\u00f8yrt om transport\u00f8rar som skrur av aggregatet for \u00e5 spara p\u00e5 diesel. Om det stemmer at det blir brukt akt\u00f8rar som er s\u00e5 useri\u00f8se at dei ikkje brukar kj\u00f8leanlegg, s\u00e5 b\u00f8r laksebransjen gjennomf\u00f8ra strakstiltak for \u00e5 luka dei ut.<\/p>\n<p>Sj\u00f8mat Norge: \u2013 Hygienen gjer l\u00f8ysingane vanskelege<\/p>\n<p>Sj\u00f8mat Norge peiker p\u00e5 at EU er i ferd med \u00e5 innf\u00f8re krav om gjenbrukbare fiskekassar \u2013 men at det ikkje finst lukka, hygieniske og gjenbrukbare kassar p\u00e5 marknaden i dag.<\/p>\n<p>Bransjeforeininga har samstundes forst\u00e5ing for at b\u00e5de sj\u00e5f\u00f8rar og transport\u00f8rar har innvendingar mot forslaget.<\/p>\n<p>\u2013 Kvar teknisk l\u00f8ysing m\u00e5 ivareta mattryggleik, og fisken m\u00e5 ikkje ligge i vatn. Det gjer dette sv\u00e6rt krevjande, seier direkt\u00f8r Trond Davidsen.<\/p>\n<p>Men verdas st\u00f8rste havbruksselskap, Mowi, har g\u00e5tt over til tette kassar. Saman med ein emballasjeprodusent <a href=\"https:\/\/mowi.com\/no\/sustainability\/mowi-og-vartdal-plast-loser-avrenningsproblemet\/\" ec-id=\"https:\/\/mowi.com\/no\/sustainability\/mowi-og-vartdal-plast-loser-avrenningsproblemet\/\" ec-name=\"meiner dei \u00e5 ha eliminert\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">meiner dei \u00e5 ha eliminert<\/a> problemet med avrenning.<\/p>\n<p>\u2013 L\u00f8ysinga ligg hos dei som eig fisken. Teknologien finst, kassene kan vere tette, og d\u00e5 slepp ein avrenning, meiner Larsen i Gulen.<\/p>\n<p>Statens vegvesen har lagt ut <a href=\"https:\/\/www.vegvesen.no\/fag\/publikasjoner\/hoeringer\/25-332182-overtredelsesgebyr-for-avrenning\/\" ec-id=\"https:\/\/www.vegvesen.no\/fag\/publikasjoner\/hoeringer\/25-332182-overtredelsesgebyr-for-avrenning\/\" ec-name=\"h\u00f8yringsforslag\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">h\u00f8yringsforslag<\/a> med frist i februar.<\/p>\n<p>\u2013 Sidan denne saka no er p\u00e5 offentleg h\u00f8yring, ser Statens vegvesen fram imot at aktuelle akt\u00f8rar kjem med sine svar p\u00e5 forslaget, seier seksjonssjef Holm i Statens vegvesen.<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\">\n<li><img alt=\"Ein mann som snakkar\"  width=\"3840\" height=\"2159\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Sj\u00f8matbedriftene\n      <\/p>\n<p>Administrerande direkt\u00f8r i Sj\u00f8matbedriftene, Robert Eriksson<\/p>\n<p>Sj\u00f8matbedriftene synest det blir for enkelt fr\u00e5 transport\u00f8rane \u00e5 rope p\u00e5 tette kassar. Problemet med tette kassar er at om du f\u00e5r smelting av is, s\u00e5 vil fisken bli liggjande i vatn, og det vil gjere at maten ikkje tilfredsstiller dei krava som Mattilsynet set. I dei tilfella smelting av is skuldast transport\u00f8ren, s\u00e5 m\u00e5 ogs\u00e5 dei i dei tilfella bere det \u00f8konomiske tapet.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Mann sitter ved kontorpulten foran en datamaskin. \"  width=\"3840\" height=\"2162\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Sj\u00f8mat Norge\n      <\/p>\n<p>Direkt\u00f8r for internasjonal avdeling i Sj\u00f8mat Norge, Trond Davidsen<\/p>\n<p>Bruk av tette kassar kan umiddelbart framst\u00e5 som ei enkel l\u00f8ysing, men dette kan vera ei utfordring fordi fisken ikkje skal bli liggande i eit vassbad.<\/p>\n<p>Me har fleire gongar oppmoda medlemsbedrifter til \u00e5 s\u00f8rga for god nedkj\u00f8ling av fisken f\u00f8r pakking, og til at traller p\u00e5 vogntog er godt nedkj\u00f8lte f\u00f8r lasting. Me har ogs\u00e5 bede bedriftene vurdera bruk av vogntog med oppsamlingstankar for smeltevatn.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Kontroll med statens vegvesen p\u00e5 Berk\u00e5k \"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        J\u00f8te Toftaker \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Seksjonssjef for utekontroll i Statens vegvesen, Roy Harald Holm<\/p>\n<p>V\u00e5r vurdering er at talet med bruksforbod for avrenning fr\u00e5 fisketransport er veldig h\u00f8gt. Dette er ogs\u00e5 noko av grunnlaget for at det no ligg f\u00f8re eit forslag om strengare sanksjonar av slike regelbrot.<\/p>\n<p>Sidan denne saka no er p\u00e5 offentleg h\u00f8yring, ser me fram imot at aktuelle akt\u00f8rar kjem med sine svar p\u00e5 forslaget. I oppsummeringa etter h\u00f8yringa vil me vurdere innspela og kommentere desse n\u00e6rare.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Administrerende direkt\u00f8r, Norges Lastebileier-Forbund\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Christian Nygaard-Monsen \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Administrerande direkt\u00f8r i Norges Lastebileier-Forbund, Knut Gravr\u00e5k<\/p>\n<p>Transport\u00f8rane er fanga i eit krysspress mellom Mattilsynet, vegmyndigheitene og politiet. Uansett kva dei gjer, bryt dei reglane. Dette er uhaldbart, seier Gravr\u00e5k i ei pressemelding.<\/p>\n<p>NLF meiner avrenning er eit emballasje- og produksjonsproblem. Mange transport\u00f8rar mottar fisk som ikkje er kj\u00f8lt godt nok ned, og som vert pakka i kassar med opning til at smeltevatn kan renna ut.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>03.12.2025, kl. 05.32<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Kvart \u00e5r fraktar vogntog enorme mengder norsk laks ut av landet. Men n\u00e5r isen smeltar i lasterommet, renn&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":102867,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-102866","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/115654180417283112","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/102866","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=102866"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/102866\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/102867"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=102866"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=102866"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=102866"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}